Gå til innhold
Arkivverket

[#32606] Hans Olson, fødd i Hafslo 1783 - nok ein ''utvandrar'' til Solund eller Askvoll?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Strandsitjar Ole Einerson (1748-1814) og kona Malena Hansdotter (1741-1811) budde i Solvornstrondi (Skothella) i Solvorn i Hafslo. Dei fekk ein einaste son:* Hans Olson, døypt i Hafslo 5.10.1783.Hans budde i Solvornstrondi i lag med foreldri sine i 1801, men sidan ser me ikkje noko meir til han her i bygdi, korkje som vigd eller avliden, og heller ikkje finst det skifte etter foreldri! Kan han liksom so mange andre på den tidi vera faren til Solund eller Askvoll? Eller kanskje til Gulen eller Kinn?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Nina for innlegg!Diverre er det i fylkesarkivet sine databaser ofte berre oppgjeve ein ''tentativ'' alder ved vigslene utifrå eit gjennomsnitt. Om du ser i ætteboki for Leikanger, vil du oppdaga at både Hans og Trine var vesentleg eldre enn det basen her gjer framlegg om!Men alle tips vert sjekka, og eg er takksam for forslaget ditt, Nina!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.