Gå til innhold
Arkivverket

[#32659] Hjelp til å tyde kyrkjebok for Gol (Hemsedal) Mini 2 (1837-1863)


Gjest Sigrid Breivik
 Del

Recommended Posts

Gjest Sigrid Breivik

Eg viser til god hjelp tidlegare i samband med leiting etter Endre Halsteinson frå Hemsedal : Lenke - tema 10960.No har eg prøvd å tyde ein del av teksten på mikrofilmen(kort) som biblioteket her på Gol har tilgjengeleg. Men det var dessverre ikkje veldig lett, då apparatet ikkje hadde 'zoome'-funksjon. Skal vel heller ikkje unnslå at kopikvaliteten ikkje var veldig god, og mi erfaring med lesing av slik skrift er svært liten - foreløpig.1. Eg har funne ein Endre som konfirmant 21. juni (?)1846, 15 1/2 år (kan stemme bra i forhold til fødselsår) Fødested: Grøndalen (må vera feil, for andre har hjelpt meg med å finne han døpt 13.03.1831 i Norderhov). Foreldre: Hallsten Mikkelsen og Margit Olsdatter. Kan nokon sjå om dette er rett tyda? Dette står som nr. 5 på side 258, har dessverre ikkje notert kortnr.2. Så finn eg under døde og dødfødte i året 1853 og 1854, kort nr. 9/12, side 349, 2. linje ovanfrå (nr. 46): Dødsdato 10. august, begravelse 13. august: 'S...lm... Halsten M.... Grøndalen 53 (?) år, oppholdssted: Grøndalen. Klarar andre å tyde dette betre? Det kan i såfall vera far til Endre.3. Så har vi kort 10/12, side 681, linje 16: Utflyttede 1856: Ungkarl Mi... Halstensen .... 28 (?) år til Wang. Etter det eg kan sjå, står han oppført mellom personar med gardsnamn frå Gol. Er det då 'logisk', i og med at han truleg er frå Hemsedal? Denne karen er i så fall bror til Endre.4. Til slutt har eg funne, på kort nr. 11/12, side 686, linje 39, Utflyttede i 1859, 29. august: Ungkarl Endre Halstensen Ødeg....., Alder: 27 (?) til Nordre Aurdal. Han gifta seg i 1860 med Ingeborg Tollefsdtr. og dei busette seg i Nord-Aurdal, men kanskje noko seinare enn dette. Bør eg då finne han i 'innflytta-lista' i Nord-Aurdal på same tidsrom? Fint om nokon tek seg tid til å tyde dette òg.5: Så til noko eg leita etter, men som eg ikkje fant. Eg er på leiting etter registrering av bryllaup 28.10.1826 i Hemsedal. I følge opplysningar i Hemsedalsboka (side 152), skal det ha vore 8 brudepar denne dagen, og ein av dei kan kanskje ha vore brudgom Halsten Mikkelsen. Kven var brura? Og står fedrenes namn ved registreringa? Eg fant ikkje registrering av bryllaup frå 1820-talet i Gol Mini 1 (1821-1837). Heller ikkje på dei korta som var merka klokkerbok.Dette vart visst mykje i eit innlegg, men eg fant ut at det var betre å ikkje dele det opp, sidan eg held meg til same kyrkjeboka.På førehand takk for god hjelp, alle små 'drypp' er eit steg vidare på vegen.God kveld frå Sigrid på Gol

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Hauger

Jeg vil bare komme med en kommentar til spørsmålet om hvor Endre Halsteinson var født. Nå vet vi altså at Grøndalen i Hemsedal også er oppgitt som fødested da han ble konfirmert (se ellers innlegg 2 i debatt 10960). Da tror jeg det er mest sannsynlig at han faktisk er født der, men at familien har flyttet til Norderhov før han ble døpt ca. 2 1/2 måned senere.Ellers har du vel kanskje funnet denne?LenkeHer kan du klikke deg videre både fra navn og fra linker til høyre på siden (Pedigree og Family). Men for all del, ta opplysningene herfra med en klype salt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigrid Breivik

Takk for innspel, Gunnar Hauger!Ja, eg har sett på dei data du linkar til tidlegare. Men no treng eg altså lesehjelp. 100 % sikre kan vi vel uansett ikkje bli? Så eg må vel slå meg til ro med at han er født i Grøndalen, forøvrig ingen fæl tanke!Synes ellers at det høyrest strabasiøst ut å reise på tur med ein speunge, frå Hemsedal til Norderhov (Hønefoss) på vinteren, for 175 år sidan.Eg håpar fortsatt det er nokon som kan hjelpe meg med tydinga, og kanskje finne fram til dei brudepara frå 1826.Takk!Sigrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Thorleif Solberg

