Gå til innhold
Arkivverket

[#32747] Bratt-ætti i indre Sogn - er det nokon som sit med lykjelen til samanhangen?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ættenamnet Bratt dukker opp fleire gongar i indre Sogn sist på 1600-talet og tidleg på 1700-talet, men so vidt eg veit, finst det ikkje noki samla framstilling av denne ætti nokon stad...!?Eg reknar knappast med at nokon av desse Bratt'ane er av same ætt som Bratt-folki på Sandbu i Vågå, men dette veit eg ikkje noko sikkert om!Det ser for meg ut som om dei fleste Bratt'ane i indre Sogn ættar frå huslyden som vert opprekna i i skiftet som 27.10.1668 vart halde på Kaupangerskogen i Sogndal etter Hans [Jensson] Bratt. Han let etter seg ein lang rad søsken:- Ole Jensson Bratt- Nils Jensson Bratt- Erik Jensson Bratt- Gulbrand Jensson Bratt- Peder Jensson Bratt- Gro Jensdotter Bratt- Kari Jensdotter Bratt- Ingeborg Jensdotter Bratt- Anna Jensdotter BrattDei einaste av desse søskeni som eg veit noko vidare om, er brørne:* Nils Jensson Bratt, som tydeleg døydde før 1688, men som då hadde late etter seg borni:** Thomas Nilsson Bratt på Lad i Hafslo, død 1688** Ole Nilsson Bratt på Seim i Årdal, død 1692** Peder Nilsson Bratt på Jevnaker i Årdal, død 1692** Sander Nilsson Bratt, ukjend bustad** Ingeborg Nilsdotter Bratt, ukjend bustad** Anna Nilsdotter Bratt, ukjend bustad, og* Peder Jensson Bratt, som tydeleg hadde desse borni:** Nils Pederson Bratt, gift med Anders Saltkjelen (i Lærdal?)'s dotter, men død barnlaus i Solvorn i Hafslo(?) i 1716** Thomas Pederson Bratt, ukjend bustad** Knut Pederson Bratt, ukjend bustad** Siri Pedersdotter Bratt, gift og busett på Molland i Hafslo** Ingeborg Pedersdotter Bratt, gift og busett i Kalhagen i Hafslo** Anna Pedersdotter Bratt, ukjend bustadJon Laberg nemner i si gamle bygdebok for Årdal at denne Bratt-ætti kom ''frå Kaupanger'', men eg kan ikkje sjå noko prov for at det var der den eldste ukjende Jens Bratt budde!Derimot er det ymse som kan tyda på at Jens like gjerne kan ha butt i Solvorn sokn i Hafslo eller kanskje i Årdal, men at han ''gøymer'' seg attom ein ''anonym'' Jens i skattelistene våre? Endå meir sannsynleg er det at sonen Peder Jensson Bratt budde i Hafslo, og truleg ogso Nils Jensson Bratt, men kvar??Eg vonar at kanskje andre har spekulert på desse ættesamanhangane og kan bidra med opplysningar som kan gje svar på i alle fall delar av dette problemkomplekset!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Se Henning Sollied: Gamle ætter i Sogn, 'Bratt', i NST I (1928), s. 221-222.Ættene Bratt i Sogn og Bratt i Gudbrandsdalen er forskjellige slekter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Tore for gode innlegg!Koppskatten frå 1645 var i grunnen svært so interessant, for den fortel oss at Jens Bratt i 1645 budde på Kaupanger i Sogndal. Han må vera far til søskenflokken referert til i skiftet frå 1668!Elles er ogso namnet Endre Bratt svært so interessant. Dette får meg automatisk til å tenkja på ein Endre (Larsson?) (1605-1649) som kring 1633 gifte seg med ei enkje på Yttri i Fortunsdalen. Huslyden på Yttri var tydeleg av ''høg byrd'' med anar m.a. frå Sundre i Ål, og det skal vera funne bumerke på Yttri frå 1600-talet som liknar på bumerke nytta av Bratt-ætti på Sandbu i Vågå!!? Kan Endre på Yttri ha vore frå Sandbu? Kanskje Tore har ei meining om dette?Elles lyt eg tydeleg sjå på skriftstykket til Sollied frå NST nr. 1 for å sjå kva han har funne ut om denne ætti. Eg trur elles eg har funne lagnaden til Ingeborg Nilsdotter Bratt! Ho må vel vera kona til Østen Clausson