Gå til innhold
Arkivverket

[#33949] Fredrik Pederson (Folderup) (1728-1797) frå Marifjøra til Solund -søsken/huslyd?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nokre av dei spørsmåli som vert tekne opp her, har vore diskuterte før under tema #7773, men lat meg summera opp:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Thomas Pederson Folderup (1679-1745), visstnok barnefødd i Lærdal, kom kring 1705 som landhandlar til Marifjøra i Hafslo. Han var gift med Eli Jensdotter frå Urnes, og dei fekk to born, dotteri Margretha (gift i Gaupne) og sonen:Peder Thomasson, fødd kring 1704, gift første gongen på Kongsberg 26.7.1727 med Malena Fredriksdotter, av ukjent opphav. Dei budde ei tid på kongsberg, men kom sidan attende til Marifjøra der Peder truleg styrte landhandelen i lag med far sin. Malena døydde kring 1740, for 29.1.1741 gifte Peder seg att i Hafslo med ei Anna Andersdotter. Peder og Anna budde framleis i Marifjøra kring 1750. Det har vore hevda at dei flytte til Solund, men me har vel eigentleg ikkje noko prov på at dette stemmer. Truleg fekk Peder Thomasson minst fire born (manglande opplysningar om denne huslyden er markerte i eigne avsnitt med spørsmål...):~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~1. Fredrik Pederson, døypt på Kongsberg 8.2.1728, gifte seg første gongen i Solund? (vigselsdatoen?)1757 med Ingeborg Andersdotter frå Trovåg i Solund. Ho var dotter av? (foreldri hennar?)og f. i Solund? (dåpsdato?)1733, men d. i Solund alt? (gravferdsdato?)1758. Fredrik gifte seg so att i Vilnes? (vigselsdatoen?)1758 med Orlaug Olsdotter frå Vatsøen i Vilnes, Askvoll. Ho var dotter av? (foreldri hennar?)og f. i Askvoll? (dåpsdato?)1740. Fredrik vart gardbrukar på Kråkevågen i Solund der han budde levetidi ut. Fredrik vart gravlagd frå Kråkevågen 26.2.1797, medan Orlaug vart gravlagd same staden 25.11.1812. Dei fekk sju born i lag: a. Ingemar Fredrikson, døypt i Solund? (dåpsdatoen hans?)1759, d.? (dato og stad for dødsfallet hans?)Ingemar gifte seg i Gulen 18.7.1790 med Gretha Andersdotter frå Strand i Solund. Ho vart døypt i Solund? (dåpsdatoen hennar?)og d.? (dato og stad for dødsfallet hennar?)Ingemar og Gretha var ei kort tid gardbrukarar på Dumba i Solund, men flytte derifrå i 1795.? (seinare lagnad? - fekk tre born på Dumba og i 1801 er Ingemar nemnd som ugift tenestedreng på Kråkevågen!b. Østina Fredriksdotter, døypt i Solund? (dåpsdatoen hennar?)1760, vart gravlagd frå Kråkevågen? (gravferdsdatoen?)1780, ugift. c. Bertha Malene Fredriksdotter, døypt i Solund? (dåpsdatoen hennar?)1762,? (lagnaden hennar?)d. Elisabeth Fredriksdotter, døypt i Solund? (dåpsdatoen hennar?)1764, d. som gardbrukarkone på Hjertås i Gulen 20.12.1820. Ho gifte seg første gongen i Gulen 7.7.1794 med Anders Andersson frå Hjertås i Gulen, døypt i Gulen? (dåpsdatoen hans?)1768. Anders og Elisabeth var gardbrukarar på Hjertås i Gulen, og derifrå vart Anders gravlagd 17.12.1807. Elisabeth gifte seg att i Gulen 29.7.1810 med enkjemannen Ole Thomasson, opphavleg frå? (kvarifrå?)døypt i Gulen? (dåpsdatoen hans?)1761. Han d.? (dato og stad for dødsfallet hans?)Ole hadde vore gift to gongar før og butt både på Steinsund og på Hardbakke, men vart gardbrukar på Hjertås då han gifte seg med Elisabeth. Han vart attgift endå ein gong etter at Elisabeth fall ifrå, men fekk visstnok ikkje born i nokon av ekteskapi sine. Elisabeth