Gå til innhold
Arkivverket

[#32356] Elisabeth Paulsdotter (1751)/Trond Johannesson (1777) -til Bergen el. Ytre Sogn?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein ny skikkeleg ''nøtt'' har dukka opp i Hafslo:Elisabeth Paulsdotter, fødd på Joranger nedre i Hafslo kring 1751, dotter av Paul Trondson og Ragnhild Einersdotter, vart konfirmert i Hafslo i 1768 og fekk to (uekte) søner i Hafslo i 1777 og 1782. Ho vert ogso nemnd som kreditor i eit skifte på garden Høgi i Hafslo i 1800, men bustaden hennar er då ikkje nemnd. Rett nok hadde ho ei fullsøster og ei halvsøster som båe budde på Høgi i 1801, men Elisabeth er ingen stader å sjå. Einaste ''kandidaten'' som eg kan sjå i 1801, er den Elisabeth Paulsdotter som i 1787 gifte seg i Bergen med enkjemannen Johannes Arneson (1743-1813), sjølv barnefødd på garden Eide i Luster!? Denne Elisabeth er på rett alder, og ho døydde i Bergen 1.11.1818.Den eine av dei to sønene hennar døydde straks etter fødsli, men hin sonen voks opp:Trond Johannesson, døypt i Hafslo 27.1.1777, son av Elisabeth og Johannes Augundson som sidan var husmann på Jøhus under garden Høgi i Hafslo. Trond vart konfirmert i 1793 og budde då på Jøhus hjå far sin, men heller ikkje Trond er nokon stad å sjå i 1801! Flytte han til Bergen eller kan han vera faren til Gulen, Solund, Askvoll eller Kinn slik som so mange andre ungdomar på den tidi gjorde??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1815 for Bergen har ganske uventa sytt for svar på det meste av problemet mitt: Då var nemlig Elisabeth Johannessen busett i same huset som Johannes Arnesen og Elisabeth Paulsdotter åtte i 1801, og ho har med seg sonen Trond Johannessen (Jordanger)! No kan me ''koka ned'' dette spørsmålet til berre å omfatta lagnaden til Trond og kona hans, Martha Andersdotter, sjå tema #32357 i Arkivforumet!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.