Gå til innhold
Arkivverket

[#33361] Oppslag i kirkebok for Geiranger


Gjest Solveig Sørbø
 Del

Recommended Posts

Gjest Solveig Sørbø

Skulle gjerne hatt hjelp til oppslag i kirkeboken for Geiranger. 22. oktober 1883 giftet Ole Knudsen og Helga Pedersdatter seg. Jeg skulle gjerne vite foreldrenes navn og hvor de ble født, evnt. andre opplysninger som står der.Håper noen kan hjelpe.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Myklebust

Ungk. veiarb. Ole Knudsen Moen og pige Helga Pedersdtr. Ole er oppgitt å vere fødd i Meldalens prestegj. i 1859, har no opphald på Flydal i Geiranger. Far: Veiarb. Knud Jacobsen Moen. Helga er fødd på Rødhjell i Sundal i 1852. Far: Gaardbr. Peder Nilsen Rødhjell Sundal.Helga er her i 1865 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61563&gardpostnr=135&personpostnr=1040#nedre>Lenke og Ole er her

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Solveig Sørbø! Desse folka har eg arbeidd litt med no i haust, utan å koma vidare, men her dett det ned opplysningar som går rett inn i oppsettet mitt - og takk for det! Så vidt eg kan sjå var Knut Jakobson Moen f. 1825 i Kvikne, og satt som vegarbeidar og husmann utan jord på Moen i Vågå i 1865 saman med kona Ingeborg Olsdotter, f. ca. 1830, og fem born: Marit, f. 1853, Jakob, f. 1857, Ole, f. 1859, Karen, f. 1862 og Ingeborg, f. 1864. Som vegarbeidar flytte Knut dit det var arbeid å får, slik bar det til Geiranger, der han budde då han vart enkemann og gifta seg oppatt med Elen. Der fekk dei og borna Ingvald, f. 1884, Knut, f. 1893 og Ingeborg, f. 1895, men ca. 1898 flytta dei til Kvanne i Stangvik, der dei fekk sonen Alfred, f. 1900. Den 10. april 1902 flytta dei til Sylte i Surnadal, der Knut døde året etter. Dotra Ingeborg skulle vera uvanleg vakker. Ho vart funnen død i elva ein måndagsmorgon hausten 1918. Kva tid Elen døde har eg enno ikkje funne ut av, men eg skal prøve å få greie på noko meir om kvar det vart av dei to sønene hennar. Mvh. Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Ingvald Moen, f. 1884, var g.m. Lina Sandnes og budde på Enge i Valsøyfjorden på Nordmøre. Dei hadde tre born: Per, g.m. Gunvor Strand frå Fiskå på Sunnmøre, Ellen, g.m Einar Lenes og Åsta, g. Haug Hansen. Ingvald var anleggsarbeidar og miste synet i ei sprengningsulykke. Han fekk då eit tilskot frå Staten og starta opp med ein børstefabrikk på heimstaden, som sonen Per seinare tok over. Ingvald var sterkt engasjert i arbeidarrørsla, og trass i sitt handikap gjekk han lange vegar når det var møter eller stemner, utan førarhund. Eg har ein kontakt som skal prøve å få greie på kvar det vart av brørne hans Ingvald. (Gunvor Moen lever enno) Mvh. Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Sørbø

Dette var kjempebra. Ole Knudsen Moen og Helga Pedersdatter flyttet til Telemark. Ved folketellingen i Mo 1891 (se Eva Mandt i Digitalpensjonatet) var Ole vegarbeider på off. veganlegg. De flyttet derfra til Skien. Deres sønn Peder Olsen Moen er min manns morfar.Vet du noe mer om slekten til Helga Pedersdatter er jeg takknemlig for alle opplysninger.Hilsen Solveig S

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Slekta til Helga Pedersdotter Røhjell, f. 1852, finn ein i (prost)Ivar Seljedals 'Sunndalsboka' bind II, side 200. Du kan låne den på fjernlån i biblioteket ditt. Mvh. Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.