Gå til innhold
Arkivverket

[#32528] Ole Hansson Stenen, fødd i Vågå 1847 - utvandra 1874 - kven var foreldri hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Hansson Stenen, 27 år gamal, utvandra i 1874 frå Vågå til Byron, MN.Dødsattesten hans syner at han var fødd 23.12.1847 og var son av Hans Steen og Kari Holby.Foreldri hans var truleg Hans Hansson og Kari Olsdotter, husmannsfolk (1865) på Stenen under Lundelien i Vågå!?Er det nokon med lokalkunnskap i Vågå som kan stadfesta følgjande:* Ole Hansson var fødd 23.12.1847 i Vågå?* Faren heitte Hans Hansson? Kva gard i Vågå var han ifrå?* Mori heitte Kari Olsdotter? Kva gard i Vågå var ho ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

WOOPS: Eg les på ny gjennom obituary'en til Ole Hansson Stenen og oppdagar at den oppgjev fødselsdato 23.9.1847, so då er det eit spørsmål, kva som er rett fødselsdato??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for fleire interessante innlegg om denne huslyden.Det kan vel ikkje vera mykje tvil om at du har funne rette foreldri, men det er to spørsmål som framleis står utan forklaring:* Medan huslyden i 1840-åri tydeleg har butt på ''Stenen'' under Sundelien i Vågå, er dei i 1865 på ''Aspestuen'' under Vågå prestegard, og då sonen Paul utvandra i 1879, heitte han ''Stuen'' og ikkje ''Stenen''. Er det mogeleg å stadfesta at foreldri flytte frå eine staden til hin?* Når det so gjeld opphavet til mori Kari Olsdotter, stiller eg meg spørjande til om du Rune har funne rett person. Frå Amerika vert namnet HOLBY nemnt, og det er jo eit gardsnamn i Vågå. Dessutan er det ulik alder på Kari Olsdotter i vigsli og i FT1865. Finst det òg ei Kari Olsdotter Holby fødd i Vågå kring 1826?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg har sjekket døpte i Vågå gjennom Oppland arkivverk. Der er mange Kari Olsdatter døpt i Vågå, også rundt 1826.Men jeg finner ingen født/døpt verken på Holbø, Holbøeje eller Holbøsveen med en far som heter Ole.Kan det tenkes at Kari har flyttet dit senere? Når det gjaldt mitt funn i innlegg nr.6, tok jeg utgangspunkt i alderen ved ekteskapet se innlegg nr.5.Du må vel innom kirkeboka for å få sjekket ekteskapet mellom Hans og Kari for å få svar på ditt spørsmål.Der er vel kanskje et historielag i området du kan kontakte. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

I tilleg til den Kari Olsdatter jeg fant født i 1817, fant jeg disse alternativene hvor faren het Ole Hansen.1. Kari f.15.10.1821, Ole Hansen Sandoejet-Rønnov Thoresdtr.2. Kari f. 23.04.1824, Ole Hansen Klippeejet nordre- Ragnhild Knudsdtr.3. Kari f. 11.02.1828, Ole Hansen Harlougeje- Ingeborg Larsdtr.4. Kari f. 20.11.1828, Ole Hansen Herigstadeje- Kari Iversdtr. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.