Gå til innhold
Arkivverket

[#32406] Arne Jensen, vektar, gift Bergen 1817 med enkja Anna Magnusdotter - kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Arne Jensen, døypt i Hafslo i Sogn 8.2.1767, gifte seg første gongen i Hafslo 13.10.1800 med Gjertrud Simonsdotter, døypt i Hafslo 26.5.1765. Dei flytte snart til Bergen der Arne var vektar. Men Gjertrud døydde 24.8.1807, og Arne gifte seg att i Bergen 23.8.1812 med:enkja ANNA MAGNUSDOTTER.Arne og Anna busette seg i 1. rode nr. 92 (jmf. FT1815), og der går det fram at Anna Magnusdotter må vera fødd på 1760-talet!?Men kven var ho? Og kven hadde ho vore gift med?Det døydde ein Arne Jensen, vektar, i Bergen 10.7.1845. Han var 96 1/2 år gamal og budde då i 1. rode nr. 128. Alderen er kraftig overdriven, men eg trur likevel det er han. Men eg finn ikkje noki Anna Magnusdotter mellom dei avlidne i Bergen som eg tykkjer høver...!? So: kvar vart ho av?Eg vonar at einkvan kan ha vore borti desse folki og kanskje kan hjelpa meg løysa dette problemet?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

Eg har kikka litt på dei Anna/Anne Magnus. som var g i passande tidsrom før og etter 1800, og etter elimin. kom eg fram til at det måtte vera Anne M. g i 1809 m Cornelius Persen, som seinare vart g.m. Arne: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=16476&merk=16476#ovre>Lenke Trur det er same Cornelius som døyr i 1811:LenkeSjølv om alderen er vel høg,lurer eg på om det er Anne som døyr i 1840:LenkeOm ein går ut frå alderen hennar i 1815, er dette den kandidaten som høver best mellom døypte i Bergen:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for interessante opplysningar. Eg har studert dei ulike postane og er samd i at det må vera ho som døydde i 1840, ingen tvil om det, men desse aldrane kan me visst ikkje heilt stola på...!Det ser ogso ut til å passa bra med Cornelius Pederson som første mann hennar, men når det gjeld opphavet til Anna Magnusdotter, ser eg av FamilySearch at det er mange jenter med same namnet som er fødde i og kring Bergen i 1760-åri, so der trur eg me treng litt fleire element for å kunna avgjera kven som er den rette!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.