Gå til innhold
Arkivverket

[#32401] Bottolf Andersen og Marie Christensdotter Klingenberg i Bergen 1771 - og so kva?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Bottolf Andersen, døypt i Hafslo i Sogn 14.3.1734, flytte som soldat til Bergen der han gifte seg første gongen 30.11.1760 med ei Martha Iversdotter, fødd kring 1730. Ho vart gravlagd i Bergen 31.8.1767 etter barselseng, og Bottolf gifte seg so att i Bergen 10.11.1771 med Maria Christensdotter Klingenberg frå Bergen. Ho var dotter av dikselmann Christen Klingenberg (som døydde i 1772, 74 år gamal!) og kona Kirsten Hansdotter og vart døypt i Bergen 2.1.1733. Bottolf var dikselmann og budde på ''Blegen'' i Krosskyrkjesokni i Bergen, men eg ser ikkje noko meir til korkje han eller Maria etter 1771, so kvar vart dei av?? Kanskje dei flytte til Askøy eller Fana?Eg har funne desse borni, fem frå første ekteskapet og eitt frå det andre:a. Synneva Bottolfsdotter, fødd i Bergen 20.2.1761, er kan henda identisk med den Synneva Bottolfsdotter som 11.1.1789 gifte seg med borgar Nils Eriksen, men sikker er ikkje!?b. Guri Bottolfsdotter, fødd i Bergen 14.7.1762, er nok identisk med den Gurine som 29.11.1789 gifte seg i Bergen med dikselmann og fiskevrakar Peder Einersen, opphavleg frå garden Solvi i Hafslo (1759-1801).c. Iver Bottolfson, fødd i Bergen 17.1.1765, vart gravlagd i Bergen 22.7.1766.d. Iver Bottolfson, tvilling, fødd i Bergen 19.8.1767, vart gravlagd i Bergen 15.10.1767.e. Lars Bottolfson, likeins tvilling og fødd i Bergen 19.8.1767, vart gravlagd i Bergen 30.9.1767.f. Christen Bottolfson, fødd i Bergen 18.5.1770, vart gravlagd i Bergen 6.9.1771.I tillegg til å finna ut kva lagnad Bottolf of Maria fekk, er eg òg interessert i opphavi til båe konene, Martha Iversdotter og Maria Christensdotter Klingenberg. Kanskje Christen Klingenberg var sogning??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette tema frå i fjor, som eg divere framleis ikkje har funne noki løysing på. Kanskje nye lesarar av Brukarforum er komne til som dreg kjensel på nokre av desse namni?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for spennande opplysningar! Eg kan ikkje forstå anna enn at du har funne den rette Maria. Då tyder dette òg at Bottolf Andersen må vera avliden før 1801, men eg kan framleis ikkje finna dødsfallet hans i Bergen...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Kanskje ikke så mye nytt til tema, men legger det inn likevel:Ser at den Synneva Bottelsdatter du nevner, blir gift i 1789 i Nykirken. Blant kommunikantene i Nykirken i 1790 finner jeg en Bottel Andersens enke, men det kan være helt tilfeldig…[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=nk1790&gardpostnr=1380&merk=1380#ovre>Lenke og LenkeHer dødsfallet til Christen Klingenbergs kone Kirstine Hansdatter i 1763 Lenke og her dør vel kone nr. 2 Lenke Selv døde Christen i 1772 LenkeHer er vel da Christen Klingenbergs giftermål nr. to i 1764 Lenke.Christen Klingenberg og hans førte kone hadde datteren Anne Malene til dåpen i Korskirken i 1734 Lenke. Selv dukker Christen opp som fadder i Nykirken i 1745

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for interessant innlegg. Denne huslyhden budde i Nykyrkjesokni i Bergen, so det kan godt vera Maria Christensdotter Klingenberg som gøymer seg attom Bottolf Andersen's enkje i 1790. Elles er det påfallande at Christen Klingenberg ALDRI opptrer med farsnamn, og då er det ikkje so lett å gissa kvar han kan vera ifrå...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg har lært at man skal være varsom med å si aldri. For ved denne dåpen i Korskirken i Bergen 02.01.1733, står den samme Christen oppført med Jensen som farsnavn.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for gode svar til mitt ''provoserande'' innlegg! Då veit me at Christen Klingenberg hadde Jens til far, og mistanken om at han hadde røter i Sogndal i Sogn, auker, men noko prov har eg enno ikkje funne!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Her er dødsfallet til Jens Klingenbergs kone i 1778 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=bedo1668&gardpostnr=15365&merk=15365#ovre>LenkeHer er det en Jens Klingenberg som er fadder på et guttebarn døpt Søren i Nykirken i 1739 Lenke.Her er det en Andreas Klingenberg som er fadder sammen med en Johan Dahl – kan sistnevnte være svigerfaren til Jens Klingenberg som gifter seg med Karen Johansdatter Dahl (se forrige innlegg) Lenke og her er også Andreas Klingenberg nevnt Lenke.Finner også en Mette Klingenberg og en Anna Klingenberg som er faddere i Korskirken. De står begge oppført som Jonas Nitters kone Lenke og

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.