Gå til innhold
Arkivverket

[#33617] Gjert Gjertson Mumme, hans famile og forfedrar


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Det er noko eg ikkje heilt får til å rima her. Gjert Davidson var jo gift med Adeluz Ågesdtr. og hadde sonen Gjert Mumme. Dette forhindrar sjølvsagt ikkje at Gjert Davidson også kunne ha vore gift med ei dotter til Johan Mumme, før eller etter at han var gift med Adeluz. Likevel blir dette lite truleg. Presten Gjert Mumme i Hemne må da ta Mumme-namnet etter ei stemorEg trur samanhengen må vera annleis. Gjert og Johan kunne naturlegvis ha vore brør, og begge søner til ein David Mumme, eller eventuelt til ein David g.m. ei kvinne av Mumme-slekta? Kanskje ei dotter til Eberhardus Mum som var gravlagt på Veøy?Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Gjert Davidsen overtok ikkje Nedre Osen sag etter Johan Mumme. Då Johan døydde, hadde dei to svara skatt for Nedre Osen sag i allefall frå 1647. Så Gjert D. har neppe kome til saga i Nedre Osen som arv frå Johan M. Kjelda for opplysningane om sagbruka har eg frå Otto R. Grüner: Trelasthandelen i Romsdal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...
Gjest Finn Oldervik

Til innlegg nr. 18, John.I dette innlegget nemner du ein Hermann Mumme som døyr i slutten av 1620-åra. Dette må truleg vera den same som eig 4 våger 1/2 pund fisk i Nes i Fanne. Kjelde; Statholderarkivet D IX 13. Odelsjordebøker Trondhjems len 1624.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til John for opplysninga, men eg fann svært lite om Gjert Davidsen på denne sida. Tenkte du på den ganske ferske slektsrekkja som starta med ein eller annan David Aslaksen Skorgenes f. ca 1575, så var jo den reinska for alt som kan minna om kjeldetilvisning. Av den grunn vert jo diverre eit slikt produkt verdlaust. Der var det også hevda at Gjert Davidsson døydde i 1701, noko eg finn lite truleg. Han var vel 60 år ca 1665, så han måtte då vera 96 år i 1701. Det ser likevel ut som om Gjendem har fått med seg at Gjert var gift med ei Adelus, utan at opphavet hennar er nærare spesifisert. Kunne ha vore moro å veta kvar denne opplysninga kjem frå.Kven denne David på Skorgenes var for kar stod det jo heller ingenting om.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...
Gjest Finn Oldervik

Sidan eg arbeider med småkraftverk, så gjer eg ofte nokre enkle undersøkingar om kva som har vore av industrielle innretningar i dei ymse elvene eg jobbar med. Eg har no halde på ei elv i Romsdalen, og i samband med dette kontakta eg Marit Rekdal Hoel i Molde (Ho arbeier med bygdebok for Tresfjord). Ho siterte frå sagskatten i Romsdal, og blant dei ho ramsa opp var ein Rasmus Davidsson som var sagmeister for Johan Mumme i Øvre Osen sag. Det kan jo godt vera at denne Rasmus er ein bror av Gjert Davidsson (far til presten Gjert Mumme i Hemne). Er det nokon som veit meir om denne Rasmus Davidsson?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Jeg kjenner ikke noe til eventuelle slektskapforhold du spør etter, men det står flere sider (s 125-131) om sagdrifta i Osen i Otto R, Grüner sin bok om 'Hollendertida i Romsdal. Sagbruk og trelasthandel på 1600-tallet'.Jeg ser Rasmus Davidsen er Johan Nummes sagmester i 1644, 1645 og 1646. Det er også en Rasmus sagmester i 1636/37, men om det er den samme Rasmus vet jeg ikke.Johan Numme og Gjert Davidsen har Nedre Osen sag sammen 1647-1657, det året Johan Numme dør. Gjert Davidsen har Nedre Osen sag sammen med Lauris Bendtsen Mjelve fram til 1665.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Osvald for nyttig innspel. Den boka til Grüner, veit du om ho framleis er til sals?No er jo ikkje David noko særleg vanleg namn, heller ikkje i Romsdal på den tida, slik at tanken min var altså at Rasmus som sagmeister kunne vera ein yngre bror til ein av eigarane (Gjert Davidsson). Om ein hadde funne fram til eventuelle etterkomarar til denne Rasmus, så kunne det kanskje ha vore til hjelp med finna opphavet også?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mads Langnes

