Gå til innhold
Arkivverket

[#32426] S&F: Eirik Sjurson, f. ca.1750 Luster – d. 1795 Eide, Solund – Opphavet hans?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Ifølge Bygdebok for Solund skulle Eirik Sjursen, f. 1749 vere i frå Lyster (Mil. Rulle). Han vart gift 1779 ([url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/igi/individual_record.asp?recid=100216195120&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=Norw9SoFj&juris2=SoFj&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=Sogn+Og+Fjordane&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>Lenke) m. Synneve Olsdtr. Stokkevåg (1751-1802: Lenke) og dø 1795 (Lenke). Skifte var gjort opp same året.Dei hadde døypte 5 born (ingen innførde som døde ifølge bygdeboka), 3 levde etter faren:1) Sjur, f. 1780, d.1807: Lenke2) Kari, f. 1787, d. 1821 (Lenke), g. 1809 m. Sjur Gregoriusson Byrknes (1786-1870) (han er kalla Rasmusson i bygdeboka, men det må vere feil). Dei budde på Rød i Gulen, 3 born. Sjur g. seg oppatt to gonger til (4+1 born).3) Johanna, f. 1789, d. 1842, g. 1817 m. Fredrik Fredriksson Steindal (1786-?). 6(7) born.I tillegg til dei nemnde borna gir FS andre moglege (som vi også finn døde i Gulen):4) Ola, f. 1782, d. 1782: Lenke5) Magnhilde, f. 1784, d. 1784: Lenke6) Magnhilde, f. 1785, d. 1786: Lenke******************== Då kan dette vere ein kandidat for Eirik Sjursen, dp. 11.05.1752 i Luster: Lenke (som er oppkalla etter ein yngre bror: Lenke). Foreldra er Sjur Olsen og Kari (Karen) Arnesdtr.== Kva gard kom Eirik frå? Dale er nemnd her:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
  • 4 uker senere...
Gjest Jon Sværen

I eit søk i Fylkesarkivet i SF på fødte frå 1740-1760 i heile fylket finn EG kun 2 stk med navnet Erik Sjurson. Ein frå Loven, Aurland f. 11.4.1745 og ein frå Valsvik, Arnafjorden, Vik Kommune f. 5.1.1751.I Gards- og Ættesoga nr 4 om Vik i Sogn av Gudmund Balvoll, som kom ut sist haust, står det på s. 33: Sjur f. 1752. Far: Sjur Erikson Valsvik (1720-1752) og mor: Sigrid Rognaldsdtr Flete (1725-1803). Sigrid vart attgift alt i 1753, så guten kom fyrst til Lindehagen, seinare Bale i Balestrand.EG er noko USIKKER på om denne informasjonen kan hjelpa deg !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Gisle Hersvik

Takk for innlegg Jon,Eg hadde ikkje lagt merke til at det var komme eit nytt innlegg her før no.Sjur Loven kan då vere den Siur Erichs. som 7.4.1744 vart gift med Anne Ingebrigtdtr?Men eg veit ikkje om Aurland er eit bedre spor enn Luster. Får søke litt vidare...M.v.h. Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Gisle Hersvik

