Gå til innhold
Arkivverket

[#32385] Søren Monsson Hauge, f. Gloppen 1855 -opphav til foreldri hans og lagnaden hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Amerika har eg fått opplyst at:Søren Monsson Hauge var fødd i Gloppen 28.2.1855, og FT1865 syner at foreldri hans var:Mons Christenson på Hauge ytre, fødd Gloppen 1815, og Eli Gabrielsdotter, fødd Gloppen 1811.Kan einkvan med lokal kunnskap hjelpa meg med følgjande:* Frå kva gard i Gloppen hadde Mons Christenson opphavet sitt?* Frå kva gard i Gloppen hadde Eli Gabrielsdotter opphavet sitt?Søren Monsson Hauge utvandra til Amerika i 1876 og vart ein av grunnleggjarane av Belleview Lutheran Church nær Howard, Miner Co., SD. Han gifte seg med Malena Peterson, og dei fekk seks døtrer i lag. Men Malena døydde i 1895 berre 36 år gamal, og i ei beretning frå 1914 (Nordfjordlaget i Amerika?) vert det fortalt at ogso Søren då var avliden ''på Vestkysten''!* Er det nokon som sit med opplysningar om lagnaden til Søren Monsson Hauge i Amerika?Eldste dotteri var berre 11 år då mori døydde, og eg har so langt berre funne att ei av jentene, gift og busett i Kingsbury Co., SD, men det er ei anna sak...Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Har ingen lokalkunnskaper her Lars, men Fam.search har reg. en Mons Christensen døpt 28-8-1815 i Gloppen med foreldre Christen Johnsen og Anna Maria Monsdtr. De gifter seg 1810[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=GLOPVIGD&gardpostnr=2492&merk=2492#ovre>Lenkeog videre ei Eli Gabrielsdtr. døpt 11-8-1811 i Gloppen med foreldre Gabriel Abrahamsen og Oline Larsdtr. som gifter seg 1808

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Mons Kristenson var frå Solheim i Gloppen (altså ikkje Solheim i Hyen), og var gift med jordajenta på Ytre Hauge nr 1, Eli Gabrieldtr Hauge.Bygdeboka skriv berre at Søren utvandra til Amerika, men eg skal sjekke litt meir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten og Aase for gode og interessante innlegg.Og den som leiter, han finn...:Når det gjeld lagnaden til Søren i Amerika, har eg nettopp funna han att i FT1900 under namnet Samuel Hange(!). Han var attgift med ei Rachel, fødd i Noreg i april 1875 som utvandra i 1893 og budde framleis i Howard, Miner Co., SD.MEN, som enkje gifte Rachel Hauge seg att i Victoria, BC 26.11.1915 med Ole O. Tystad (mon ikkje han ogso var nordfjording...?), og i FT1930 finn eg Rachel Tystad som enkje i Seattle, King Co., WA. Ho døydde forresten i Alameda Co., CA 25.2.1961, og då vert fødselsdatoen oppgjeven til 4.3.1875. Eg vil gissa på at ho heitte anten Ragnhild eller Rakel og var fødd i Gloppen ho òg??MEN, interessant i FT1930 er at Rachel Tystad då hadde to døtrer buande hjå seg, Edna HAUGE fødd i SD 1905/1906 og Ruby HAUGE fødd i WA 1907/1908. Dette tyder at Søren ''Sam'' og Rachel flytte kring 1906/1907 til Washington og truleg til Seattle!So, me kjem stadig nærare målet...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.