Gå til innhold
Arkivverket

[#32665] Dødsmeldingar Bergen 1925 og 1951 (Falck)


Gjest Lars Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars Øyane

Lars E. Øyane (Luster kommune), 3580 Geilo, 13.09.2005 23:17 (1) Erik Bisgaard Falck, fødd i Sogndal 17.3.1834, døydde i Bergen 22.11.1925. Alf Christian Falck, fødd i Tromsø 22.11.1872, døydde i Bergen 28.8.1951.Er det mogeleg å få greie på kva yrkestitlar desse karane smykte seg med då dei døydde, og likeins kven som var ervingane deira?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Erik Bisgaard Falck, fødd i Sogndal 17.3.1834, døydde i Bergen 22.11.1925. Han var fhv. utskiftningsformann og hadde tre born: Ella, gift med general Sigvald Bull, Akershus, Alf Falck, Bergen, og Anna, g.m. ingeniør Kristoffer Lund, Amerika.Alf Christian Falck, fødd i Tromsø 22.11.1872, døydde i Bergen 28.8.1951. Han var direktør, og hadde etter seg enkja Inger, og hans born frå første ekteskap: Astrid Helmers Olsen, Bergen, Erich Falck, Bergen, Gudrun Dybwad Holmboe, Bergen og Ruth Grung, Fana.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Yngve for kjappe og gode svar!No ser eg etterpå at eg gløymde eitt spørsmål:* Er det ved dødsfallet til Erik Bisgaard Falck i 1925 oppgjeve noko om kva tid kona Øllegaard Johanna Svabo Falck døydde? Øllegaard var fødd i Hafslo 15.12.1839 og var tydeleg død før 1925...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eitt problem til dukker opp i denne huslyden: Første kona til Alf Christian Falck var Aasta Falck, fødd Harmens. Ho var f. i Bergen 17.5.1875 og døydde i Bergen 6.3.1951, berre nokre månader før Alf.Alf hadde etter seg ei enkje Inger, so då er spørsmåli:* Var Alf og Aasta skilde? Er det mogeleg å seia noko om kva år dette skjedde?* Er det mogeleg å seia noko om kven andre kona Inger Falck var og kva tid ho døydde? Eventuell vigselsdato?Eg takkar nok ein gong so mykje for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Alf Christian Falch's kone Inger Falch står oppført med Drammen som fødested og 21. oktober 1891 som fødselsdato. Hun har trolig flyttet fra Bergen som enke.Erich Bisgaard Falch var enkemann da han flyttet til Bergen fra Sogndal 5. april 1920.Alf Falch giftet seg med Aasta 30. oktober 1897. De hadde felles adresse til 1931. Skilsmissen er datert 26. august 1932.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.