Gå til innhold
Arkivverket

[#32404] Sivert Johannesson Slettom i Lesja (1801-1880) og huslyden hans - nokre datoar?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Elling Asbjørnson Ormeim (1779-1854), haugianar frå Hafslo busett i Grytten i Romsdalen, hadde ei dotter som flytte til Lesja og ein svigerson som kom frå Lesja! Kan nokon med lokale kjelder hjelpa meg med nokre datoar?* Sivert Johannesson Slettom, gardbrukar, døydde på Slettom i Lesja i 1880, men kva dato?* Kona til Sivert, Marit Ellingsdotter Slettom, gardbrukarkone, døydde på Slettom i Lesja i 1894, men kva dato?* Svogeren til Marit, Johannes Larsson, skal vera fødd på Lien i Lesja i 1814 (han døydde på Sletta i Grytten i 1873). Kva var fødselsdatoen, eventuelt dåpsdatoen, hans?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Hei Lars. Sivert Johannesson død 2.3.1880; Marit Ellingsdotter død 6.11.1894. Eg reknar med det er Johannes Larsson g. 1829 m. Marit Roesdotter du skal ha fødselsdatoen til. Han var født i Sy Lie på Lesjaskogen (Bygdebok for Lesja bd 1 s. 280) 7.3.1810 (døypt 8.4.).Mvh, Arnfinn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfinn for interessante opplysningar.Dei to første var full klaff, men eg trur du har feil Johannes Larsson!? ''Min'' Johannes gifte seg i Grytten 28.6.1837 med Gjertrud Ellingsdotter Ormeim...!Har du andre forslag til fødsels- eller dåpsdato for Johannes Larsson?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venløeg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Sorry - eg blingsa i farten. Johannes f. 7.3.1810 _vart_ g. 1837 m. Gjertrud Ellingsdtr. - i alle fall slik eg rekonstruerte desse familiane for om lag 20 år sidan, bygd på avskrifter frå kyrkjeboka for Grytten i bygdebokarkivet på Lesja (det var bror hans, Lars, som vart g.m. Marit Roesd.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Arnfinn for gode og nyttige innlegg! Då er ogso denne opplysningi i boks, og eg har det som eg treng å vita om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.