Gå til innhold
Arkivverket

[#33120] Knut Torgeirsson Vå, Rauland?


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

I ”Brooten My Hometown 1886-1986” finn eg på side 357 at ein ”Knute Torgersen Vaa, a sivil war veteran” var gift med ei syster av Jon Olsson Sandviken. Denne Knut kjøpte land i Lake Johanna township, Pope county, Minnesota, og det må truleg vere tale om 1860-talet.Det er Jon Olsson Sandviken som er mitt utgangspunkt. Han er fødd i Tinn i 1826, gifta seg i 1850 med Ingebjørg Olsdotter Vasstveit frå Åmotsdal, og emigrerte med kone og ei lita dotter + veslebroren Kristian Olsson Sandviken til USA i 1851.Eg blir nysgjerrig på kven denne Knut Torgeirsson Vå kan vere, særleg sidan Jon Olsson Sandviken såvidt eg veit berre hadde to systrer som overlevde oppveksten. Den yngste er Gunnhild Olsdotter Sandviken fødd 5. mars 1839. Ho emigrerte saman med foreldra sine i 1856, 17 år gamal, og kom til brørne sine i USA. Der kunne ho sjølvsagt ha blitt gift med Knut Torgeirsson Vå. Det er berre det at eg i ”History of Crow River Lutheran Church” side 141 les at Gunnhild var gift med ”M. Johnson” og at ho er død i 1903. Det er alt som står om henne. Men ho kan jo vera gift fleire gonger, slik at Knut Torgeirsson Vå likevel passar inn.Det er to alternativ til. Det eine er ei syster som heiter Lisbet fødd 1832. Ho emigrerte til USA i 1858 med ektemann Sigurd Gunnulvsson og ei lita dotter. Han kan ha døydd og Lisbet ha gifta seg omatt med Knut Torgeirsson Vå. Det andre er ei syster Birgit fødd 1828, men eg trur helst ho har døydd som barn, utan at eg har funne prov for det. På den andre sida har eg ikkje funne spor av henne som konfirmant eller som emigrant, medan eg har funne dei andre syskena i så måte.Eg tvilar på om giftarmålet mellom Knut Torgeirsson Vå og ei Sandviken-jente frå Tinn – slik desse lokalhistoriske bøkene frå Minnesota hevdar – verkeleg er ei korrekt opplysning, men let det stå ope inntil så lenge.Knut Torgeirsson Vå høyrest ut som eit raulandsnamn. Eg har sjekka han ut frå Våer (gamal uttale Våe) i Tinn, så spørsmålet er no om nokon har vore borti dette namnet i Rauland?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Løkkebø

Det som i alle fall er sikkert er at gården Vaa er i Rauland. Skrevet Wae i 1801-tellingen. Men jeg finner ingen Torger i Vinje i 1801-tellingen. Fornavnet Torger finnes en del andre steder i Telemark, men ikke Vinje eller Tinn.Lars

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

I 1801-teljinga kunne jo vera ein inngang til far til Knut, slik du tydelegvis er inne på. Knut sjølv er truleg fødd på 1820- eller -30-talet. Når du skriv at fornamnet Torger ikkje finst i Tinn eller Vinje stussar eg veldig. Det kan ikkje vera rett. Torgeir (i normalisert form, lokal uttaleform Torgjer) er eit særs vanleg namn i Tinn på 1800-talet. Vestover i fylket har det andre former som t.d. Tarjei, som nok førekjem i ymse forvanska skriftvariantar tilbake på byrjinga av 1800-talet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aslak Bekhus

Knut Tarjeison Vå er fødd 7.mai 1838 i Vå. Foreldre er Tarjei Åsmundson og Torbjørg Aslaksdtr Vå.Til Amerika i 1852: Tarje Osmundsen Waag Setberg 56år Gaardmand Thorbjør Aslaksdtr 55år Hustru Aslak Tarjesen 15/9-34 Knudt do. 7/5-38Eg er litt usikker på om Aslak har reist, trur han blir verande på Rauland, men dei andre tre forsvinn iallefall.Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Aslak Bekhus: Dette var imponerande raskt ekspedert. No veit eg at det finst ein person med opphav i Rauland som kan vere den omtalte 'Knute Torgersen Vaa' i Pope county, Minnesota, ja fødsels- og emigrasjonsår også. Takk så mykje. No får eg sende spørsmålet om eventuelt giftarmål mellom Knut og ei Sandviken-jente over til ei venninne av meg i USA, med røter i dette området. Så får vi sjå kva som kjem ut av det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mary Farrell

Telelaget of America, in its publication, 'Telemark to America, Volume II-Settlements,' has this on page 149. This is an article about Telers in Pope County, MN: 'Knut Torgerson was in the Civil Wars with the 50th Wisconsin Regiment, Company 'D'. After the war he settled in Pope County, and died there in 1904. He came to America in 1852. His wife was a sister of John Sandvik, and their children are Geoline, Gunhild, Søren Andreas, Elisabeth, and Betsey.'The 1880 US census shows this family in Gildchrist Township, Pope County, MN, as follows: Knut Torguson, 42, b. Norway Bergit Torguson, 50, B. Norway Tobias Torguson, 20, b. WI Elizabeth Torguson, 17, b. WI Louis Torguson, 11, b. WI Andrew Torguson 9, b. MN Betsey Torguson, 6, b, MN Torger Torguson, 90, fa(ther), b. Norway Tobia Torguson, 80. mo(ther), b. NorwaySo, probably Birgit Olavsdtr Sandvik did not die young, after all.Mary Farrell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Mary: Sensation! And I have done a bad job since I have neglected her confirmation in earlier searching. Today I found Birgit confirmed 8. october 1843 in Atrå church. But I have not found her emigration, neither has Svalestuen done so in his register of the Tinn-emigrants. But I'm pretty much sure this 'Bergit Torguson' is my missing Birgit Olsdotter Sandviken. Thanks to the local history book which turned out to be correct in this case, and thanks to Mary Farrell!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.