Jeg har ikke kjørkebøkene for Gol, men kan ihverfall bekrefte at Endre er døpt i Haug kjørke på Ringerike. Her opplyses det at Endre er født 24/12-1830 og døpt 13/3-1831. Foreldre hmd, arbeidsmann Halsteen Mikkelsen Ødegaardseiet af Hemsedal Annex til Næs i Hallingdal og hst. Margit Olsdatter En anmerkning er vanskelig å tyde på mikrofilmen da den er kommet i bretten på boka og ikke all skriften er med. Men jeg gjegir hva jeg har kommet fram til: Barnets f.. paa Veien hvor Moderen havde Tilhold ... dens Manden ...Dagens (Ar)beide paa... (Veien er en gard ved Hønefoss). Vennlig hilsen, Thorleif.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigrid Breivik

Tusen takk for svar! Er det Haug kyrkje som ligg ved Norderhov? Eller har det vore fleire kyrkjer i området? Beklager at eg litt dårleg kjent.Og namnet Ødegaardseiet må vera det som er brukt, men som eg ikkje klarte å tyde, då Endre er ført som utflytta i 1859. Her må eg fortsette å leite, for om mogleg å lokalisere denne plassen.Då er det berre å håpe at andre kan hjelpe meg med resten av tydinga!!!God septemberdag fortsatt!! Sigrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Thorleif Solberg

Haug kirke ligger 5 km øst for Hønefoss. Jeg fikk hjelp fra Hallingdal, og fikk fortalt at Ødegård er Nordre Anderdal i Hemsedal. Ødegårdeiet må da være en plass under denne garden. Ei Margit Olsdatter døde på Anderdal i 1841, 40 år gammel.Hun kalles da 'tilhalden'. (Hans Flatin: Hemsedals slektshistorie, s.323). Vennlig hilsen, Thorleif.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Sigrid Breivik

Heisann, ein kjøleg, men fin oktoberkveld.Eg håpar fortsatt på hjelp frå 'skriftlærde' til å lese, særleg på ekteskapet i 1826. Har ikkje klart å finne noko meir på plassen 'Ødegårdseie' i Hemsedal enno, men nye forsøk skal gjerast.Takk til dei som har hjelpt meg så langt!Sigrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Else B. Rustad

Hei, Sigrid! Jeg har sett litt på de aktuelle kirkebøkene og på de innførslene du refererer til i ditt første innlegg. Siden du har delt det opp i punkter fra 1 til 5, så gjør jeg det samme!1. Det som du har funnet i kirkeboka om Endres konfirmasjon, er riktig tydet.2. Begravelsen 13. august står innført på side 549, ikke 349 i kirkeboka. Det står: Selveier Halsten Mikkelsen Grøndalen, og han er oppgitt å være 53 år gammel.3. Den utflyttede var Ungkarl Mikkel Halsteensen Winaasen.4. Den utflyttede i 1859 var Ungkarl Endre Halstensen Ødegaardseie. Det står ingenting om alder, men det står at han var 'f. 24de Decb. 1830 paa Weien'5. Vielse 22. oktober 1826 i Nes og Flå: Halsteen Mikkels., Husmandss(ønn) og Margit Olsdtr., Grdsmdsdtr. Brudgommens føde- og oppholdssted: Kiøstelien. Brudens fødested: Venaasen. Han er oppgitt å være 24 år gammel, sønn av Mikkel Halsteens., og hun er oppgitt å være 23 år gammel, datter av Ole Olsen.Når det gjelder Endres dåp i Norderhov, står det i kirkeboken: Endre, hjemmedøbt, f. 24. December 1830 paa Wejen-Ejet, døpt i Houg 13. (eller 15. ) Marts 1831. Forældre: Halstein Mikkelsen og Kone Margit Olsdatter Øigaard i Hemsedal i Næs Præstegjeld. I anmerkningsrubrikken står følgende: 'Forældrene have ikkun ophold sig her som Arbejdsfolk i Vinter. Attest meddeelt 14de Marti d. A.' Andre innførsler finnes ikke i kirkeboka i forbindelse med denne dåpen. Mvh Else B.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigrid Breivik

Tusen, tusen takk, Else på Kongsberg!!!!!!Det var dette eg trengte. No får eg berre leite meir i bøkene for Hemsedal, for å finne Kiøstelien, og eventuelle opplysningar der. Venaasen veit eg plasseringa på.Grunnen til at bryllaupet er ført i Nes og Flå, er vel at Gol/Hemsedal ikkje var skilt ut som eige prestegjeld enno. Men er det markert at dette er i Hemsedal? Eller var det ikkje rubrikkar for dette, sjølv i 'store' prestegjeld? Eg tenkte på faren for å 'ta feil' brudepar ved slekstgransking, særleg dersom både brudepar og fedre hadde veldig vanlege namn. Det kan jo vera opptil fleire Hans Hansen og Ole Olsen i same kommunen i dag, og då var vel sjansen endå større i dei eldre prestegjelda, sjølv om dei opplyste om bustadplass.Men eg reknar med at dette paret er ganske sikkert, då brudgom og far har litt uvanlege namn.Fortsatt god oktoberdag, og igjen; takk for hjelpa!Sigrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.