Bør kanskje legge til at foreldra til Synneve Olsdtr. Stokkevåg heitte Ola Torsson (f. Steinsund) og Magnhild Kristoffersdtr (f. Råke), slik at vi kan sjå kven som er oppattkalla. Borna vert då i rette rekkefølge (eldst-yngst):Sjur, Ola, Magnhild (2 ggr), Kari og Johanna.Så foreløpig ser Eirik Sjursen, dp. 11.05.1752 i Luster ut til å vere ein god kandidat!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Her dukka det opp eit nytt spennande tema, som eg før har oversett!Eg kan stadfesta at Erik Sjurson Eide VAR døypt i Luster 11.5.1752. Han var son av husmann Sjur Olson på plassen Bakken under Ottum i Luster og kona Kari Arnesdotter, som me diverre ikkje kjenner opphavet til.Eg har ikkje vore merksam på at Erik Sjurson flytte til Solund. Han berre ''forsvann'' herifrå, men dei fleste opplysningane som eg treng om denne karen, kjem fram her i dette tema. Eg saknar berre desse detaljane:* Dato og stad for dødsfallet til Sjur Gregoriusson på Byrknes (1870)?* Dødsdatoen til Johanna Eriksdotter på Steindal (1842)?* Dato og stad for dødsfallet til Fredrik Fredrikson på Steindal (e. 1842?)?* Kor mange born fekk Johanna og Fredrik på Steindal - seks eller sju?~~~~~~~~~~Men eit par andre spørsmål dukkar òg opp:Erik Sjurson hadde to yngre søsken som òg ''forsvinn'' frå Luster i ung alder:* Anna Beathe Sjursdotter, døypt i Luster 2.3.1757* Christen Sjurson, døypt i Luster 23.10.1762Ser du, Gisle (eller andre), noko til desse to søskeni til Erik Sjurson i Solund eller Gulen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars og takk for bekreftelse av Erik Sjursen sitt opphav.- Sjur Gregoriusson, f. 20.3.1786 Byrknes, Gulen, dø 23.10.1780 Rød, Gulen (han hadde då vore enkemann i nesten 20 år, tredje kona dø 22.12.1851)- Johanna Eriksdotter og Fredrik Fredrikson sine dødsdatoar har eg ikkje enno!- Johanna og Fredrik på Steindal fekk i alt 7 born, det første døfødd.(Uten at eg har sjekka opp noko meir rundt dette, så er det ei Anna Sjursdtr som gifter seg i 1794; Lenke. Både FT1801 og dødsalder i 1825 tilseier at ho er f. 1752, men nokon Christen Sjursson kan eg ikkje huske å ha sett noko til)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Fredrik Fredrikson d. 5/10 1844. Johanna Eriksdtr. d. 19/10 1841 Om borna deira er følgjande å fortelja: a) Magnhild, f. 7/1 1819, d. ugift 11/4 1846 b) Fredrik, f. 3/9 1819, g. 30/6 1848 m. Synnøve Olsdtr. Hardbakke. Gardbrukar i Steindal. c) Synnøve, f. 11/4 1824, g. 28/5 1853 m. Johannes Johannesson Tangenes. Plassmann på Storøy. d) Sjur f. 22/1 1827, d. 13/4 1846 e) Trine, f. 13/6 1830, d. 4/4 1846 f) Oline f. 16/12 1833, g. 28/3 1862 m. Johannes Johannesson Ravnøy. Husmann i Steindal til 1865, flytta då til Kinn. I løpet av vel ei veke i 1846 bar dei altså ut 3 av ungdommane i heimen. Presten skriv som dødsårsak: nervefeber.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle og Alf for gode utfyllande opplysningar om Erik Sjurson og huslyden hans.No er det ''jakti'' etter Anna og Christen som står for tur. Er det mogeleg å finna ut meir om denne Anna Sjursdotter som du Gisle har funne?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ja takk til Alf for alle datoar og årstal.Eg gløymde å sjekke dette giftet som involverer ei Anna Sjursdtr, men Hyllestad Bygdebok er vel ein stad å starte leitinga (Bø Indre og Lia). La meg sjekke dette i kveld.M.v.h. Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ser no at eg har denne Anna S. Lien i slektsprogrammet mitt. Og denne Anna Sjursdtr har eg notert som Anna Sjursdtr Brosvik (1752-1825), g. I i 1778 m. Rasmus Johannesson, f. Lågøy (1720-1793), g. II i 1794 m. Ivar Hansson Bøe Indre (1765-1825). Dei var bst. Lien, Solund.Anna S. Brosvik kan sjølvsagt vere ei dotter for Sjur Andersson på Sygnefest (men dette får eg sjekke i kveld, ref. Gulen Bygdebok).Det var muligens born, i alle fall, i første ekteskapet, men eg har i så fall ikkje fått desse med i ”programmet” mitt! Søk på FS kan fort gi borna til Rasmus Johannesson, f. Lågøy (1753-1788) og bst. Lågøy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Rasmus Johannesson hadde 5 born i fyrste ekteskapet med Sygni Olsdtr. Lien, men ingen av dei levde då det var skifte etter Sygni i 1777, og ingen av dei hadde etterkomarar. Rasmus og Anan Sjursdtr. hadde ikkje born.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk for opplysningar Alf.Og Anna Sjursdtr var f. 1753 Brosvik, så då må vi leite vidare etter Anna Sjursdtr frå Luster.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.