Gå til innhold
Arkivverket

[#33923] Johannes Wernikson, f. 1681, g. Hafslo 1718 m. Margretha Andersdot. - til Årdal?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes Wernikson, fødd i Hafslo kring 1681, i 1701 tenestedreng på Fet i Hafslo, gifte seg i Hafslo 20.11.1718 med Margretha Andersdotter frå Hals under Marheim i Hafslo, fødd i Hafslo kring 1695. Parfolket får ein son i Hafslo:* Anders Johannesson, døypt i Hafslo 12.12.1719Om det er same foreldri som 16.8.1721 i Hafslo døyper ein ny son Anders frå Åretun i Lærdal er uvisst...Eg trur Johannes har vore gift ein gong før, for i Årdal dukkar det opp:* Wernik Johannesson, truleg fødd kring 1710, gift før 1739 med Anna Olsdotter, dotter av ein Ole Sjurson og Kari Olsdotter, busette i Seimsdalen i Årdal. Wernik og Anna skal ha butt på Hæreid i Årdal og vart foreldre til m.a. ein Johannes Wernichsen (1739-1807) som ende opp som ''dragar'' i Bergen.Er det nokon med lokalkunnskap i Årdal som kan bidra med fleire detaljar om denne huslyden? Kvar vart det av Johannes Wernikson og Margretha, og fekk dei fleire born i Årdal?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få trekka fram att dette spørsmålet med von om at kanskje nye lesarar og brukarar er komne til, som kan kasta ljos over denne huslyden?Eg ser at det i januar 1794 vart halde skifte etter ei Kari Werniksdotter på Jamnaker i Årdal. Ho let etter seg ein son Johannes Tørrisson på 10 år. Det ser ut til at Kari hadde vore gift med ein husmann Tørris Johannesson på plassen Hola under Prestegard i Årdal. Denne Kari var sikkert nok ei dotter av Wernik Johannesson og Anna Olsdotter...Eg vonar på at einkvan kjenner att desse folki og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Er dette dødsfallet til drager Johannes i 1807? [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=bedo1668&gardpostnr=61433&merk=61433#ovre>Lenke Er dette samme mannen i 1801? Lenke. Og dette er vel giftermålet deres i Lærdal (Årdal) i 1760 LenkeDette er vel sønnen Wernich, døpt 1771 i DK, Bergen Lenke en ny sønn Wernich døpes i DK i 1772 Lenke og en tredje sønn med samme navn i 1779 Lenke.Johannes og kona må ha kommet til Bergen året etter giftermålet i Lærdal, for de har en datter Maren til dåpen i DK i 1761 Lenke så følger sønnen Mons i 1764 Lenke, og de øvrige barna er: Anne, døpt 1767, Lenke, Sjur, døpt 1768 Lenke 03&merk=74903#ovre, Ole Andreas, døpt 1774 Lenke, Anne Marie, døpt 1775 Lenke . Johannes og kona har i allefall fem barn som blir gravlagt i årene 1763-1779 LenkeHer er drager Johannes i undersøkelseskommisjonen i Bergen 1804-1805. Han er 73 år og blind LenkeSer at to av døtrene til Johannes og Ingrid / Inger het Anne / Anne Marie. Kona til Wernik Johannesen het Anne Olsdatter. To andre sønner het Sjur og Ole Andreas, og faren til Anne Olsdatter het Ole Sjursen…Dette er kanskje å dra det for langt, men navnene går igjen…Dette er vel for øvrig giftermålet til Ole Sjursen og Kari Olsdatter i 1715

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.