Gå til innhold
Arkivverket

[#32820] Gunhild Marie Ellertsen, f. Hansen frå Skien, gift i Bergen 1902 - kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

I vigselsregisteret frå Bergen finn me at:Gjert Halvorsen Marifjæren og Gunhild Marie Ellertsen, f. Hansen, vart borgarleg vigde 20.12.1902.Gjert Halvorson var fødd i Marifjøra i Hafslo 10.1.1847 og døydde i Bergen 9.2.1918. Han var gift berre denne eine gongen.FT1912 syner Gjert Halvorsen Marifjæren som ugift bybud busett i Nedre Dynnersmug 2 i Bergen. Han bur åleine og er fødd i Hafslo 10.1.1847, som stemmer!FT1912 syner òg Marie Hansen Skien som enkje og sekkesyerske busett i Ladegaardsgaten 24 b i Bergen. Ho bur åleine og er fødd i Skien 8.2., men i rubrikken for årstal står berre 50 (elles står for dei aller fleste heile årstalet - kanskje 50 skal tolkast som alderen hennar??)So syner dødslista for Bergen at Gunhild Marie Marifjæren døydde i Bergen 2.2.1924. Då var ho enkje og oppgjevi fødd i Skien 8.2.1837!Eg har ikkje so langt lukkast finna denne Gunhild Marie korkje i FT1900 eller i FT1865 og heller ikkje i noko første ekteskap i Bergen.Det står tydeleg Skien som fødestad både i 1912 og i 1924, so me lyt vel tru at det stemmer. Likeins er fødselsdatoen båe stader oppgjeven til 8.2., men året kan vera meir usikkert...!?Er det nokon som kan hjelpa meg identifisera denne Gunhild Marie og opphavet hennar - eventuelt ogso skaffa meg opplysningar om første ekteskapet hennar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

FS: Gunhild Marie Hansdt. (1850?) far Hans Johnsen gift 6/6 1882 Haus HO med Henrik Anton Eilertsen (1849?) far Eilert Olsen.Kan dette være en mulighet ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Lars,Dette paret ditt - [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigd1816&gardpostnr=32460&merk=32460#ovre>Lenke – var ikkje heilt enkelt…Gjert står ”åleine” i 1904: Lenke. Kvifor?Og her skal han stå ”åleine”, i 1906: Lenke*****Blind-skudd:FT1885, Bergen: Her er ei Gunilde Marie f. 1850 i Skien, men kalla Jørgensen:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit og Gisle for spennande innlegg!BINGO! Du, Berit har tydeleg funne rette folki, for FamilySearch syner at:Gunhild Marie Hansdotter var fødd 8.2.1850 i SILJAN, Telemark som dotter av Hans Johnson og Martha Nilsdotter.Henrik Anton Eilertsen syner seg gjennom same kjelde å vera fødd i Vestby i Akershus 28.5.1849 som son av Eilert Olson og Maria Hansdotter.Og FT1900 syner at blekkslagar Henrik Anton Ellertsen, fødd i Vestby i 1849, då var busett i Hans Haugesgate i Bergen med ei ny kone Regine Johanne Marie, fødd Rekdal i Romsdalen 1873 og seks born fødde mellom 1891 og 1900 i Ålesund, Christiania, Lærdal, Kvinnherad og Bergen! Ein skulle nesten tru dei var av reisande ætt(?).Framleis står det att å finna detaljar om Hans Johnson og kona Martha i Siljan og om Eilert Olson og kona Maria i Vestby, men det mest ''vriene'' spørsmålet er jo løyst!Nok ein gong ein stor takk til Berit! Eg er imponert!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det vart ikkje so lett å finna opphavet i Siljan (Slemdal) til Gunhild Marie Hansdotter, som eg trudde:Foreldri Hans Johnson og Martha Nilsdotter ser ikkje ut til å ha hatt andre born enn Gunhild Marie, og i FT1865 finn eg Gunhild Marie Hansdotter som ''Udsat Fattigbarn'' hjå husmann Isak Nilsson på plassen Oredalen under garden Tveiten i Siljan.Er det nokon med lokal kunnskap i Siljan (Slemdal), den gongen ein del av Gjerpen i Telemark, som kan hjelpa meg med opplysningar om foreldri til Gunhild Marie?Eg takkar nok ein gong for alle gode tips i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.