Ein liten digresjon i høve at Grüners 'Hollendertida i Romsdal' er nemnt og at det er hevda at namnet David var lite vanleg i Romsdal på 1600-talet: I følgje nemnte bok av Grüner (s. 164) åtte ein David Jensen Gjermundnes ei (av tilsaman tre) sager i Herjeelva i Veøy prg. på midten av 1600-talet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Fint at du minner på om denne David Jensson Gjermundnes Mads. John Aarønes har også nemnd denne David i innlegg 18, utan å knyta han til noko særskild elv.For å avleia debatten fullstendig, kan eg jo nemna at eg kjenner Herjeelva godt. For eit par år sidan var eg oppe ved Herjevatnet på eit arbeidsoppdrag. Då eg gjekk over ei bru over Herjeelva rett nedstraums Herjevatnetnet møtte eg to eldre damer som eg kom i prat med. Dei undrast på kvar eg kom frå, og eg fortalde då at eg var i frå Aure på Nordmøre. Då kunne den eldste av to (dei var systre viste det seg), fortelja at også ho var født i Aure. Ei slik opplysning var jo ikkje i seg sjølv særleg oppsiktsvekkande, men då det etter kvart viste seg at ho var født i nabohuset til der eg var oppvaksen, og nabokona som eg kjende særs godt frå barndomen var morsøster hennar, så vart det jo litt spesielt. Eit litt uvanleg møte i den Romsdalske fjellheimen synes eg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Grüner si bok vart utgjeven av Romsdal sogelag. Sidan ho ikkje står nemnd på heimesidane åt sogelaget er boka nok utseld - diverre. Boka tar utgangspunkt i Grüners hovedfagsoppgåve til embetseksamen i 1954 - ifølgje forfattaren sjølv er hovedfagsoppgåva både utvida og supplert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Jeg kjøpte min på 'Bokloftet' på Løten for noen år siden, betalte 175 kr, ser jeg. Og, Finn, siden du nevner brua ved Herjevatnet, den var jeg med og laget på dugnad for noen år siden. Det passet seg slik da jeg var på mine hjemtrakter den gangen det skulle gjøres.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Ja, det er kjente trakter. Vassetra i skyggen av Skarven til høyre.Mens Herjevatnet ligger på 390 meter fortsetter en fra Skarven opp til Tarløysa på 1080. En vanlig søndagstur på ski for vel 50 år siden, men det er ikke så bratt på andre siden. 3 timer opptur og 10-15 minutter ned til fjorden i delvis tråkka løype. Bakenfor skyggen, Nesskaret hvis en ville gå rundt til Holmemdalen. Fjellene i bakgrunnen er Ølsnosa og Kvasstind. Til venstre for bildekanten Slemmen- og Herjemyrene. Fint turterreng også om sommeren. Jeg har hytta mi på solsida av fjellet til høyre med utsikt over Rødven- og Romsdalsfjorden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Vi har vel fjerna oss litt frå Mumme for ei lita stund, men også det andre biletet er frå same staden, nemleg frå Herjeelva litt nedstraums vatnet. Biletet av Herjevatnet og omegn er teke i låg ettermiddagssol ein haustdag for 2 år sidan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Reidar Oddløkken

Et trivelig og stemningsfullt bilde i 43. Jeg har et dumt spørsmål, i innlegg 40 nevnes Tarløysa, er det det samme som Torvløysa som jeg har sett på kart? Reidar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Er du blant dei som er med på biletet då Osvald, eller er det du som er fotografen? Det var nett her eg møtte dei to systrene eg fortalde om tidlegare. Den eine var gift på Herje, og mor deira trur eg var gift på ein av nabogardane. Eg meinar ho heitte Randi. Kanskje veit du om dei?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Reidar Oddløkken

Du Finn, jeg er ikke sikker og det er bare en intuisjon, men jeg lurer på om det er Osvald som er den blide mannen i grønn jakke og som har en Tuborg mellom beina, men vi får se. Reidar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Vi beveger oss nok lenger og lenger bort fra Gjert Mumme i denne debatten. Og Reidar har rett, for en sjelden gang var jeg ikke fotografen. Reidar, var det tippoldefar Lars Eriksen Marken, f 1809 i Folldal som gjorde at du kjente meg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Jeg glemte å svare på spørsmålene:Tarøysa (44) er nok den lokale uttalen av Torvløysa. Offisielle navn og lokalt brukte samsvarer ikke alltid. En del av fjellet skrives visst Urdabotnen, mens lokal uttale er Orabot'n, lenger nede mot fjorden Oradala. Det er steinete langt til fjells og oreskog nede i dalen, så får en bare spekulere i hva som har gitt stedet navn.Finn (45): Jeg gjorde 'Østlending' av meg allerede i -56, så lokalkunnskapen er ikke god nok til hjelpe deg, men kan nok finne ut av det hvis du vil det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ja, det må eg seia var godt gissa av Reidar. Kanskje har han funne bilete av deg ein annan stad?Nei det er ikkje naudsynt å gjera vidare undersøkingar om det eg nemnde i forrige innlegget mitt. Du var vel berre barnet då du flytte frå bygda da?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Barn og barn, jeg begynte på lærerskolen det året. Det var den gangen det var 14 dagers opptaksprøve for å komme inn (4-årig). En av de 137 på opptaksprøven, mange med 'puggekurs' på folkehøyskole om sommeren, prøvde for 7.gang. Han kom som nr 31 og fikk en ekstra pult i klassen, ble senere en aktet skolemann og også valgt til fylkesordfører. Men nå dreper vi Mumme-debatten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.