på Sviggum i Hafslo som ei tid var gardbrukar på Lad etter at Thomas Nilsson Bratt var avliden i 1688. Thomas var gift med Anna Clausdotter Sviggum!Nok ein gong ein stor takk for fine opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Selv om du trolig har sett dette, tar jeg likevel med et annet tema ang. navnet Bratt på Vestlandet.Kanskje der er en sammenheng?LenkeAng. forrige innlegg.Den Endre Bratt som er nevnt i 1666 var 36 år gammel.Det kan jo da ikke være den samme Endre Larsson Bratt som du Lars nevner, dersom årstallene du refererer til stemmer (1605-1649).Men det kan jo selvsagt være en sønn (Endre Endresson Bratt).Der finnes vel neppe noe skifte etter denne Endre Larsson. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Eg kan nemna at Jens Bratt er nemnt på Hovland i Kaupanger sokn frå 1620 og frametter. I 1625/26 var han involvert i eit drap på Kaupanger, då ein finn følgjande i sakefallslista i futerekneskapen: 'aff Jenns Brat boenndis paa Houffland for hannd uar med i dend perlamennt paa Kopanngr: der Ørjenns Øye fich sit banesaar och hug Ørienns lidet i hoffdet med enn øxe, huorfor hannd och fenngseligen uar anhollden och rømbte aff fengsell, och effterdj forne Ørienns Øye i sit yderste gaff Joenn Flinnt sagh, at hand uar hanns bane mannd, och forne Jenns Brat ehr fri dømbt for samme drab, da med hannom affsonnid for ded hug hannd vdgaff och for hanns fengsells vndrømmelse fro 27 dr.'Ut over dette har ein dessutan ein Nils Bratt, som kan henda er far til Jens (hm = husmenn; øgm = øydegardsmenn).Nils Bratt på Øvrabø i Solvorn: 1611-12 (LR 9.2): gjev leidang og fredtoll. 1611 (LR 10.3): landskatt Niells Bratt. 1612-13 (LR 11.2): leidang Niells Bratt Øffrebøe. 1612 (LR 12.5): landskatt Niells Bratt.Han er nok identisk med Nils Bratt på Åsen i Årdal skipreide (i Ornes sokn): 1613 (LR 15.7): landskatt (øgm.) Niels Bratt. 1614-15 (LR 16.6): leidang Niells Bratt Aase. 1614 (LR 18.4): landskatt (øgm.) Niells Bratt. 1615-16 (LR 19.5): leidang. 1616-17 (LR 22.1): leidang. 1617-18 (LR 24.1): leidang. 1617-18 (LR 24.4): tiendeskatt. 1617 (LR 25.2): landskatt av øgm/hm. 1618-19 (LR 26.5): leidang. 1618-19 (LR 27.3): tiendeskatt Niells Aase. 1618 (LR 28.2): landskatt av øgm/hm

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tord Eysteinsson Bratt (ca.1505?-1650 Bergen) fra Heidal skal ha vært fogd (for Erik Rosenkrantz) i Sogn (1552), men skal visstnok ikke har fått barn med sin kone (g. ca.1561?) Barbara Trondsdatter (død 1606) fra Tynnøl, Lesja, som g. seg om igjen med Hans Pedersen fra Bergen. Kan det likvel være etterkommere etter Tord Bratt i Sogn ? (Barbara's farfar og Tord's oldefar het forøvrig begge Eindride/Endre)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dekanus i Trondheim Thorbjørn Olavsson Bratt (død 1548) sin bror Jens Olavsson Bratt (sognepr. i Aure 1534-, Frue Kirke Trh. 1542-) (også død 1548?) var g.m. Barbara/Barbro Johansdatter Kruckow (1512-1575) fra Fet i Hafslo, Sogn. Disse hadde etterslekt, men jeg kjenner ikke den.Barbara's far var væpner og riksråd (1524-) Johan Kruckow (1473-1538), som bl.a. eide Kroken i Hafslo.Det har vært hevdet at disse preste-brødrene Bratt var av samme slekt som Nils Steinarssøn Bratt (væpner, fogd i Värmland 1454, adlet av kong Knut Knutsson VIII i 1456). (Gjennom hans ekteskap rundt 1440 skal Höglunda-godset i Värmland har kommet på den svenske Bratt-slektens hender, der det forble til 1718).Noen forbindelse mellom denne Nils (Steensson ?) Bratt og Bratt'ene i Gudbrandsdalen har ikke kunnet påvises, såvidt jeg vet, selv om 'noen' kopler ham (som sønn) til Steinar Eysteinsson Bratt (ca.1385-ca.1455) i Fron, som ca. 1450 flyktet til Sveriga pga. sin støtte til nettopp kong Karl Knutsson (Bonde) i forsøket på å avsette kong Christian /Christiern I i Danmark/Norge).