Gå til innhold
Arkivverket

[#33875] Petrine Johanne Antonsdotter Bjørnenakk BAKKE (1852) bus. Ålesund 1907 - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Dette spørsmålet er ogso nemnt under tema #33595, men overskrifti der er mistydande, so eg tek det oppatt her som eige tema:~~~Petrine Johanne Antonsdotter Bjørnenakk, fødd på Bjørnenakk i Volda 18.7.1852, gifte seg første gongen (1879?) med Frants Knutson Hatløy og budde i Ulsteinvik. Men Frants døydde, og Petrine gifte seg att i Volda 9.11.1892 (då er ho kalla Anna Petrine!) med den unge skreddaren Martinus Samsonson Bakke, fødd i Davik, Nordfjord 15.7.1872. Me finn huslyden i Ålesund i FT1900:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Martinus Bakke hf g Skreddermester ?? 1872 Davikens NBPetrine Bakke hm g Hustru Skrædder 18.07.1860 Voldens RomSina Bakke d ug Skolebarn Datter 15.01.1892 VoldenFredrik Fransen Stedsøn ug Sømand matros Stedsøn 18.09.1884 Ulstenvik Rom~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Martinus Bakke utvandra til Amerika i 1902 og var heime på vitjing i 1907. Han busette seg i Chicago, IL der han kring 1909 fann seg ei ny kone, Inga NN, og dei fekk ei dotter i lag. Men noki vigsel mellom Martinus og Inga finn me ikkje i Chicago, IL, so det kan vera eit spørsmål om dei i det heile var gifte?Svaret kan liggja i Ålesund: I 1907 vert Martinus kalla ''gift mann'', so då levde framleis Petrine, men kvar vart det av ho etter den tid? Døydde ho før 1909 eller levde ho lenger??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

