Gå til innhold
Arkivverket

[#32416] Rasmus Martin Bisgaard, fødd i Bergen 1778 - kvar vart det av han og borni hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Rasmus Martin Johannesson Bisgaard, fødd i Bergen 22.11.1778, gifte seg i Bergen 12.10.1800 med enkja Maren Bremer Nilsdotter Kofoed, døypt i Hafslo 16.4.1778. Rasmus var skomakararbeidar, og parfolket budde i 22. rode nr. 66 der Maren døydde 28.9.1818. Dei fekk sju born i lag; to av dei døydde kort etter fødsli, og to andre vart gifte og budde i Bergen, men desse tre veit eg ikkje noko om i det heile:* Anna Cecilia Rasmusdotter Bisgaard, fødd i Bergen 1.12.1801.* Elling Olai Rasmusson Bisgaard, fødd i Bergen 16.10.1806.* Johannes Martin Rasmusson Bisgaard, fødd i Bergen 23.1.1816.Desse tre søskeni og far deira ser ut til å vera flytte frå Bergen ein eller annan gong etter 1818, men kvar i all verdi vart det av dei? Kanskje til Askøy eller Fana eller Sund??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg takkar Roald for ei interessant tilleggsopplysning om Rasmus Bisgaard. Truleg har han vore ute og slost i svenskekrigen, men han kom jo attende til Bergen etter den tid!Eg finn ein Rasmus Johannessen som døydde som almisselem i Bergen 9.1.1849, 73 år gamal. Kan dette vera ''vår'' Rasmus som har ''droppa'' Bisgaard-namnet? Alderen høver jo bra...Eller er det nokon som har andre tips om lagnaden til Rasmus og/eller dei tre forsvunne borni hans?På førehand takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.