Gå til innhold
Arkivverket

[#32646] Knut Gammelson, busett i Hafslo i Sogn i 1680-åri -kvar kom han frå? - Sunnmøre?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein Knut Gammelson kom til Hafslo i Sogn på 1670-talet då han gifte seg med ei stedotter av handelsmannen i Marifjøra, Hans Mikkelson. Knut ser ut til å ha vore gardbrukar på Lad i Hafslo fram til 1686 då Thomas Bratt kjøpte garden, og Knut laut bort.Eg har ikkje funne korkje opphavet eller lagnaden til Knut Gammelson, men Gammel-namnet er svært uvanleg og finst stort sett berre (ifølgje FT1801) i Vestre Moland i Aust-Agder, i Valle i Vest-Agder og i Norddalen og eit par andre bygder på Sunnmøre. Sunnmøre høyrest kanskje mest truleg ut, men ein veit jo aldri...Er det mogeleg no over 300 år seinare å finna ut noko om Knut Gammelson og huslyden hans? Eg vonar i det lengste og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

I manntall 1663-66 for Stavanger amt II har jeg også funnet navnet Gammel LenkeIflg. FS/IGI er det en Knut Gammelsen som blir født 1614 i Vats, Rogaland, sønn av Gammel Knutsen og Kari Svendsdatter, men denne Knut ser ut til å bli gift i Vats i 1644. Men opplysninger i FS må selvsagt sjekkes!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase og Grethe for interessante innlegg. Eg ser det er litt motstridande opplysningar om borni etter Knut, om me samanliknar skifti etter Knut og kona Malena, men eg vonar at Statsarkivet klarar opp i det problemet(?).Elles er me vel like langt når det gjeld opphavet til Knut, men eg held nok ein liten knapp på Norddalen eller Borgund på Sunnmøre, for det var tross alt litt trafikk den vegen på den tidi, i motsetnad til dalbygdene i Agder...! Og at namnet òg finst i indre Nordfjord er kanskje òg ein ''indikasjon''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Namnet Gamel på Sunnmøre er neppe avleidd av Gamaliel. Det ser ut til at namnet bare blei nytta av ei ætt, nemlig etterslekta til Gamel i Dale i Norddal, nemnt 1520. Utanom Gamel i Dale var det bare éin skattytar i Vest-Norge med dette namnet, Gamel på Berstad i Stad skipreide i Nordfjord.Gamel i Dale var fra garden Godøy i Borgund, men budde altså inst på Sunnmøre. Han må vere far til lagrettesmannen Peder Gamelson nemnt 1538 og rimeligvis far til Gamel Pederson på Oggedal i Borgund, som 1586 brukte samme seglmerket som Peder Gamelson. Gamel-namnet levde vidare i Borgund til ut på 1700-tallet (Myklebust, Bjørge og Giskeøygarden).Endre Gamelson på Hellesylt (fødd kring 1580), lensmann i Sunnylven, var nok ein etterkommar av Gamel i Dale. Endre Gamelson har stor etterslekt i Norddal, Sunnylven, Stranda og vidare med, rimeligvis også i Nordfjord. Også i Volda var namnet Gamel brukt fra sist på 1600-tallet (Løndal, Lid og Mork).Dersom Knut Gamelson i Hafslo var sunnmøring, er den mest aktuelle farskandidaten lensmannssonen Gamel Endreson på Øye i Sunnylven, fødd kring 1600. Lensmannsætta fra Hellesylt førte samme seglmerket i fleire generasjonar og over fleire ættledd (svært uvanlig). Rimeligvis hadde Knut Gamelson også eit seglmerke. Er dette kjent?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Det er rett at Gamaliel og Gam(m)el er to ulike namn - det fyrste er bibelsk og det andre norrønt, men 'overbibelske' skrivarar har i fleire høve brukt skrivemåten Gamaliel uansett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Peder Gamlesen forekommer også på Dale i Holm sogn i Veøy. Peder Gamlesen åtte 7 pund odelsgods i 1597, og var den største jordeieren på Dale. Døde ca 1620 og var trolig gift med en Guri som åtte 2 1/2 pund jordegods. Sønnen Gamle Pedersen var bruker 1603-20.Gamle hadde to sønner en vet navnet på: Jacob, odelseier 1621, men senere ukjent, og Tron, 1590-1666. Tron åtte 20 mark, g ca 1626 med enken etter Erik Skruk. Enken eide 3 vog odelsgods som Tron tok over i 1631.Tron hadde 2 kjente barn: Gamle, f ca 1626, var soldat og fikk bot for mytteri i 1652, og Ambjørn Trondsen Dale, 1628-90, som ble neste bruker.Knut og Peder er navn som går igjen blant etterkommerne, men hvorvidt denne Peder Gamlesen på Dale har noen sammenheng med de andre Gamle litt lenger sør i fylket har jeg ikke kjennskap til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Bjørn, Aase og Osvald for nye engasjerte innlegg!Når det gjeld Knut Gammelson og spørsmålet om seglmerke, veit eg ikkje om noko slikt finst. Knut er fleire gonger framme i tingbøkene i indre Sogn, men eg har sendt spørsmålet vidare, so får me sjå om noko dukker opp!Som nokon av dykk sikkert har sett i Arkivforum, so hadde Knut tre døtrer, Inger Margrethe, Anna og Hildeborg. Mormori heitte Inger, men opphavi til dei andre namni er ukjende, og særleg gjeld dette HILDEBORG som er heilt nytt i indre Sogn på den tidi! Finst kanskje dette namnet på Sunnmøre?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.