hadde derimot seks born, som alle var frå første ekteskapet med Anders Andersson. e. Pernilla Fredriksdotter, døypt i Solund? (dåpsdatoen hennar?)1765, vart gravlagd frå Kråkevågen 12.10.1802, ugift. f. Jens Fredrikson, døypt i Solund? (dåpsdatoen hans?)1768, d. som kårmann på Kråkevågen? (dødsdatoen hans?)1835. Han gifte seg i Gulen 2.7.1792 med Orlaug Andersdotter frå Øverås i? (kvar er det?)Ho vart døypt? (dato og stad for dåpen hennar? - 1765?)1761 og d. som kårenkje på Kråkevågen? (dødsdatoen hennar?)1842. Jens og Orlaug tok over som gardbrukarar på Kråkevågen i Solund etter foreldri hans og fekk to born i lag. g. Britha Fredriksdotter, døypt i Solund? (dåpsdatoen hennar?)1770,? (lagnaden hennar?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~2. Thomas Pederson, truleg fødd på Kongsberg kring 1731, er kanskje identisk med ''ungkarl'' Peder Thomasson på Kråkevågen i Solund som i 1756 fekk eit barn med Anna Larsdotter frå Kråkevågen (NB: Tingboki for ytre Sogn burde kunna stadfesta om dette er same mann...!?), men den seinare lagnaden til Thomas er ukjend!~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~3. Hans Pederson, døypt i Hafslo 18.9.1735, ukjend lagnad!~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~4. Britha Pedersdotter, døypt i Hafslo 21.6.1739, likeins ukjend lagnad!~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Her er diverre framleis mange hòl i denne framstillingi, men so vidt eg kan forstå, kjem me ikkje stort lenger utan dei eldste kyrkjebøkene for Gulen og Askvoll og kanskje tingboki for 1756?Om nokon med lokal kunnskap har tilgjenge til desse kjeldene, ville eg setja stor pris på hjelp til å fylla i alle fall nokre av desse hòli, òg særleg hadde det jo vore kjekt å spora opp dei som me ikkje veit noko om i det heile...!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har kikka lite veta på FamilySearch, og eg har funne nokre få av dei datoane som eg etterlyser:* Fredrik Pederson gifte seg første gongen i Gulen (Solund) 4.1.1757.* Ingemar Fredrikson vart døypt i Gulen (Solund) 5.7.1759.* Jens Fredrikson vart døypt i Gulen (Solund) 26.5.1768.Men merkeleg nok såg eg ikkje noko til nokon av søstrene. Er registreringi på FamilySearch so ''tilfeldig''?Eg vonar framleis på innspel, og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Nordvik

Hei LarsDet eg kan føye til er:Foreldra til Orlaug Olsdtr Vatsøy er Ole Olsson Tviberg, Askvoll og Brita Olsdtr Rennestraum, Fjaler. Diverre har eg ikkje dåpsdatoen.Jens Fredriksson Kråkevåg er døypt 26.05.1768.Orlaug Andersdtr Øvre Ås var dotter av Anders Johannesson Øvre Ås i Hyllestad og Alis Hansdtr Nautsund, Fjaler.Helsing Tore Nordvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Er Thomas sønn av Peder Foldrup jr. og Lucie Eriksdt. Leganger som vel bodde på Øye i Årdal? De brukte navnet Margrethe etter moren til Peder jr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ang. Ingeborg Andersdotter frå Trovåg i Solund:Eg har ikkje funne nokon med dette namnet nemnd under garden Trovåg (ref. Bygdebok for Solund), men kan ho vere frå Fivesdal i Gulen?FS IGI: Lenke (dp. 27 DEC 1733)Gulen boka opplyser: Anders Mikkelson Fivesdal g. 1721 m. Kari Andersdotter Rørdal (d.v.s. Rørdal i Solund). Der er nemnd ei dotter Ingeborg f. 1734.Ei dotter Kari, f. 1728, vart g. 1764 m. Ivar Klemetsson, truleg frå Solund (Rørdal?) står det i Gulen boka. Ei av døtrene deira igjen g. 1801 m. Lars Pedersson Indreøy (Solund). Så det er i alle fall tilknytning til (dagens) Solund!