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Det er ikke kjent noe slektskap mellom Steinar Øysteinsson Bratt i Fron og Torbjørn Olavsson Bratt i Trondhjem. Derimot kan det være slektskap mellom Torbjørn Olavsson Bratt i Trondhjem og slekten Bratt av Bjølstad i Heidal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Implisitt i innlegg 10 ser ut til å ligge at det ikke er skulle være noe kjent slektskap mellom Steinar Øysteinsson Bratt i Fron og slekten Bratt på Bjølstad i Heidal.Hvilke(t) ledd i det følgende er det da som er feil :Øystein Guttormson Bratt, far til bl.a. Steinar Øysteinsson Bratt i Fron ogErling Eysteinsønn Mytting i Ringebu. Videre kognatisk rekke:Ingebjørg Erlingsdatter (g. Eindride på Bjølstad død ca. 1456),Guthorm Eindridesønn Bratt (g. Sidsel Skiåker),Eystein Guthormssønn Bratt ca.1437-ca.1528 (g. Tora Tjerne),Tora Eysteinsdatter Bratt (g. Eirik Trondssøn på Bjølstad),Tord Eiriksson Bratt Bjølstad (g. Mari Guttormsdatter),Tord Tordsson Bratt Bjølstad død ca. 1675 (g. Ingrid Slette).(Sistenvente var den i første i en agnatisk rekke på 7 Tord Tordsson på Bjølstad).(I innlegg 9 ligger det forøvrig ingen påstand om at det skulle være noe kjent slektskap mellom Steinar Øysteinsson Bratt i Fron og Torbjørn Olavsson Bratt i Trondhjem).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per B. Lilje

Hvilke referanser har du til de tre første leddene? I trykte, etterprøvde kilder har jeg kun funnet at Guttorm Bratt Eindridessons mor het Ingebjørg til fornavn. Hvilke kilder har du for hennes far og farfar? Jeg trodde Guttorm hadde 'arvet' tilnavnet Bratt fra sin far Eindrid Bratt Eriksson på Bjølstad???

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Eindrides kone Ingebjørgs farsnavn er vel ukjent. Moren heter visstnok Borgylla Fredriksdotter.Jeg kjenner derimot denne rekken fra Steinar Bratt:1.Steinar Eysteinsson Bratt2. Jartrud Steinarsdtr. g.m. Pål Amundsson på Alme og på Bø3. Kari Pålsdtr. g.m. Ivar Gunnarsson Uppigard Sør-Sandbu4. Synnøve Ivarsdtr. g.m. Asmund Nigard Harildstad5. Ivar Asmundsson Uppigard Sør-Sandbu d. 1634

Lenke til kommentar
Del på andre sider

(Innlegg 14:) Jeg har ikke nevnt noen Peter Hansen, derimot en Hans Pedersson, fra Bergen, som visstnok skal være av 'Tjøtta-ætta'.Jeg har sett Adelus omtalt som 'Hustru Adelus' (til Gjersvik, Tysnes). Kjenner ikke til noen sønn Lars.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

(15 og 16): Jeg blir litt flakkende i blikket mhp. kilde til de eldste ledd, men formoder at jeg 'har det' fra Hougen, Engebret: Ættesoge for Gudbrandsdalen, bd. II, 1955. Jeg setter nå et spørsmålstegn ved Ingebjørg's herkomst.Vedr. den rekken Bjørndal gjengir, så ser jeg ingen annen tilnytning til Bratt der enn at Anne Ivarsdatter fra Uppigard Sør-Sandbu var g.m. Per Trondssøn Valbjørg, sønnesønn av Tora Eysteinsdatter Bratt (g. Eirik Trondssøn på Bjølstad). (Trond Eiriksson på Valbjørg og Tord Eiriksson på Bjølstad var altså brødre).Ad. 15: Eindride Eirikssønn Bjølstad (væpner, død rundt 1456), brukte han 'Bratt' ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter Erling Eysteinssøn på Mytting i Ringebu (fra Tofte i Fron ?, død rundt 1458) og Borghild/Borghylla Fredriksdotter har jeg (også) notert barna Sigrid og Arne (født rundt 1420). Er disse like tvilsomme ?Til mitt siste innlegg: Anne Ivarsdatter fra Uppigard Sør-Sandbu var d. av Bjørndal's nr. 5.