Gå til innhold
Arkivverket

[#33848] Hjelp til leiting i bygdebok for Kvinnherad


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Ein av mine 'tippar' vart sannsynlegvis f. i Kvinnherad.Han heiter Paul/Poul/Povel Samsonsen. Eg finn på Fam.S. at ein Samson Olsen har fått ein son i 1768,f.på Hjelmeland, Kv.herad.Eg finn ganske mykje på Fam.S. (som også er rett i flg. bygdeb.) for forfedrane til denne Samson også Maritte..Det eg ikkje klarar å få verifisert er kvar Samson Olsen, Hjelmeland og kone Maritte Christensdtr/Marta Christiansdtr. Lande/a budde.Eg finn dei nemnd i bok nr 3, på s.436 under 2c, og akkurat det same på s.467 under 9c.Eg finn ein Samson Olsen(då Sandvig) under døde i Kv.herad i 1801, alderen stemmer med funna på Fam.S. Dessutan Maritte Chr.dtr. Sandvig død 1818, eg finn ingen!! Maritte el.l. i Kv.herad, eller omegn i FT.1801Er det nokon som kan hjelpa meg? Eg hadde likt å sett det på papiret(les bygdeboka) at Paul, er sonen deira, det hadde også vore interessant å visst om nokon kunne finna Maritte i 1801???Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann  Stokken

Javisst!! Takk for det! Hmm, då er dei altså flytta etter sonen(P.... Samsonsen), han og kona bur nemleg på Sæbø, Kaarevig i 1801.Då er det iallfall ikkje _den _ Samson som døyr i Kvinnherad i 1801, dette er til verta forvirra av :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann  Stokken

Her er forresten sonen og familien: LenkeNår me ser på namna på borna, er det vel ikkje særleg tvil at det er rett, slik eg har trudd at det er. Men det hadde vore kjekt å _visst_ det!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Veit du sikkert at far til Paul/Povel heitte Samson Olsen? Her er ein Samson Povelson som kunne passa, om han ikkje er sjekka ut før: LenkeEg reknar med at Boue er garden Bauge, som i dag ligg i Kvinnherad.Eg kan sjå i bygdebøkene kva som står om Samson Bauge og Samson Hjelmeland neste gong eg er på biblioteket, om du ikkje får noko eintydig svar her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei :-) Eg hadde eit håp om at dette som du hadde forslag om, skulle vera rett :-)Men eg har bygdeboka for Skånevik(Holmedal)heime(dette avdi det ser ut for at kona som eg har hatt oppe i eit anna tema før er frå Fjellansdbøle, Holmedal, Skånevik)og har sett at denne Samson Baue har faktisk ein son Paul.Men han flytta til Søra-Bømlo og var gift med ei som heitte Valborg. Takk iallfall!Som eg sa i forrige innlegg så trur eg utfrå namna på barna til Paul og Anne at det er rett, men eg skulle gjerne _sett_ det :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Marie Skålnes

Hei igjen, Mariann!Eg kikka litt i nokre av bygdebøkene eg fann på biblioteket på Bremnes, men eg kjen ingen veg med denne Samson!Eg fann på FamS ein Paul fødd i 1768, men det ser ut til å vera feil kar:IGI Individual Record FamilySearch™ International Genealogical Index v5.0 Norway Search Results | Download | Pedigree-------------------------------------------------------------------------------- Paul Samsonsen Kjerland Male Family -------------------------------------------------------------------------------- Event(s): Birth: 1658 Kjerland,Kvinnherred, , Hordaland, Norway Christening: Death: 1737 Burial: -------------------------------------------------------------------------------- Parents: Father: Samson Lauritsen Slee Family Mother: Anna Alstrup -------------------------------------------------------------------------------- Marriages: Spouse: Margrethe Andersen Vaage Family -------------------------------------------------------------------------------- Messages Her er giftarmålet til Paul Samsonsson og Anna i Skånevik (ser ut til å vera dei som bur på Stord i 1801),men det står dessverre ikkje kva garda dei kjem frå. Men ein av ektefellane er vel då truleg frå Skånevik. POVEL SAMSONSEN Male Family -------------------------------------------------------------------------------- Event(s): Birth: Christening: Death: Burial: -------------------------------------------------------------------------------- Marriages: Spouse: ANNA JOHNSDR Family Marriage: 04 JUL 1790 Skaanevik, Hordaland, Norway-------------------------------------------------------------------------------- Messages: Extracted Eg trur eg har leita etter ein eller annan Samson og Paul før, men eg finn ikkje att temaet. Nokon nemne ein Samson på prestagarden som var forlovar i eit bryllup i Skånevik, men eg fann han ikkje under Skånevik Prestagard.Eg reknar med du har sett i bygdeboka for Stord, om det står noko meir om Paul og Samson der dei budde i 1801 (Eg fann ikkje Stordboka i dag).Eg skal vera OBS om eg tilfeldigvis skulle komma over noen av desse filka i ein eller annan samanheng!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Eg finn ikkje dei eldste borna til Paul og Anna under døypte på Stord. Kan dei ha budd andre plasser før, t.d. i Kvinnherad eller Skånevik?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hjarteleg takk for at du er så grei og lyfter dette opp igjen :-)Fyrst til ditt siste innlegg: eg har sjølv vore inne på tanken, men sjølvsagt vart det eit 'problem' der og :-) avdi der faktisk er fødd to born ved namn Maritte og Samson på Stord på same tid som dei to eldste til Paul og Anna, som også hadde ein far ved namn Paul!!Men det som gjer det vanskeleg er at ved dåpen til ein av dei står det (hugsar ikkje kven) Paul Joehnsen(kan det vera samanblanding med e.namnet til mora?) På den andre står det Paul Stue...dei _kan _ jo ha budd på Stua før dei flytta til Sæbø....Eg har funne ein Paul/Povel på Fam. Search tidlegare, som har 'matcha'(og på den tida tok eg det eg fann på FamS for 'god fisk' og sjekka ikkje nærare), det var ikkje den du har funne. Eg skal prøva om eg finn han igjen.Her er forresten lenka til eit tema som eg hadde angåande Anna, der eg også har fått bekrefta giftarmålet deira i Skånevik. LenkeTakkar enno ein gong!!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Og her er det eg har funne om Paul og opphavet, som eg altså har trudd var rett. Sett utfrå årstal/alder på Paul/Povl, så kan det vera rett, men kven veit :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Ja, det var den lenka då :-) :-)POVL SAMSONSEN Male Event(s): Birth: Christening: 13 MAR 1768 Kvinnherad, Hordaland, NorwayParents: Father: SAMSON OLSEN FamilyVenleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Marie Skålnes

Eg fann tilfeldigvis eit par til som kan vera kandidatar til å vera foreldre til din Paul Samsonson:I sjeleregister for Skånevik i 1777 står dette paret oppført som plassfolk under Indre Nes:Samson f. ca. 1727. Marta f. ca. 1726. Dei hadde borna Samson f. ca 1767 og Paul f. ca. 1770. Truleg er dei også foreldre til Jon Samsonsen som seinare var plassmann på Eikjenes under Indre Nes.Alle borna er sannsynlegvis fødde ein annan stad, for dei står ikkje i kyrkjebøkene for Skånevik. Dei må vera utflytta frå Skånevik (eller døde) før 1801, for der er ingen Samson eller Samsonsen på Indre Nes då.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk enno ein gong til deg Marie!!Eg skulle visst hatt meg ein tur-saman med nokon som er god på å lesa gamle krk.bøker-til Arkivet, så hadde det vel kanskje vore mogeleg å funne ut av dette :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.