Gå til innhold
Arkivverket

[#33949] Fredrik Pederson (Folderup) (1728-1797) frå Marifjøra til Solund -søsken/huslyd?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Ingemar Fredriksson, f. Kråkevåg:Undersøkelseskommisjonen 1804-1805 Bergen: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=berg1804&gardpostnr=4614&merk=4614#ovre>Lenke, saman med sonen.Grethe og borna, Fredrik og Oline som begge lever ved FT 1801, har eg ikkje funne meir om. Og dottera Inger, f. 1801 (etter FT?) har eg heller ikkje funne meir om.********Lisbeth Fredriksdotter, f. Kråkevåg og hennar 2 gifter:Anders Andersson Hjertås, f. 1768 har eg ikkje funne på FS, men har så langt funne 7 born for han og Lisbeth Fredriksdtr. (Johanne, Anders, Orlaug, Olina, Eli, Johannes, Peder) fødde mellom 1795 og 1806. Naturleg nok vart ikkje andre giftet til Lisbeth like barnerikt (sidan ho då var 46 år), men ein son Thomas vart dp. 02.09.1810 (Lenke).Ola Thomasson Hardbakke, 40 år i 1801 var g. 15.07.1800 (Lenke & Lenke) med Gyri Jørgensdtr, 70 år i 1801 (f. 1731 Eide, Eivindvik, no Solund, Lenke), d. 1808/09(?), sjå Lenke & Lenke. Hennar første mann, Anders Mikkelsen, d. 1799: Lenke (f. 1730 Trovåg, Solund, Lenke). Anders og Gyri vart g. 1754 (Lenke).Ola g. II. 29.07.1810 (Lenke & Lenke) m. Lisbeth Fredriksdtr.Som vi ser er Ola skreven Steensund (Steinsund) då han gifter seg i 1800. I 1794 gifter ein annan Ola Thomasson Steensund seg, men både han og kona (Anna Colbeinsdtr) lever til 1824 (på Norren / Nårå) ifølge mine notater: Lenke, så ”din” Ola har vel kanskje eit anna opphav enn Steinsund ?Ola g. III. (enten 8.1.1821 (ref. mi ”avskrift” frå Gulen-boka) eller 18.1.1822 (ref. FS:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Jau, då, Østine Fredriksdtr. har nok eksistert. Ho er innført i kyrkjeboka som gravlagd i 1780, diverre har eg ikkje datoen. Men alderen hennar er nokso nøyaktig oppgjeven: 19 år og 50 veker! Fredrik Ingemarson døyr som ugift tenar på Utvær 30/6 1826. Oline Ingemarsdtr. døyr som legdslem i Dumba 15/11 1830. Eg var glad du Gisle fann Inger Ingemarsdtr. fødd i Bergen i 1801. Mor til Grete Andersdtr. heitte Inger. Denne Inger f. 1801 er konfirmert frå Tangenes i Solund 1818. Gjert Olson er oppgjeven som forsytar. Far hans var halvbror til Grete Andersdtr. Grete har eg ikkje funne noko meir om enno.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle og Alf for nye spennande bidrag!Det var bra at du Gisle har sett på opplysningane om Ole Thomasson, andre mannen til Elisabeth Fredriksdotter. Det er elles eit godt spørsmål kvan han eigentleg var. Det er fristande å tenkja på onkelen hennar, Thomas Pederson, han som eg trur fekk det uekte barnet med Anna Larsdotter i Kråkevågen i 1756. Kvar vart det forresten av det barnet, Bertha, døypt i Solund 6.10.1756? Og kvar vart det av mori, Anna Larsdotter, som gifte seg med Gregorius Johnson? heitte forrresten det barnet?Når det gjeld Bertha Fredriksdotter, har eg sett fleire døme på at unge folk som flytte til by'n, gjerne ''pynta'' på namni sine...! So eg ville ikkje utelukka denne Bertha i Bergen slik utan vidare...!Etter kva du Alf skriv, so har du funne gravferdi til Østina Fredriksdotter i 1780, men no har eg gått igjennom databasen for den kyrkjeboki ein gong til (på Digitalarkivet), utan å finna spor etter ho. Kvar i all verdi har du funne den gravferdsdatoen?Elles kan det sjå ut som om Gretha Andersdotter òg flytte attende til Solund etter at Ingemar døydde, sidan borni hennar dukkar opp der? Ho er i alle fall ikkje i Bergen i 1815!Eg takkar på ny for god hjelp so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Då er det iallefall bekrefta at Ingeborg Andersdotter var den frå Fivesdal som eg tidligare har nemnd! Ref. Lenke (dei nemnde søskena hennar er også tatt med i Gulen-boka).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Eg har avskrift av kyrkjebøkene for Eivindvik for heile 1700-talet og ein god del av 1800-talet. Der fann eg Østine under året 1780. No har eg funne dødsfallet til Grete Andersdtr. og. Ho døyr 5/2 1844 som legdslem i Pollen, 82 år gammal. Ho var fødd i 1760, så alderen stemmer bra. Eg prøver no å finna meir om Inger Ingemarsdtr.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle og Alf for nye gode detaljar!Det er tydeleg at kyrkjeboki for Gulen for både 1760 (fødsli) og 1780 (dødsfallet) bør undersøkast noko nærare for å finna desse datoane til Østina. Elles er det truleg verre å finna opphavi til dei to ektemakane til Elisabeth, Anders Andersson og Ole Thomasson, samt lagnaden til sistnemnde... Kven veit?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Den Ola Tomasson som gifte seg med enkja Lisbet på Hjertås, endar si karriere som husmann utan plass i Humlevåg i Solund. Der døyr han 14/2 1839, 69 1/2 år gammal, noko som stemmer bra. Foreldra til Anders Andersson Hjertås, Anders Olson og Eli Rasmusdtr. var leiglendingar i Råke i Solund frå ca 1758 - 1771 då dei flytta til Hjertås. Men kvar Ola Tomasson var frå, det har me enno ikkje funne ut.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle og Alf for nye funn! Etter dette ser det ut til at Anders Andersson på Hjertås vart døypt i mai 1768 (dato manglar!), og berre opphavet til Ole Thomasson står att å finna når det gjeld Elisabeth Fredriksdotter!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Gisle Hersvik

Ref. innlegg (14) og (27):Inger Ingemarsdtr, f. 1801 ser ut til å få ein son Ellert, f. 1826 Ravnøen (uekte) med Rasmus Johannesson, f. 1814 Ånneland; Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Til Alf Strand, om du skulle lese dette.Du skriv i innlegg (33) at:Ola Tomasson døyr '...14/2 1839, 69 1/2 år gammal, noko som stemmer bra..',noko som skulle gi f.år. 1769/70, medan han i FT1801 er oppgitt til 40 år, d.v.s. f.ca. 1760/61. Det gir eit gap på ca. 10 år!!Er årstal og alder du har oppgitt korrekt?Kan denne Ola ha komen frå Nordhordland?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Årstalet for dødsfallet og alder oppgjeven ved dødsfallet er korrekt. Korleis eg kan ha fått dette til å stemma med alderen oppgjeven i folketeljinga 1801, er meg ei gåte. Eg vil tru at det er oppgjeven ein alder på han ved giftarmålet i 1821 eller 1822. Den bør sjekkast. Me har i tidlegare tema sett at det har vore samband mellom Nordhordland og Eivindvik prestegjeld/Solund, så kvifor ikkje i dette tilfellet og?Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.