Gå til innhold
Arkivverket

[#32682] Østen Aslakson Helleberg og Aasne Johnsdotter i Rauland,Telemark- opphav/lagnad?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anne Johnson stod brur i Medicine Hat, AB 31.10.1911 då ho gifte seg med Andreas ''Andrew'' J. Lahd med røter frå Hafslo i Sogn. Kontakt med ein soneson har ført attende til desse huslydane som i 1900 budde på garden Tvitekken nørdre i Rauland i Øvre Telemark:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~353 1 John Ols. m b hf g forpagter 1844 t n s354 Kjærsti Lidversd. k b hm g Hus og kreaturstel 1845 t n s355 Olav Johns. m b s ug 1885 t n s356 Gunhild Johnsd. k b d ug 1888 t n s357 Anne Johnsd. k b d ug Hus og kreturstel 1878 t n s358 1 Øistein Aslaks. m b hf g Kjøring 1870 t n s359 Aasne Johnsd. k b hm g 1871 t n s360 Anne Øisteinsd. k b d ug 1893 t n s361 Aagot Øisteinsd. k b d ug 1895 t n s362 Aslak Øisteins. m b s ug 1898 Vinje Brb n s363 Signe Johnsd. k b d ug Husgjerning 1876 t n s~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Denne Anne fødd i 1893 er identisk med Anne Johnson, og frå Canada vert det sagt at faren heitte Østen Aslakson Helleberg, som eg oppdagar må vera namnet på ein husmannsplass i Rauland! Men det skulle ikkje forundra meg om Aasne Johnsdotter var dotter av John Olson og Kjersti...!?Er det nokon med lokal kunnskap i Øvre Telemark som kan hjelpa meg med svar på nokre av desse spørsmåli:* Nøyaktig fødselsdato for Anne i 1893?* Utvandringsår for Anne og eventuelt foreldri hennar?* Kva yrke hadde Østen Aslakson i Noreg og kvar vart dei busette?* Opphavet til Østen Aslakson (kva gard/plass kom han ifrå)?* Opphavet til Aasne Johnsdotter (kva gard/plass kom ho ifrå)?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få trekka fram att denne saki frå førre veka som i ''kampens hete'' kan ha vorte gløymd. Eg vonar at ein eller annan brukar har den naudsynte kunnskapen om Rauland i Telemark?Hjarteleg takk på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Aslak Bekhus

Eg kan ikkje hjelpe med alt, sidan eg berre har tilgjengeleg kyrkjebøker til 1886, men litt på veg blir det vel.Øystein Aslakson var fødd 1870 på husmannsplassen Setalid under Svalastoga. Foreldra var husmannsfolk som flutte eindel, men det ser ut som dei var lengst på Setalid. Om dei har budd på Helleberg under Svalastog veit eg ikkje, men usannsynleg er det ikkje.Noko Åsne Jonsdotter i passande alder finn eg ikkje fødd på Rauland, men eg trur det kan vera feil i Ft.1900. Derimot finn eg Åse Jonsdotter, fødd i 1870 på Romtveit, dotter av Jon Olavson og Kjersti Lidvorsdotter. Jon var husmannson frå Åsnes under Vå og Kjersti gardmannsdotter frå Romtveit. Dei har flutt rundt som husmanns- og bruksfolk, m.a. på Romtveit og Tormodsvik til dei mellom 1900 og 1912 eingong kom til garden Sandviki.Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein sein, men like Hjarteleg takk til Aslak for nye og interessante opplysningar. No fekk eg greie på at Helleberg og Setalid båe var (er?) plassar under Svalastoga i Rauland, men det høyrest ut som me har behov for anten nyare kyrkjebøker eller ei bygdebok for å finna svar på dei spørsmåli som framleis står att, nemleg:* Kva tilknytting hadde denne huslyden til Helleberg? Kanskje var det der Østen Aslakson og Aasne (Aase?) Johnsdotter busette seg til slutt? Men i so fall; kva yrkestitel hadde Østen?* Eg er samd i at John Olson og Kjersti Lidversdotter tykkjast vera dei mest trulege foreldri til Aasne (eller Aase?) Johnsdotter, men kan dette provast? Kanskje vigsli til Østen og Aasne (eller Aase?) kan finnast?* Elles er det ogso naudsynt å finna fødselsdatoen til Anne i 1893?* Og endeleg vonar eg at utvandringsåret til Anne kan finnast?Eg takkar på ny for framifrå hjelp og vonar at ogso dei siste ''brikkene'' vil falla på plass!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Aslak Bekhus

Då har det kome ei digitalisera klokkarbok for Rauland på nettet og me kan forhåpentlegvis koma til endes i denne saka. Dei tankar me har hatt tidlegare visar seg å vera rette.Øystein Aslakson f.1870 frå Setalid og Åse Jonsdtr. f.1871 frå Tormodsvik gifte seg 24.07.1892 i Rauland. Dei hadde desse barna fødd på Rauland:Anne f.19.02.1893 i SandvikiÅgot f. 21.04.1895 på LauvåsAslak f. 16.06.1898 på Øygarden i VinjeJon f. 12.06.1901 på HellebergØystein er kalla inderst og arbeidsmann i perioden 1892-1900, men i 1901 er han kalla husmann på Helleberg.Foreldre og 4 barn utvandra til Nord Dakota i 1904.LenkeHelsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aslak for endeleg løysing på dette problemet! Då har eg fått greie på det som eg mangla!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.