Gå til innhold
Arkivverket

[#33908] Ein mann ved namn Antonis


Gjest Alf Strand
 Del

Recommended Posts

Gjest Alf Strand

Ein gong ved midten av 1600-talet budde det, truleg i Sogn eller Sunnfjord, ein mann som heitte Antonis som fekk minst 4 born. Dei fire borna hamna i Solund, men Antonis eller Antons budde truleg ikkje der sjølv. Syskjena Rasmus Antonson Råke, 46 år i 1701, Magnhild Antonsdtr. g. m Rasmus Trulsson Strand, Brite Antonsdtr. g.m Nils Jakobson Olderkalv har kome til Solund på slutten av 1600-talet og gifta seg til gardar der. Brorson deira, Antons Jørgenson, vart gardbrukar på eit anna bruk på Strand i 1718. Han er fødd på landslegd,står det i militær rulle 1718. I 1701 er han hjå farbroren Rasmus Antonson i Råke. Far til Antons, Jørgen Antonison døyr hjå sonen i 1730, 77 år gammal. Han er komen dit på sine gamle dagar. Spørsmålet er kvar desse syskjena kom frå. Antonis er ikkje noko vanleg namn. Nokon som har ei aning? Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Gisle Hersvik

Hei Alf,Mulig et blindspor, men det vart i 1721 gift ein Antoni(u)s / Ant(h)on(i)s Simonsson f. ca. 1680 og d. ca. 1756 på GyltaI 1701 finn vi to stk Antonius Simonsen (eller liknande):a) Antons Simensen* Møkelbost, Gloppens - 6 årFar hans er:Simen Antonsen Møkelbost, Gloppens - 34 årb) Antonis Simmensøn Tefre, Førde - 34 år (kanskje dette er den same som kom til Gylta?)************Du nemner ein Jørgen Antonison, og her er ein kandidat:A) Jørgen Antonsen Gloppestad, Gloppens - 34 år************== Kanskje Førde og Gloppen kan vere ein stad å starte leitinga?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Ove Hattrem

Ad (1): Det besvarer ikke ditt spørsmål, men jeg nevner som et apropos at en ''Anthonius Rasmussøn'' fra Nordfjord tok borgerskap som kipper i Bergen 9.11.1696.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Antoniusnamnet var svært sjeldent på Vestlandet først på 1600-tallet, og den som kan ha ført det til Sogn var Mogens Antoniussen, som var (etter minnet) sorenskrivar i Indre Sogn i 1620- eller 30-åra.Mogens var son av Antonius Knutsen, borgarmeister i Oslo. Sjekk vigerust.net!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Irene Westen

En Antonius Knudsen var født ca 1674 og levde på Stryn. 4 barn i første ekteskap: Kari, Anne, Aase og Marite. I andre ekteskap: Thore, Østen og Helge. En annen - Antonius Ivarson Greidung var født ca 1600 antakelig i Erdal. Kjenner dessverre ikke til barna her. Dette bare som et lite tips - lykke til! Mvh Irene

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

FS og veldig usikkert. Magnilde Antonisdt. fca. 1661 Gulen SF gift ca. 1693 Strand med Rasmus Trulsen.Døde i SF: Antonius Einersen, Kjøde, +1669, Åheim krk.----Antonius NN Strømmen +1682, f.1621.---- Birrite Antoniusdt. Strømmen f.1654-1682. Alle i Sellø (1441).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Eg takkar for hjelpa frå dei som har kome med innlegg. Enno er eg ikkje komen noko nærare. Jørgen Antonison Gloppestad er det skifte etter i 1731, så han er ute av bilete. I mellomtida har eg lesi bygdeboka for Hyllestad og der funne ein Antonius som brukar på Sågnes i perioden 1645 - 1692. Kona hans heitte Ingeborg Rasmusdtr. Ingen born er nemnde for dei, men ut frå namnebruk og alder, ser eg ikkje bort frå at dette kan vera rett spor. Og me veit at det har vore godt mykje samband mellom gardar i Solund og i Hyllestad gjennom tidene. Er det nokon som veit meir om denne Antonius på Sågnes?Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Løkkebø

Hei. Har du vært innom databasen til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Der vil du finne flere som blir døbt Anonius på slutten av 1600-tallet. Og du vil også finne flere med Antonius som far i samme periode.Lars

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.