Gå til innhold
Arkivverket

[#33364] Bømlo bygdebok III: Daniel Hansson Vold f. ca 1752


Gjest Kjellaug Robberstad Petit
 Del

Recommended Posts

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Har dessverre ikke denne boka, er det noen (Helga?) som kan fortelle meg hvem hans foreldre var? Er og interessert i den andre kona hans Mari Larsdtr f. ca 1759. jeg finner familien i FT 1801 med tre barn, Ole, Lars og Hans. Fant og giftermaalet deres 22/7-1786.Hans finner jeg igjen i BB IV.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Bømlo Bygdebok 3 s. 325 'Vold':Daniel Hanson Kalavåg f. 1754, åtte tidlegare eit bruk på Kalavåg (br.nr.2), men då han misste kona si, Margrethe Jørgensdatter Tjong, i 1783, tok broren Torchild Hansen over dette bruket. Daniel og Mari Larsdatter fekk 5 born, 3 vaks opp: Ole f. 1788, Hans f.1795 (Haavikplass i Moster), og Margrete f. 1799, d. 1820. Daniel var lagrettemann i 1788. I 1802 hadde han 9 kyr, 1/2 hest og 2 sauer, han sådde 1 1/2 tn havre og 1/4 tn poteter. Daniel selde halve bruket til sonen Ole, tgl. 18/9 1810, nokre år etter selde han den andre halvparten til Ole, tgl. 21/9 1814. Mari Larsdatter døydde i 1822, Daniel Hansen døydde i 1835.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

BB 3 s. 185 Kallavåg:Hans Jørgensen Kalavåg f. 1710(br.nr.1) f. 1723, gifte seg i 1740 med Marithe Torkelsdatter Holme, f. 1710, dei hadde ikkje born, Marithe døydde i 1743. Hans gifte seg att i 1745 med Johanna Danielsdatter Vorland f. 1724; av dei 11 borna deira vaks 6 opp: Daniel f. 1754, Torkel f.1757, Marithe f. 1762, Willum f.1763 (var i København i 1789), Jørgen f. 1766, og Lars f. 1770.- Stovehuset til Hans låg midt i tunet, nedanfor huset til br.nr. 1, men litt lengre aust, løa hans låg like nedanfor løa til br.nr. 1.Hans hadde båtnaust på Hammaren i Naustvikjo. - Hans Jørgensen var sjølveigar, med kgl skøyte 21/11 1758. Haner nemd som los i 1761. Johanna Danielsdatter døydde i 1780, og den eldste sonen Daniel fekk sløyte på bruket dat. 25/11 1780. Hans Jørgensen døyddde i 1782.Daniel Hansen gifte seg i 1781 med Margrethe Jørgensdatter Tjong f. 1741, men ho døydde på barselseng med barnet sitt i 1783. Bror til Daniel, Torkel, tok over som brukar på jorda i 1784, og han kjøpte heile bruket, dat. 24/9 1785. Daniel flytte då til Voll. mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Roald Sjursen

HalloBømlo bygdebok nr III s 185/186. Hans Jørgensen Kalavåg br nr 1 (1723-1782) gifte seg i 1740 m Marithe Torkelsdtr Holme f.1710. Dei hadde ikkje born. Marithe dødde i 1743. Hans gifte seg oppigjen med Johanna Danielsdtr, Vorland 1724-1780) i 1745.Av 11 born vaks 6 stk opp. Daniel f 1754, Torkel f. 1757, Marithe f.1762, Willum f.1763, Jørgen f. 1766, Lars f. 1770.Daniel og Margrete f.1741 ble gift i 1781, men ho døde på barsel med førte bornet 1783.Mvh Roald

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

BB3 s. 325 'Vold' forts.Lars Olsen gifte seg i 1757 med Anna Olsdatter Straumøy, Moster f. 1717; dei hadde døtrene Mari f. 1763, og Anna f. 1766 (g.m. Knut Philippussen Lien). Lars var lagrettemann i 1770. Han var sjølveigar med kgl. skøyte 3/6 1771, og åtte då den vestre parten av garden.- Då dottera Mari gifte seg, selde Lars Olsen halve bruket til mannen hennar, Daniel Hansen, tgl,26/9 1786. Lars døydde i 1790, Anna Olsdatter døydde i 1791. Deira halvpart av bruket vart då seld til 'den odelsbaarne Mari Larsdatter., saa hun nu bliver Eier af 1/2 L 1/2 H' tgl. 3/5 1792.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Videre bakover på Vold:Ole Haraldsen f. 1686, bygsla bruket etter Salamon Larsen. Han ville ikkje betala 'første-tage; futen skriv i 1734 om Ole at 'siden han er soldat, vil han ikke give indførsel, er ganske modstridig og opsetsige'; året etter var han og 'modvillig og gjenstridig'.Ole var gift med Mari Helgesdatter, f.1689, deira son var Lars, f.1726. Ole døydde i 1756, og sonen Lars bygsla bruket, tgl. 23/6 1756. Mari døydde i 1761.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.