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Østine Fredriksdtr, f. 1760: ---ikkje funne---Birthe Malene Fredriksdtr., f. 1762: [url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/igi/individual_record.asp?recid=100127814757&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=Norw9SoFj&juris2=SoFj&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=Sogn+Og+Fjordane&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>LenkeLisbeth Fredriksdtr, f. 1764: LenkePernille Fredriksdtr, f. 1765: LenkeBirthe Fredriksdtr., f. 1770:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ref. innlegg (3) om Foreldra til Orlaug Olsdtr Vatsøy er Ole Olsson Tviberg, Askvoll og Brita Olsdtr Rennestraum, Fjaler:Under Kråkenes N., Solund Bygdebok:'Ola Olson Vatsøy var neste mann her. Han og kona var eldre for då dei flytta hit.'Dei har budd på Vatsøy sidan Ola har fått det namnet.Under Vatsøy, Solund:'Ola Olson Tviberg, 28 år i mil rulle 1738 (50 år i legdsrulle 1748). 1735 var Anders Vasøen forlovar for hono og Brithe Olsdtr. Rennestraum (Fjaler).... Det er skrevne 3 barnedåpar for deim her, og eitt heimedøypt. Det vantar då dåp for 2 til...'5 barn er nemnde. Orlog sin dåp er vel då den eine som vantar...likeins yngste dottera Johanne, f. 1744. Dei andre, Gjert, f. 1737, Kari, f. 1739, Alis, f. 1741.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik
Gjest Alf Strand

Fredrik Pederson g. 4/6 1757 m. Ingeborg Andersdtr. Skifte etter henne var 29/7 1758. 21/11 1758 gifte Fredrik seg att med Orlaug Olsdtr. Vassøy. Ingemar Fredrikson og Grete Andersdtr. var gardbrukarar i Dumba i 5 år til dess ein av arvingane der fekk kjøpa bruket. Dei fekk ein son Kornelius på Krakken 1795 og ein son Anders i Kråkevåg 1797. Kvar det seinare vart av Grete og Ingemar, har eg ikkje funne ut enno. Jens Fredrikson d. 25/1 1835. Orlaug Andersdtr. d.6/12 1842.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Eit raskt søk i folketeljinga 1801 viser at Ingemar Fredrikson og Grete Andersdtr. bur i Bergen i 22de Rode, Gard 61. Ingemar er kalla daglønner. Dei har med seg borna Fredrik på 7 og Olina på 9 år. Dei andre 3 borna er då døde. Grete hadde ein halvbror i Bergen som eg gjerne vil komma attende til i eit seinare tema.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tore, Berit, Gisle og Alf for skikkeleg godt ''teamarbeid''! Eg er mållaus og imponert over alle dei fine opplysningane som de er komne med opp gjennom dagen!For å oppsummera lite veta:* Opphavet til Thomas Pederson Folderup er eit aldri so lite ''problem''! Han var fødd kring 1679, og besteforeldri hans var nok Peder Pederson Folderup og kona Lucia som budde på Øye i Lærdal, men eg er ikkje so sikker på om det var son deira Peder Pederson Folderup (jr) som vart far til Thomas Pederson... Eg har meir tru på at det var eldste dotteri Margretha Pedersdotter Folderup, truleg fødd kring 1657, som vart mor til Thomas, noko som òg vert stadfesta gjennom namnet til einaste dotteri i Marifjøra. Men om Margretha Pedersdotter var gift og med kven, er førebels uvisst!* Gisle reiser spørsmål om opphavet til Ingeborg Andersdotter, første kona til Fredrik Pederson. Kanskje var ho frå Fivesdal og døypt i Gulen 27.12.1733, men om det vart halde skifte etter ho 29.7.1758, so var ho barnlaus, og det går vel fram av skiftet kven som levde att av søskeni og/eller foreldri hennar?