I Bygdebok for Ulstein og Hareid står det at både Frants og Petrine døydde når borna var små. Frants berre ein månad etter at minstemann var fødd september 1884. Borna vart oppfostra hos søster av Petrine, Oline, som også budde på Hatløya. Men noko dødsår for Petrine står her ikkje. I fylgje denne kjelda var ho fødd i 1849.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Otto for nye innlegg. Eg er svært forundra over utsegni frå bygdeboki frå Ulstein og Hareid som inneheld openberre feil. Petrine døydde so visst ikkje medan Fredrik var liten, og Fredrik budde jo hjå mor si i Ålesund i 1900. Men me skal hugsa på at boki for Ulstein og Hareid sikkert vart skrivi lenge før desse folketeljingane vart tilgjengelege på nettet, og forfattaren er sikkert vorten fortald at det var slik, utan å ha føresetnad eller høve til å kontrollera det!Det kunne forresten vera kjekt å vita kor mange born Petrine fekk i første ekteskapet sitt med Frants Knutson? Og får eg nøyaktige data for Frants, tek eg gjerne dei med ogso, inklusive yrke og bustad (gardsnamn or/eller plassnamn)!Og framleis vonar eg sjølvsagt på fleire opplysningar om lagnaden til Petrine...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Frants sitt fulle namn var Frantsinius. Foreldra var Knut Jonson Ekset (1813-1901) og Anne Olava Strand (1813-1893). Begge frå Volda. Flytte til b.nr 4 (Bakken) på Hatløy (g.nr 27) i Ulstein kommune i 1847. Same år som Frantsinius vart fødd. Det ser ut som Frantsinius og familie budde på bruket, utan at det vart skøytt over. Han var jakteskipper. Borna var: Frantsinius f. 1880, Anna f. 1882 og Fredrik f.1884. Om Fredrik står det at han budde ei tid i Ålesund. Kjelde: Bygdebok for Ulstein og Hareid.Eg kjenner etterkomarar etter Frantsinius og Petrine perifert frå min eigen oppvekst. Kan vel spore dei opp dersom dette er viktig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Otto for nye fine opplysningar!Jau, eg er forsovidt ionteressert i å koma i kontakt med etterkomarar, for dei kan vera i stand til å fortelja oss kvar det vart av Petrine? Og dessutan hadde jo Fredrik og dei andre borni ei halvsøster Sina Bakke, som kan ha etterkomarar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Har no snakka med ei som burde ha god kunnskap ved å vere fødd i 1927 og ved å vere inngift i slekta + at ho sjølv har vakse opp på naboøya Litle Hatløy (Borgarøya). Men: Ho kan ikkje tidfeste når Petrine døydde. Berre at ho døydde tidleg, og at dette var grunnlaget for at borna vart oppfostra hjå søstra. Ho visste ikkje om nokon som kunne vite meir om dette. Det var ingen i slekta som hadde 'ofra seg' for slektsgransking.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det må vel vere den same (Anne) Petrine, jamvel om fødselsåra ymsar i dei ulike innførslene. Ho er innført som utflytta i kyrkjeboka Ulstein Lenke (1888 nr. 20), attest 6.okt.1888, men med flyttetidspunkt 1884. ('Enke Anne Petrine Antonisd. Hatlø). Borna er ikkje nemnde her.Dei to eldste er konfirmerte i Ulstein, Fransinus 1895 (nr.7, f. i Ålesund 1880) og Anna 1897 (nr.13, f. Ulsteinvik 1882), begge med butad Hatløy. Den tredje, Fredrik f. 1884 (ifl. bygdeboka), finn eg ikkje konfirmert i Ulstein. Det må ver han som er i Ålesund i Ft1900.Forklaringa må venteleg vere at dei to eldste vart fostra av tanta og mannen på Hatløya (som var barnlause), medan yngstebarnet følgde mora. Så kan det ha kome ut ei mistyding om at også mora var død tidleg, sidan barna var i fostring. Dersom ho i tillegg døydde kort tid etter 1900, vil det i ettertida lett verte oppfatta som 'tidleg'. For folk som vaks opp 20-30 år seinare er det lett å blande saman tidspuntet for dødsfallet og tidspunktet for at ho let borna etter seg på Hatløya. Fransinus (d. 1962) budde på Hatløya, seinare på Osnes, og har etterslekt (ifl. bygdeboka; b.3 s. 312-3).Du lyt granske protokollane frå Ålesund etter Petrine og Fredrik. Døde og utflytta t.o.m. 1903 er lagde ut no, resten kjem vel etter kvart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Otto og Ivar for nye innlegg!Etter det som her kjem fram, lyt me tru at Petrine Johanne (eller Anna Petrine) døydde etter måten tidleg...Eg har i dag sjekka ut kyrkjeboki for Ålesund på nettet, avlidne fram til 1903, men finn ikkje Petrine Johanne (eller Anna Petrine) der. Eigentleg er eg ikkje overraska, for då Martinus utvandra både i 1903 og i 1907, er han kalla ''gift mann'', so om det er slik at Petrine døydde før Martinus fann seg ''ny dame'' i Amerika, so må det ha skjett i perioden 1907-1909. So er det eit godt spørsmål kor lang tid det vil ta før den boki kjem på nettet...? Kanskje nokion har tilgjenge til ein mikrofilm e.l.?Nok ein gong takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Til Lars E.Øyane: Eg har no kome i kontakt med lokale folk som har undersøkt litt omkring dette, og der det du har funne ut vert stadfesta. Bygdeboka tek m.a.o. feil. Dottera Sina døydde i 1913. Sonen Fredrik levde i alle fall på 1950-talet. Då var han på besøk på Hatløy. Når det derimot gjeld Petrine, så har det hittil ikkje vore mogeleg å finne ut meir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Herleiv Saunes

