Gå til innhold
Arkivverket

[#33895] Just Jæger (1602-1685), skomakar frå Bergen(?) til Luster/Hafslo - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det dukkar opp ein skomakar i Luster midt på 1600-talet med namn Just Jæger. Det vert fortalt at han skulle vera fødd i Bergen kring 1602, og kanskje har han òg vore gift ein gong i Bergen, men kven første kona hans var, er uvisst. Dei busette seg her på ein plass i Årstu under Dale prestegard, men Just vart enkjemann, og kring 1675 gifte han seg att med Mari Manuelsdotter frå Rønnei i Luster, fødd kring 1646. Dei flytte til Marifjøra i Hafslo der Just døydde kring 1685. Mari levde truleg til kring 1720. Eg kjenner ikkje til born etter første ekteskapet, men Just og Mari fekk i alle fall to døtrer i lag:a. Bertha Justsdotter Jæger (1679-1762), var gift tre gonger, men døydde barnlaus på Hauge i Luster.b. Maren Justsdotter Jæger, truleg fødd kring 1682, var i 1762 busett i Bergen, men utan at me veit noko som helst om lagnaden hennar.Eg vonar at einkvan dreg kjensel på desse namni og kan hjelpa meg finna ut meir om både opphavet til Just Jæger og lagnaden til Maren Justsdotter Jæger i Bergen...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Iflg. ekstraskattmanntallet for Vågan, Nordland fra 1764 het klokkeren der Just Jæger. Alderen er ikke oppgitt, men han hadde barna Eleazar (15 år), Karen (13 år), Lars, Petter, Dorothea og Gjert. Kona het Rachel Larsdatter. Noe slektskap til skomakeren fra Bergen har jeg ikke funnet, men navnet peker vel i den retning? Dette funnet gjør det i alle fall verdt bryet å lete litt etter denne klokkerens opphav.Foreløpig har jeg ikke funnet ut noe om hvor Just Jæger fra Vågan kom fra, men jeg merker meg at Olaf Jæger i 'Stamtavle over familierne Jæger i Norge' angir Knud Eeg Jæger (1709-1768) som stamfar til den nordlandske gren av familien Jæger. K.E.Jæger var gullsmed, men han hadde en bror som var klokker i Bergen (Nils Knag Jæger). Dette kan kanskje styrke hypotesen om at Vågan-klokkeren var av samme familie? Knud E. Jæger og Nils K. Jæger var sønner av Ahasverus Jæger (1679-1745), tollbetjent i Bergen, og sønnesønner av Christian Jæger (før 1625-1691), sogneprest til Helleland [for flere detaljer se her: http://www.winnem.com ].

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Michael Moum

Fra skifter i Salten:skiftet etter Just Jæger ble åpnet 16/3 1770. Formue: 176-1-6 Gjeld: 92-3-2 Boets innhold: Sølv merket J.I.R.L.D./J.G.R.G./I.F.R.L.D./G.G.S.S.P.D.Rachel Larsdatter, hustruFredrik Jæger, 36 år, sønnLars Hegelund Jæger, 29 år, sønnPeder Jæger, 26 år, sønnEleasar Jæger, 24 år, sønnJacob Paulus Jæger, 16 år, sønnDorthea Jæger, 36 år, datter, gift de FuneBarbroe Margrethe Jæger, 31 år, datterKaren Jæger, 21 år, datterMartha Maria Jæger, 19 år, datter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Det er godt mulig at Michael har rett. Eldste sønn av klokker Just Jæger het jo Fredrik. Det kan i alle fall være nyttig å kikke litt på Fredriks Jægers opphav.Det er ikke mye jeg har funnet om Fredrik Jæger, men han hadde tilsynelatende en bror som het Søren. Fredrik, Søren og deres ektefeller var i alle fall faddere for hverandres barn flere ganger. Dessuten ser vi at Søren og Fredrik Jæger tok borgerskap som skippere i Bergen i hhv. 1705 og 1706.I borgerrullen er både Søren og Fredrik Jæger ført med Bergen som fødested. Det burde vel da være mulig å finne noe av familien i kilder fra 1600-tallet. Det eneste kilden jeg foreløpig har klart å finne noe i er koppskatten for Bergen fra 1683. Der finner jeg til overmål to personer som heter Just (Jost) Jæger! Den ene i rode 1 ser ut til være g.m. Anne Dagfinnsdatter. Den andre i rode 6 ser ut til å være g.m. Maren Andersdatter.Jeg finner ikke noen av disse Jægerne i Bergen i andre kilder, og det er jo litt merkelig. Til slutt nevner jeg at Søren Jæger muligens flyttet til København. Et skifte fra Horsens (1749) viser at en Maren Jæger i Fana hadde to brødre: Søren som var Kbh. og Gustav i Horsens (arvelater). Tiden vil kanskje vise om dette er samme familie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Knut og Michael for fleire interessante og spennande innlegg!Det kan vel ikkje vera særleg tvil om at Just Jæger i Luster høyrer til same Jæger-ætt som den (eller dei) Just'ane som dukkar opp i Bergen nokre år seinare; det er berre so trist at kjeldetilfanget på tidleg 1600-tal er so ''skrøpeleg''.Sokneprest Christian Clausson Jæger til Helleland (1606-1695) skal ha vore den første av si ætt i Noreg, og den ættetavli som du Knut syner til, ser svært so fullstendeg og ''profesjonell'' ut! Men dersom so er tilfelle, so må det ha vore ei anna Jæger-ætt i Bergen på same tid som Just'ane våre og likeins Fredrik og Søren høyrer til. Eller kanskje ikkje ætti hadde hovudsete i Bergen i det heile? Kom dei kan henda frå ein eller annan stad i Danmark?Eit alternativ kunne elles ha vore at skomakaren i Luster var bror av soknepresten til Helleland, og då oppstår jo spørsmålet om kor trygge me kan vera på at Christian Jæger ikkje hadde fleire søsken enn dei som er nemnde i den ''profesjonelle'' ætteboki?Eg vonar framleis på at nye interessante opplysningar vil dukka opp om dette ætti og takkar nok ein gong for alle nye tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ei opplysning frå ei av dei gamle tingbøkene frå indre Sogn har pirra interessa mi:På tinget på Frakstun i Luster 21.10.1669 vart det teke opp skussmål på ''Maren, mor til Christen og Bent Justsen''. Eg veit ikkje om andre med namnet Just som budde i Luster på den tidi, so dette må vel vera Just Jæger og huslyden hans, eller?? Om dette stemmer, so var Mari ogso namnet på første kona til Just Jæger, men kva so med borni?Eg er takksam for alle gode tips!!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Rindedal

Tilføyer bare at en Just Jæger også nevnes i skattemanntallet 1700(hos Vigerust). Er da i 6.rode,handtlanger ved festningen og skredder. Ang koppskatten 1683, så leser jeg det som at den ene Justen var gift med en Davidsdtr og ikke en Dagfinnsdtr. Har også notert en Willum Justsen f.københavn som tar borgerskap i Bergen 1656 som utfarer, og som var gift med Ingeborg Nilsdtr Rasch.Disse skal ha en tilknytning til Torsken,på Senja(?).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.