Gå til innhold
Arkivverket

[#32497] Andreas Monsson og kona hans i Svolvær (Vågan) 1830/1860 - kven var dei?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes Lorentson Høier (1822-1901) frå Overhalla, gifte seg i Vågan 11.1.1850 med:Maren Maria Andreasdotter frå Svolvær.Maren Maria var fødd kring 1829, og far hennar var Andreas Monsson, men kven var mori og kvar var dei ifrå?FamilySearch syner at ein Andreas Monsson i Svolvær med kona Johanna Everine Steensdotter fekk ei dotter Johanna Sophia, fødd 28.3.1844.FamilySearch syner òg at ein Andreas Monsson i Svolvær med kona Johanna Henriksen fekk ei dotter Anna Johanna, fødd i 1839 (utan dato), og ifølgje same kjelde vart Andreas Monsson og Johanna Henriksen gifte i 1838.FT1865 syner ei Johanna Henriksdotter, gift, men buande åleine som tenestejente på Digermulen i Vågan, fødd i Bø i Vesterålen 1809, men eg finn ikkje nokon Andreas Monsson nokon stad i heile fylket som høver som ektemann eller far til Maren Maria!So då er spørsmålet om nokon i Brukarforum med lokal kunnskap kan hjelpa meg identifisera denne Maren Maria og foreldri hennar?Eg er ogso interessert i opplysningar om lagnaden til Maren Maria. Ho døydde i Svolvær før 1860, for 5.1.1860 gifte Johannes Høier seg att i Vågan med enkja Anna Larsdotter (1811-1898) frå Hafslo i Sogn. Men kva tid døydde Maren Maria? Og kva born fekk ho med Johannes Høier? Eg veit om ein son Albert fødd 1850 eller 1851 og ei dotter Julia fødd 1853, men kanskje det var fleire?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Michael Moum

Andreas Monsen, døde 23.11.1862 i Svolvær og kona Johanna Steensdatter f. omkr 1802 på Hopen, Vågan, d. 10.7.1875 i Svolvær.Johannes Høier og kona Maren Andreasdatter hadde også sønnen Helmer Lohmann Høier, f. 12.12.1849. Han bor i FT 1900 i Båtsfjord [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f02028&gardpostnr=81&personpostnr=585&merk=585#ovre>Lenke FT 1875

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Michael for nyttige og interessante opplysningar! Eg tolkar innlegget ditt slik:* at Johannes Høier og første kona Maren Maria i alt fekk tre born?* at Johanna (Everine) Steensdotter var mor til Maren Maria?Eg vonar du kan stadfesta desse konklusjonane mine; samstundes lurer eg på:* Dersom Helmer Lohmann Høier var fødd i desember 1849, må Albert Julius Høier vera fødd i 1851, men var fødselsdatoen hans 6. eller 7. mars?* Er det mogeleg å finna nøyaktige fødsels- og dødsdatoar for Maren Maria Andreasdotter?* Kva gard i Vågan hadde Andreas Monsson opphavet sitt ifrå?* Og endeleg, kva yrke hadde Andreas Monsson?Eg takkar på ny for gode opplysningar, og vonar at nokre av dei manglande detaljane òg kan finnast!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Michael Moum

Andreas Monsen er fra Eikevig som ligger ved Bergen. De gifta seg 7.6.1824 i Vågan kirke [url="http://trekilen.com/xls/Vaagen_1824.xls>http://trekilen.com/xls/Vaagen_1824.xlsMaren Maria sin konfirmasjon i 1844 http://www.geocities.com/vaagan_2000/k1844-45.htmMarthinus Steen konfirmert i 1847 http://www.geocities.com/vaagan_2000/k1846-47.htmLars Nicolai konfirmert 1852

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Michael for nye spennande opplysningar!Eg har studert dei ulike linkane, men råkar snart borti nye spørsmål:* Eg spekulerer på garden Eikevig som du seier ligg ved Bergen. Ein Eikevig-gard ligg i Fjaler (Ytre Holmedal) i Sogn og Fjordane, medan ein annan ligg i Suldal i Rogaland, men ingen av desse gardane syner i 1801 nokon Mons! Kva Eikevik-gard var so Andreas Monsson ifrå?* Konfirmasjonslista stadfester at Maren Maria verkeleg var dotter av Andreas Monsson og Johanna Everine Steensdotter, men har du nøyaktige datoar på Maren Maria - for fødsel og død?Eg takkar nok ei gong for framifrå opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i dag gjerne få trekka fram att denne saki, samstundes som eg vil gjenta eit spørsmål, som sovidt vart nemnd ovanfor (under #3), og som eg frykter kan ha vorte oversett:* Eg har notert; eg trur det må vera frå kyrkjeboki i Vågan, men eg er ikkje 100% sikker, at Albert Johannesson Høier var fødd i Vågan 7.3.1851, men skyldfolk påstår at datoen ''skal vera'' 6.3.1851. Er det nokon som har tilgjenge til denne kyrkjeboki for å sjå kva som retteleg står der, eventuelt kva som er oppgjeve ved konfirmasjonen?Nok ein gong takkar eg so mykje for all god hjelp med dette problemet!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Michael Moum

6.3.1850 har jeg notert fra gravsten på Svolvær kirkegård.Hvor Eikevig ligger hen vet jeg ikke, går utfra at det må ligge i Bergen stift. Andreas bør ikke nødvendigvis bo på dette stedet i 1801. En annen mulighet er at han kom flyttende til Svolvær fra Eikevig.Andreas nevnes som husmann i Svolvær. Drev vel med fiske som de fleste gjorde på den tiden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Michael og Rune for nye interessante opplysningar.No forstår eg kvar datoen 6.3.1851 (eller 1850) er komen ifrå! Då er nok 7.3.1851 den riktige datoen her ifølgje kyrkjeboki, men heilt sikker kan ein vel ikkje vera før kyrkjeboki er dobbelsjekka! Ein ekstra blekklatt kan forresten fort få eit sjutal til å sjå ut som eit nital...Når det gjeld Andreas Monsson og garden Eikevik, er me vel i grunnen like langt. Er det nokon som veit kor gamal Andreas Monsson var då han døydde i Svolvær i 1862?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.