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune, Jo Rune, Per N., Tore, Karin, Per B. og Svein Arnolf for mange spennande og interessante innlegg! Eg er reint overvelda!Derimot vart eg ikkje overvelda over det som Henning Sollied skreiv om Bratt-ætti i Sogn då eg omsider fekk tak i det no i ettermiddag! Det var ikkje mange linjene, og han fortel ikkje noko om dei ni borni til Jens Bratt på Kaupanger, bortsett ifrå at sonen Peder hadde ein son Knut Pederson Bratt, som budde i Kinserdalen i Hafslo, noko som eg stiller meg litt tvilande til...! Då var det nesten meir interessant for meg å lesa innlegget til Jo Rune! Det som likevel står att som ein ''gåte'' er KVAR dei ulike borni til Jens Bratt på Kaupanger budde, særleg Nils og Peder!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Lars Øyane, du har helt rett. Men Sollieds artikkel er et pionerarbeide, og burde for alltid medfølge som litteraturhenvisning når man presenterer denne sogne-slekten.Debatten har har forøvrig utviklet seg til en debatt omkring slektene Bratt i Gudbrandsdalen. Det finnes allerede *en lang rekke* debattråder her i Brukerforumet for Bratt i Gudbrandsdalen, så jeg foreslår at den videre diskusjonen om gudbrandsdøler flytter over til en av disse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Til 17. Enda bedre hvis det Hans Pedersson av Tjøttaætten.Til 20. Jeg tillater meg å stille enda et spørsmål. Finnes det noen forbindelse til Røneid i Luster?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var flere av Bratt-ene fra Kaupanger som slo seg ned i Årdal. Jeg vet ikke hvor nyttig det er for arbeidet med bygdeboka for Hafslo, men jeg ramser i alle fall opp litt av det jeg har liggende:* Ole Nilsen(?) Bratt døde på Seim, Årdal i 1692. Han er med på oversikten i (1) som sønn av Nils Jensen Bratt. Han etterlot seg:** Gjertrud (til Urnes) [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=32107&sok=urnes&startnr=&antall=&spraak=>Lenke ,** Ole (til Lærdal) Lenke** Nils (trolig død i krigen 1718) Lenke* Peder Nilsen Bratt bodde trolig på Frønningen på 1670-tallet men kom så til Jevnaker, Årdal i 1692. Han er også med på oversikten (1). Han etterlot seg Nils, Knut, Thomas, Peder, Ingeborg, Siri, Anne. Av disse har jeg bare opplysninger om:** Thomas (f.ca.1678). Han arbeidet en tid for Årdal Kobberverk, men flyttet i 1716 til Åretun, Lærdal.** Anne giftet seg med Ole Eriksen og de drev Jevnaker, Lærdal. Hun døde i 1740.* Jens Gulbrandsen Bratt (f.ca.1667) var sønn av Gulbrand Jensen Bratt som er nevnt i (1). Han flyttet inn på Jevnaker da søskenbarnet hans (Peder) døde i 1692. Senere arbeidet han ved Årdal Kobberverk, det meste av tiden som sagmester ved Steggjesaga. Lenke Han hadde en rekke barn:** Malene (ca.1690) ble boende i Årdal. G.m. Sjur Olsen, bergverksarbeider.** Gulbrand (ca.1692-ca.1734) til Eidet, Kaupanger. Gift og stor etterslekt.** Jørgen flyttet til Kongsberg og døde der. Familien hans flyttet da til Bergen.** Jens (f.ca.1697). Han dro trolig også til Kongsberg og døde der.** Jon (ca.1699-1737). Til Kongsberg og etterlot seg familie der.** Marie (d.1784). Til Sogndalsfjøra. G.m. Mikkel Ellingsen.