Hallo Lars E. ØyaneEg ser du har funne ut mykje om Petrine og hennar menn og born. Eg har engasjert meg siste dagane for å finne ut meir om Petrine,mennene hennar,borna,kvar dei bodde,når dei flytte hit og dit osv. osv. Har funne mange ting,deriblant eksakte datoar og årstal for dei forskjellige hendingane. Hadde tenkt å skrive eit resyme av dette som ein kunne ha for ettertida. Har vore i kontakt med Otto Ottesen som du har korrespondert med. Eg har ikkje kome lenger enn at eg ser at denne familia bor i Torvgaten i Ålesund i FT 1900. Barnet Sina Gjertine f. 15.01.1893 i Volda er begravd 11.02.1913 i Ålesund.Dette i følge kirkevergen i Ålesund. Ho fann dette namnet på et gamalt kort under navnet SINA GJERTINE BAKKE.Foreldra fann kirkeverjen ikkje noko kort på,heller ikkje på dataen. Ho sa at gravane sikkert var sletta for lenge,lenge sidan og at det kansje var derfor at ho ikkje fann noko i deira arkiv. Treng du fleire opplysningar om årstal og datoar,ein del er no ikkje rette i bygdebøkene,som eg har kan eg høyre frå deg. EIN VIKTIG TING SOM EG LURAR PÅ: Kvifor spør du om dette? Skriv du ei bok eller eit hefte om Petrine og slekta hennar? Eller hjelper du ein som er av Petrine sine etterkomarar? Håper på eit hurtig svar på dette. Hadde elles tenkt å begynne å leite i kyrkjebøkene i Ålesund på film etter Perine og Martinus Bakke etter 1900,men no leste eg det du har funne ut so då veit eg atskillig meir om dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Otto og Herleiv for interessante innlegg!Orsaki til at eg er interessert i opplysningar om Petrine, er at ho var gift med Martinus Elias Samsonson Bakke (1872-1936). Martinus igjen var son av Gjertrud Eriksdotter Høgi (1836-1928) frå Hafslo (Luster) i Sogn, og eg held på å skriva bygdebøker for Luster kommune der eg òg følgjer utflyttarane og dei nærmeste etterkomarane deira.Martinus Bakke er det nok ikkje stort meir å finna ut om i Ålesund; han utvandra til Amerika og døydde i Chicago, IL i 1936, men Petrine vart att i Ålesund. Eg vil tru at ho kanskje døydde kring 1907-1909, for på den tidi fekk Martinus seg ny kone i Amerika, men det kan jo òg ha vore eit skilsmål inne i biletet...?Eg er takksam for at du Herleiv har sett i gong leiting i kyrkjebøkene etter Petrine og huslyden hennar. Elles hadde det jo òg vore interessant å finna ut kva som står i dødsmeldingi etter Sina Bakke då ho døydde i 1913!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Då er det stadfest i bygdeboki for Vestnes, der eine søsteri til Martinus Bakke var busett (jmf. tema #34034), at ho hadde ein bror som budde i Ålesund ''som vi kalla Stopp-Skreddaren (fortalde Syvert O. Rekdal), han reiste frå kjæringa til Amerika''. So etter denne utsegni vert det jo ekstra spennande å kartleggja lagnaden til Petrine i Ålesund...!?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hanne Heen

HeiJeg sjekket kirkebøkene for Ålesund 1905-1910 og finner henne ikke blant døde der. Skal se om jeg også kan få sjekket inn/utflyttere, men rekker det nok ikke før neste lørdag.Mvh Hanne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Herleiv Saunes

