Gå til innhold
Arkivverket

[#32918] Olav Tronsen Bøen Vestfjorddalen Tinn farskap 1896. Hvem var han?


Gjest Tom Askerøi
 Del

Recommended Posts

Gjest Tom Askerøi

'Olav Tronsen Bøen Vestfjorddalen Tinn' ble oppgitt som barnefar ved en dåp i Vinje 1896. Han er da 'Dagarbeider' og 'enkemand'.Nå kan ikke jeg finne noen personer som kan se ut som de er i slekt engang ved FT1865 eller 1900 på Bøen i Tinn, men mye kan jo ha hendt i dette tidsrommet...Er det noen som kjenner til beboere på nevnte Bøen i nevnte tidsrom?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hilde Wedde

I Tinn finnes det en Ole Tronds. som er inderst på gården Bjørkhaug, han er enkemand og Turistfører, skræppekarl og Dagarbeider, født i Rauland LenkeHan kan kanskje være en aktuell kandidat?Hilde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tom Askerøi

Det er den beste kandidaten jeg har funnet, også. Men - i 1865 er denne personen 'bortleiet fattigbarn', 10 år, på Navarsete i Rauland - og i 1875 er han innerst og 'Jæger' på samme gård. Vi får også vite at hans far het 'Thron Helges.' en person som jeg ikke har funnet i 1865-tellingen...(?)Men intet av dette peker hen mot Bøen i Vestfjorddalen i Tinn. Og ved barnets dåp er det ingen aldersoppgave eller fødselsår oppgitt. Så hvordan finne ut om det er riktig mann??Dessuten er det underlig at familietradisjonen omtaler faren som 'denne Tinnværingen' dersom fyren var født og oppvokst i Rauland. Med mindre han har bodd på Bøen i Vestfjorddalen i Tinn rundt 1896...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Heilt tilfeldig kom eg i dag over dette i Gransheradsoga side 336 under plassen Galten under Austre Busnes: Margit Kittilsdotter fødd på Skjødsåsen 1874, flutt til Tinn og gift der med Ola Trondsson, fødd på Rauland. Dei budde på Øverland der Ola dreiv landhandel ved sida av at han var postopnar. Ola Trondsson var i yngre år fjellførar. Han følgde og visa veg for turistar som ville opp på Gaustatoppen. Margit hadde, før ho gifte seg med Ola Trondsson, ei dotter, Gunhild.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tom Askerøi

Fantastisk! Da har vi Tinn-forbindelsen.Kunne vi bare finne noen forbindelse til en-eller-annen Bøen-gård nå, så kunne vi være HELT sikre på at det er rett mann.(Men vi er vel allerede temmelig nær 100 %, er vi ikke?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Eg ville ikkje ha lagt så stor vekt på tilvisinga til Bøen. Det er ikkje noko som tyder på slektskap mellom denne Ola Trondsson og folka der. Men truleg budde han mellombels på ein av Bøen-gardane da denne farskapssaka i Vinje dukka opp i 1896.Elles er han og Margit å finne i manntalet frå 1.8.1915. Da er han nemnd som handelsmann med bustad på Øverland stasjon, fødd 65 (truleg trykkfeil for 56). Hustru Margit er fødd i 74. I manntalet frå 1925 bur dei på eigedomen Framnes 122/69, utskild frå Øverland. Ola er postopnar, fødd 12-7-56. Margit er framleis hustru, fødd 17-4-74.Verdt å merkje seg at han framleis er postopnar sjølv om alderen er tett oppunder 70 år i 1925.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tom Askerøi

Takk igjen, Arnfinn. Men nå 'ødela' du vel litt av bevisføringen? 'Min' Ola Trondsen var enkemann allerede i 1896 - og likeså ved folketellingen 1900. Så Marit må i så fall ha vært hans andre hustru...Vet du noe om når ekteskapet ble inngått?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Margit ja ... ho var nok andre kona. I kyrkjeboka for Mæl er dei gifte 4. februar 1912.Fyrste kona var Gro Andresdotter fødd på Frøystaul (ved Møsvatn, men i Dal sokn i Tinn) av foreldre Andres Olsson og Anne Olsdotter 13. juni 1858, døypt i Dal kyrkje 20. juni 1858. Ved konfirmasjonen i Atrå kyrkje 6. oktober 1872 er ho framleis busett på Frøystaul.Eg har ikkje funne giftarmålet til Gro og Ola Trondsson i Tinn kyrkjebøker, men kan ha oversett det. Kanskje er dei gifte i Rauland. Derimot har eg funne borna Kari fødd på Frøystaul 12. juni 1885, Birgit fødd på Berge (i Dal sokn) 10. mars 1888, Signe fødd på Grenstaul (i Dal sokn) 15. februar 1891 og Andreas fødd på Grenstaul 22. desember 1893. Med Andreas var det slutt for Gro. Ho døydde i barselseng 22. desember 1893. Krokan er no oppgjeven som fødestaden hennar (plass under Fosso).Ola Trondssom er enkjemann med fleire born i om lag 18 år før han gifter seg med Margit Kittilsdotter Galten frå Busnesgrend i Gransherad. Dei får kort tid etter giftarmålet dottera Margit fødd 23. april 1912. Ola er no kalla landhandlar og dei bur på Framnes ved Tvergrot.Eg gjer merksam på at eg ikkje har 'fylgt' borna gjennom oppveksten. Det er ikkje sikkert alle har levd opp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Supplering: Eg ser i folketeljinga 1900 at det også finst ei Gunhild Olsdotter 'Grænstul' fødd 1880. Ho er tenestejente på Såem. Gunhild kan også vera dotter av Ola og Gro (men eg finn ho ikkje som døypt i Dal sokn).Elles finn eg Kari Olsdotter fødd 1884 (ikkje 1885 som kyrkjeboka seier om da også dette er dotter av Ola og Gro) som tenestejente på Havsstaul, Birgit Olsdotter 'Grænstul' fødd 1888 (Indl. for Kommunens regning), Signe Olsdotter Dalen fødd 1891 (Bortleiet for Kom. regn.) og Andres Olsson på Berge fødd 1893 (Fattigbarn, Bortl. for Kom. regn.)Alle desse kan vere sysken, og som ein ser har Ola Trondsson gjeve opp å halde barneflokken saman utan ektefelle ved sida si.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tom Askerøi

Åj-åj-åj, jeg er overveldet!!Alt rimer nå - og vi får tro det er rett person. 1000 takk for kjempefin hjelp - det hadde i beste fall tatt meg år å finne ut det samme (om jeg noengang hadde klart det...)Nok en gang 1000 takk!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aslak Bekhus

Frå Rauland kyrkjebok: Gift 24.juli 1880 i Møsstrond kyrkje: Ungkarl, arbeidsmand Ole Trondsen Navarsgaard 23 1/2 år og pige Gro Andresdtr Frøistøl 22 1/2 år.I tillegg finn eg at dotteri Gunhild er fødd 4.september 1880 på Navarsgard og døypt i Møsstrond kyrkje 27.september.Eg har sjekka 1880-85 uten å finne meir på denne familien i Rauland kyrkjebokHelsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.