* Andre kona til Fredrik, Orlaug Olsdotter, må vera fødd kring 1735, om me skal tru fødselsdatoane til dei andre borni etter Ole Olson på Vatsøy og kona Britha? Kanskje Orlaug vart døypt i Askvoll?* Det er verkeleg bra av Alf å ha oppdaga Ingemar Fredrikson i Bergen, men kona hans er òg eit problem! Ikkje har me nokon dåpsdato for ho, og heller ikkje finn eg dødsfallet hennar i Bergen. Flytte ho kanskje attende til Solund som enkje?* Eg spekulerer vidare på kva som kan vera kjeldi til opplysningane om dotteri Østina Fredriksdotter, fødd 1760, avlidi 1780. Eg trur faktisk ikkje at Østina har eksistert i denne huslyden i det heile...(?)* Anders Andersson Hjertås skal vera fødd i 1768, men dåpsdatoen hans er også ukjend. Likeins veit me svært so lite om Ole Thomasson, han som vart andre mannen til Elisabeth Fredriksdotter!?* Bertha Malene Fredriksdotter døydde tydeleg kort etter fødsli, men kvar vart det av yngste søsteri, Bertha Fredriksdotter, fødd 1770? Eg finn ei Bertha Kirstine Fredriksdotter gift i Bergen med tømmermann Christen Johnson Dahl. Kan det vera ho??* Elles står me òg att med spørsmålet om Thomas Pederson sin mogelege ''gjesteopptritt'' i Solund i 1756, men tingboki er vel verre å sjekka...?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi med denne huslyden so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Oddvar for eit svært so interessant innlegg! Dette er utan tvil Margretha Pedersdotter Folderup frå Øye i Lærdal som døydde på Nedre Golten i Sund. Men då er det jo eit interessant spørsmål: Kven var denne Margretha gift med? Hadde ho born?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ang. Nedre Golten, ref. debatt 7773 innlegg (12):...Margrethe Pedersdtr. Folderup, datter av Peder Pedersen og Lucie Eriksdtr. som Knut refererer til ble gift med Mikkel Olsen Nedre Golten i Sund prestegjeld. Hun døde i 1738 og etterlot seg barna: Ide, Søren, Lucie og Anne...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Ja, det går unna her…Skiftet etter Ingeborg Andersdtr. må sjekkast; Har lagt inn forespørsel til SAB / DA: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=arkiv&temanr=34018&sok=&startnr=&antall=&spraak=>LenkeDet finnes ei Orlog Olsen, f. 1736 i Førde: Lenke, så kanskje noko med Førde-kjelder kan sjekke ut denne ?Dei søskena til Orlog Olsdtr. Vassøen som vi finn er alle døypte i Askvoll (Vilnes).- Birthe Malene, d. 1762 ifølge FS IGI oppføringa: Lenke- Pernille, d. 1802: Lenke (37 år, og det er vel ho vi finn som tjenestepike under Eide i Eivindvik (no Solund kommune) i 1801)- Grete Andersdtr. er ifølge FS IGI, døypt 25.05.1760 i Gulen, SF (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddvar Søreide

Tar med ett lite utsnitt fra Tingboka 1742 angående Golten, som da beskriver barna til Margrethe gift med Michel Olsen Nedre Golten.Citanten Søfren \Michelsøn/ producerede Een Stæfning af Dato Den 9de Decembr/is A/nn/o *1742 (1741), som for Rætten Lydeligen blev oplæst og er af følgende indhold. /: NB. NB. NB. See stæfningen :/Citanten Søren Michelsøn og Hans Svoger den indstæfnte Mons Knudsøn bleve strax for Rætten saaledis forligte, at efter som Mons Knudsøn ey bruger mere udi Nedre Gal[ten] end Et Pund og Tre Marker Smør efter Skatte Skyld, som er den Halve Part