* Hans Gulbrandsen Bratt (ca.1671-ca.1710) var sønn av Gulbrand Jensen Bratt. Til Hestetun, Årdal. G.m. Rannei Johannesdatter fra Eri i Lærdal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tore, Karin og Knut for nye gode innlegg!Når det gjeld spørsmålet til Karin om tilknytting til Rønnei i Luster, so er eg ikkje sikker på om eg tolkar spørsmålet rett...? Om du spekulerer på om Bratt-ætti nokon gong budde på Rønnei, so har eg ikkje funne noko prov på at so er tilfelle, men me skal sjølvsagt ikkje utelukka noko. Har du, Karin, sidan du spør, mistanke om nokon særskild person?Elles ser eg av innlegget til Knut at mykje av ætti til Nils Jensson Bratt budde i Årdal (og på Kongsberg), men sidan minst to av borni, Thomas og Anna, ser ut til å ha butt i Marifjøra i Hafslo, kan me vel ikkje vera heilt trygge på bustaden til faren Nils Jensson Bratt.At Gulbrand Jensson Bratt budde på Kaupanger i Sogndal, synest vel nokso sikkert, sidan ogso borni hans dukker opp på den kanten.Peder Jensson Bratt er vel den av brørne som mest truleg må ha busett seg i Hafslo, truleg ein eller annan stad i Solvorn sokn, men som eg før har vore inne på, kan ikkje Henning Sollied si utsegn om at sonen Knut Pederson i 1738 budde i Kinserdalen i Hafslo vera rett. Rett nok var det ein Knut Pederson i Kinserdalen på den tidi, men han var mykje yngre og høyrde til ei heilt anna ætt. Derimot var det i 1701 ein sagemeister i Vindedalen i Lærdal med namn Knut Pederson, fødd kring 1651, og han er ein mykje betre ''kandidat''!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har i ettermiddag fått ny kunnskap om deler av denne Sogne-ætti Bratt!Det syner seg at Nils Jensson Bratt, han som var far til Ole Nilsson Bratt på Seim i Årdal og Peder Nilsson Bratt på Jevnaker i Årdal, sjølv må ha vore busett på VANGESTAD i Kaupanger sokn i Sogndal. Der tok han over som gardbrukar etter svigerforeldri sine, Ole Madson Vangestad og kona Anna Sandersdotter (jmf. skifte etter Ole Madson Vangestad frå 1676). Eg kom i føregåande innlegg i skade for å skriva at dotteri Anna Nilsdotter visstnok budde i Marifjøra i Hafslo; det skulle sjølvsagt ha vore Ingeborg Nilsdotter, for Anna Nilsdotter vart tydeleg gift med Johannes Andersson, brukar av Vangestad i 1701 (jmf. skifte etter Anna Nilsdotter Vangestad frå 1720).Men ei anna interessant oppdaging kjem i skiftet på Javnaker i Årdal i 1692 etter Martha Knutsdotter, kona til Peder Nilsson Bratt! Ved nærare studier finn eg at det var Peder Nilsson Bratt på Jevnaker som var far til søskenflokken som delvis hamna i Hafslo, og ikkje onkelen Peder Jensson Bratt! Og då kan ogso opplysningane til Knut, saman med det som Kåre Hovland har skrive i siste bandet av bygdebokserien for Lærdal (s. 56) setjast i system:Det var m.a.o. Peder Nilsson Bratt og Martha Knutsdotter på Jevnaker som hadde desse borni:* Nils Pederson Bratt, gift med Anders Saltkjelen (i Lærdal?)'s dotter, men død barnlaus i Solvorn i Hafslo(?) i 1716* Thomas Pederson Bratt, fødd kring 1678, busett på Åretun i Lærdal* Knut Pederson Bratt, budde på Ekrene, Sæbø i Lærdal* Siri Pedersdotter Bratt, gift og busett på Molland i Hafslo* Ingeborg Pedersdotter Bratt, gift og busett i Kalhagen i Hafslo* Anna Pedersdotter Bratt, gift med Ole Erikson og busett på Jevnaker i ÅrdalDet hjelper å få ''lufta ut'' slike huslyder i Brukarforum. Ein finn litt her og litt der, og samla so vert det etter kvart meir oversiktleg!! Enno er det fleire problem innanfor denne ætti, ikkje minst når det gjeld lagnaden til dei andre borni etter ''gamle'' Jens Nilsson Bratt på Vangestad, og kvar kom egentleg den første Nils Bratt ifrå, som budde på Urnes i Hafslo kring 1600 og sidan flytte over fjorden til Øvrebø og so attende over fjorden til Åsen??Og er det nokon som veit kvar (i Lærdal?) Saltkjelen er??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.