Hei!Jeg har nå lett etter Petrine i kirkebøkene for: Ulstein-døde-1884-1910,Ålesund-døde-1903-1918,Ålesund-viede-1907-1910 uten å finne Ane Petrine Antonsd. her. Det jeg fant var konfirmasjonen til Sina Gjertine Bakke i Ålesund 21.04.1907.Det var vel da faren var hjemme fra Amerika på besøk i 1907. Jeg fant også Ug. Sina Gjertine Bakke som døde 06.02.1913 i Ålesund,begravet 11.02.1913 og jordfestet 11.02.1913. Det står veldig lite i kirkeboka ved hennes død,bare navnet,datoene,født 1893,fødested Volden,bopæl Aalesund,oppgiven dødsårsag tuberkulose,har lege vært tilkalt under avdødes siste sykdom: ja,er dødsfallet anmeldt av vedkommende for skifteretten (lensmannen):ja. Så det ser ut som Sina hadde veldig få av sine nærmeste rundt seg når hun døde. Opplysningene i kirkeboka ved hennes konfirmasjon er mye mer detaljerte,så det kan tyde på at hun da bodde i en familie som kjente henne godt. Jeg lette etter utflyttings-listene for ca. 1905-1915 for Ålesund,men fant ikke at de var på filmrullen,bare innflyttingslistene. Hanne ville jo se etter dette på Lørdag etter det hun skrev. Tenkte jeg skulle skrive et resyme av alt vi har funnet ut om lagnaden til Petrine,så kan jeg maile det til deg Lars hvis du oppgir din mailadresse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Hanne og Herleiv for iherdige freistnader på å finna lagnaden til Petrine Johanne Bakke i Ålesund. Det er merkeleg kor vanskeleg ho gjer det for oss...! No veit eg ikkje kvar me skal leita vidare...Mi mail-adresse er: loya@online.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Herleiv Saunes

Siste!Har fått vite av barne-barnet til Petrine Bakke (trur at ho vart døypt for ANNE PETRINE JOHANNE) at ho levde sine siste år på Borgund Gamleheim. Barnebarnet,Sina Skorpen,og mora Anna Dragesund (født Hatlø)var å besøkte henne ofte der. Sina Skorpen fortel at Petrine døydde då ho var i konfirmasjonsalderen,altså 1917+15=1932 pluss minus. Petrine døydde på Borgund Gamleheim ca.1932 og blei begravd på gamle Borgund kyrkjegard,no heiter den vel Nørve kyrkjegard. Hvis nokon kan sjå i kyrkjebøkene for Borgund og Ålesund over døde for perioden 1925-1935 ,så vil nok en finne Petrine der. De kirkebøkene som er scannet og lagt ut på Digitalarkivet for denne perioden er sperret p.g.a.personvern etc.... Er kirkebøkene for 1925-1935 sendt til Statsarkivet i Trondheim eller? Eg berre spør om nokon veit dette.Herleiv

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hanne Heen

HeiSer under kirkebøkene for Borgund, de som er registrert av Sulasoga at vi i 1933, finner Anna Larsgård død den 11 november 1933, hun er født i 1852 og døde på Borgund Gamlehjem. Hun kan jo være en mulig kandidat, men det står jo ikke hvor hun var født, og hvor kom Larsgård navnet så inn i bildet ? Ble de skilt og begge to gift på nytt ?Hanne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Herleiv Saunes

Hallo Hanne!Tror ikke at Ane Petrine giftet seg på nytt. Da hadde nok barnebarnet fortalt oss om det. Men i FT for 1900 står det at Marius og Petrine Bakke er utmeldt av Statskirken.Marius reiste jo rundt som baptistprest i USA også. Har vært i kontakt med Borgund menighetskontor som har kirkeboken for Borgund.Hun lette etter døde der fra 1929-1938 uten å finne Petrine. Der var mange fra Borgund gamlehjem i den boken sa hun.Hun mente at hvis Petrine ikke stod i statskirken,så var hun vel ikke kommet inn i kirkeboken heller. Liste over døde dissentere var det heller ikke i den kirkeboken hun hadde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hanne Heen

Har ikke sett så mange lister over dissentere på disse kanter, det skal vel være vanskelig å finne henne om hun døde så sent som på 1930 tallet. Vet ikke om bøkene for Ålesund er mikrofilmet så langt heller, tror de stopper rundt 1920. Jeg skal innom biblioteket i morgen og kan sjekke hvor langt de går med døde. Skule jo tro at Borgund Gamlehjem på den tiden lå under grensene for Borgund og ikke kom under Ålesund. Hanne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.