af Nedre Goltens Skyld, saa fra fald Han stæfne maalet saa vidt Jorden angaaer, Hvilket lidet Brug Mons Knudsøn skal beholde til odel og Eyendom for Citantens og Hans arvinger upaa-klaget i alle maader, Sam/m/e brug haver Mons Knudsøn Kiøbt af Mons Olsøn Leerøen d/en 18de Octobr/is A/nn/o 1738, Som det publicerte Skiøde sam/m/e Dag paa Schoge Ting lyst udviiser, Der imod Skal Citanten Søren Michelsøn nyde den Halve brug udi alle de Laxe Vaager, baade Sør og Nor Varøe og Øvre Vaagens og Øvre Goltens, saa længe De Lever, dog ey som Eyendom men ikkun som et brug, at forstaae saa vidt Mons Knudsøns Part angaaer.Den indstæfnte Mons Olsøn fremstod for Rætten og Declarerede at Han gierne enten for Penge eller andet Jorde gods ville afstaa d/e 8te Marker Fisk til Søren Michelsøn Hans Datter Anne \Mons Datter/ haver faaet udi Nedre Galten, Strax paa stæden afstod Citanten Søren Michelsøn til Anne Mons Datter Den Part han hafde udi Een Sølv Krone efter sin Sahlig Moder Margrethe Peders Datter Galten Som beløb efter Vurderingen 7 rd 3 mrk 5 sk, des foruden leverte til Mons Olesøn Leerøen Anne Mons Datters \fader/ over Vurdering 3 mrk Danske efter forligelse.Hvilket kald og varsel Hans Simonsøn Schoge og Hans Olsøn Schoge ved Eed med oprakte fingre efter Loven afhiemlede at Have forkyndt saaledes, som Deris paa stæfningen skrevne forkyndelse udviiser.Dernest blev Ole Albretsøn Vorland, som haver Citantens Søster Lucie Michels Datter til Egte \tilspurgt/ om Han ikke ligesom de andre tvende Svogre Ville af staae De 8te M/arker Fisk Hans Kone Lucie Michels Datter efter Hendes Moder Margrethe Peders Datter Golten er til falden udi arv i gaarden Golten eller der for Liide Dom. Der til Han svarede Ney, men Tilstod at Søren Michelsøn er Hans Kones Broder,Citanten Søfren Michelsøn paa stod Dom efter Loven som sande odels Mand til den paa stæfnte Jord tillige med at Ole Albrethsøn, som *som (samme?) tid er til buden her for Rætten enten Penge eller Jord for Ole Vorlands Kones Part Hun er tilfalden udi gaarden Golten, maatte til findes at betale alle paa gaaende Omkostninger,Hvor paa af os samtlig strax blev Kiendt, som følger.See Dom/m/en findes indført paa Folio --

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddvar Søreide

For oversikt skyld, barn av Margrethe og Michel.01. Lucie Michelsdatter 1g Elling Thomassen Vorland 2.g. Ole Albrigtsen Sør Eide02. Anna Michelsdatter g. Mons Knudsen Bakke03. Søren Michelsen g. Malene Carstensdatter Bjelkarøy04. Ide Michelsdatter g. Mons Olsen Lerøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle og Oddvar for nye spennande innlegg! Her går det unna!Etter desse siste opplysningane, so synest det ganske klart at Margretha Pedersdotter Folderup IKKJE kan vera mor til Thomas Pederson Folderup i Marifjøra, so då er nok Thomas likevel son av Peder Pederson Folderup (jr), sjølv om Peder må ha vore svært ung då han fekk denne sonen! Eit anna alternativ kunne sjølvsagt vera at Peder Pederson Folderup (sr) gifte seg att etter at Lucia Eriksdotter døydde i 1678, og at denne andre kona vart mor til Thomas Pederson Folderup i Marifjøra, fødd kring 1679...!? I so fall lyt me kanskje leita etter ei ... Thomasdotter som mor?Elles kjem ogso fleire brikker på plass når det gjeld huslyden til Fredrik Pederson, og er sjølvsagt svært takksam ogso for det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.