Gå til innhold
Arkivverket

[#32737] S&F: Erik Torbjørnsen, f. 1776, d. 10.8.1822 Pollen, Solund – Frå Hafslo/Luster?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Erik Torbjørnsen, f. 1776, d. 10.08.1822 Pollen, Solund ([url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=GULEDO16&gardpostnr=584&merk=584#ovre>Lenke) vart gift 10.01.1814 (Lenke) m. Anna Olsdotter (f. 1786, d. 1860). Ved giftet er han skreven for Polden (i bygdeboka Eide), men han er ikkje nemnd under Eide i Solund, Gulen eller Hyllestad (ref. bygdebøkene). Dei fekk tre søner, Torbjørn, f. 1814, Ole, f. 1817 og Rasmus, f. 1820.Far til Anna er Ole Rasmusson (1750 Gylta – 1822 Pollen).Det finnes ein Torbjørn Eiriksson f. 1722 (ca.) under Hardbakke, men då kona dø i 1794 er det ikkje nemnd nokon son E(i)rik i skiftet.Kan Erik vere frå Mælum, Hafslo (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Einaste aktuelle kandidat innan Sogn og Fjordane fylke i 1801 er Erik Torbjørnsen, 23 år, i teneste på garden Berge i Fortuns sokn i Luster. Du kan nok rekna med at du har med ein indresogning å gjera.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Den Erik Torbjørnson som i 1801 tente på Berge i Fortun sokn i Luster vart gift og busett i Luster, so han er det definitivt ikkje, som flytte til Solund!MEN, Erik Torbjørnson, døypt i Hafslo 25.2.1776, son av seinare strandsitjar Torbjørn Ellingson i Marifjøra (1751-1806) og seinare husmannskone Britha Eriksdotter på Klophaug under Tang (1752-1833), er absolutt ein aktuell ''kandidat''! Denne Erik vart korkje konfirmert, gift eller gravlagd i Hafslo og kan godt vera han som gifte seg i Solund i 1814.Det finst ingen ''treff'' for denne Erik i FT1801 i Sogn og Fjordane og heller ikkje i Hordaland, men no veit me jo at den teljingi ikkje alltid er å stola på...!Det er nok svært sannsynleg at det er Erik Torbjørnson frå Hafslo me finn att på Polden i Solund, men det er underleg at ikkje bygdeboki nemner noko om opphavet hans. Mange andre stader syner bygdebokskrivaren for Solund til militærlister og landlægd kontra sjølægd...! Elles bør jo Erik vera KONFIRMERT ein eller annan stad! Den gongen var det ikkje uvanleg at unge menneske reiste ut i teneste før dei vart konfirmerte, og særleg om dei var fødde utanfor ekteskap...!I tilfelle Erik syner seg vera frå Hafslo er eg interessert i fleire detaljopplysningar om borni hans. Eg ser bygdeboki nemner vigsli til yngste sonen, men ikkje noko om dei to eldste...! Kan du Gisle hjelpa meg vidare? På førehand hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane, loya@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Der er ein Erik Torbjørnson konfirmert frå Nesøy i Solund i 1793. Ut frå fødselsåret kan dette vera den me er på utkik etter. Det var 3 søner i ekteskapet mellom Erik Torbjørnson og Anna Olsdtr, berre den yngste, Rasmus, hadde etterkomarar. Dei finn du på bnr. 1 på Nautøy som Rasmus Erikson brukte ei tid før huslyden måtte flytta, truleg til Bergen.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Nei, bygdebokskrivaren har nok vore litt for rask når han skriv at Rasmus Erikson truleg har flytta frå bygda då han måtte gje opp bygsla på Nautøy. Nærare undersøkingar viser følgjande: Rasmus Erikson døyr som inderst i Ytrøy 1868. Deretter kjem enkja og borna på flyttefot og blir skilde frå kvarandre. I 1875-teljinga finn me dei att slik: Enkja Oline Petrine Hansdtr. er tenestejente på Strand, eldste son Ole Andreas, f. 21/9 1856, er dreng i Hagen. Eldste dotter, Helene Johanne, f. 21/12 1858, tener hos morsfolket sitt på Gåsvær, medan andre dotter, Elen, f. 12/5 1860, er i teneste på Lia. Nest yngste son, Peter Kristoffer, f. 19/8 1862 er fosterson på Lending hos morsfolket, medan yngste son,Lars Møldrup, f. 29/9 1864, er i Husøy som 'pleiesøn', støtta av fattigvesenet. Enkja Oline fekk og ein son, Hans, f. 12/6 1874. Faren var Andreas Hemmingson Tungodden. Denne Hans var til oppfostring på Lia i 1875. Helene Rasmusdtr. utvandrar til USA 22/4 1882. Broren Ole Andreas reiser same vegen 28/4 1882. Bror til mora, Hans Hansson Lending, hadde reist med kone og 1 barn til USA 1866. Eg skal prøva å finna ut meir om dei 3 andre borna til Rasmus Erikson.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Når det gjeld dei to andre sønene til Erik Torbjørnson og Anne Olsdtr., ser det ut til at dei ikkje har etterkomarar. Torbjørn Erikson døyr som ugift tenestedreng på Utvær i 1880, og broren Ole er ugift tenar i Gåsvær ved folketeljingane både 1865 og 1875.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Tusen takk til Lars og Alf, her kom det mykje nye opplysningar om dette folket. Og truleg er kandidaten frå Hafslo den rette!?Kan (foreløpig) legge til at Peter Kristoffer Rasmusson, f. 19/8 1862, finn vi att i Bergen ved FT1891 (som Petter Krestoffer Rasmuss. Notø) og 1900 (som Petter Rasmusen), gift med Anna Petrine Ellingsdotter, f. 1864 Herø (Sunnmøre). Det ser ut til at dei i all fall har fått 5 born.M.v.h. Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Det stemmer ikkje heilt at Ole Erikson Pollen ikkje hadde etterkomarar. Rett nok var han ikkje gift, men 20/12 1853 fekk han ein son med Svanhild Matiasdtr. Sonen fekk namnet Andreas, men vaks opp saman med mora og gjekk på folkemunne berre for 'Svanilden'. Han kjøpte seg gard i Avløyp, var kjend som ein flink fiskar og la seg opp pengar så pass at han vart rekna for ein halden mann. Han var gift, men hadde ikkje born. Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.