Gå til innhold
Arkivverket

[#34010] Oppslag i kyrkjebok for Skjold, Rogaland ca.1888..


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Er det nokon som har tilgong til kyrkjebok for Skjold ca.1888, dette er utfrå kor gamle barna deira er i FT 1900.Dette gjeld oldefar Aanen Larsen Stokken frå Fitjar og oldemor Aasa Gudmundsdtr. Hokel(eller Risanger).Dei traff kvarandre her på Stord(og vart buande her på Stord), men er ikkje å finna vigde verken i Stord eller Fitjar. Difor er det mogeleg at dei har teke turen til hennar heimtrakter for å gifta seg, eg veit ikkje...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Ser at Åsa Gudmundsdtr. f.1857 på Hokel i Skjold utflyttet i 1885 til Stord. Foreldre Gudmund Larsson f.1824 på Hokel i Skjold d. 1874 Risanger i Skjold. gm. Magla Gunnarsdtr.f.1828 Stykkje u. Skjold Prestegard d.1920. Hun ble gift 2 gang med Peder Bjørnsson Stykket u. Tørsdal i Vats. (Skjold I side 579,nr. 30) Hvis du trenger mer opplysninger, så har jeg en god del av forfedrene til både Åsa og Aanen Larsson.(Kan sende opplysninger) Mvh. Johan Arthur Hansen jo.art@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hjarteleg takk for svar!Ja, eg veit at ho flytta til Stord, men eg finn ikkje giftarmålet, verken i Stord krk.bok, eller i Fitjar(den er lagt ut på nettet)difor undrar eg på om dei kan ha reist til Skjold...Opplysningar bakover har eg ganske mykje av, utanom dødsdatoar på besteforeldra(på farssida) til Aanen.Elles var det jo interessant at du har opplysningar om desse, er me i slekt??? Eg meinar å ha høyrt om nokre Hansen? Dette var spennande!! Eg veit ikkje om mange i slekta(på den sida) som held på med dette!Venleg helsing Mariann. PS:eg er dotter til Aanund om det seier deg noko..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Vi er nok ikke i nær slekt, selv om jeg ser forbindelser lenger bakover. Det er vel på grunn av arbeid som jeg har gjort for slektninger av meg på Stord at din familie er kommet med. Jeg har gått langt ut til siden og derfor har jeg mange etterkommer etter flere av dine forfedre. Jeg har mye slekt på Stord og hvis du trenger opplysninger kan jeg sende dem til deg. Skal prøve å få tid på tirsdag å gå innom bibloteket å se om jeg kan finne noe om brudeparet fra ca 1888. De har nok filmene der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Blander meg inn i debatten her. Oldemor mi var Britha Marie Olsdatter Stykkje under Egga Skjold. Ho var datter av Ola Gunnarson Stykkje og dermed søskenbarnet til Aasa Gudmundsdatter, Mariann si oldemor.Har du info om etterkommere etter Ola Gunnarson Stykkjet også? Eg har noko, men manglar ein del. Har heller ikkje funne ekteskapet til mine oldeforeldre Britha Marie Olsdatter Stykkje Egga gift med Jakob Nilsen Ørevik, Finnaas ca. 1895.Dei kyrkjebøkene for Skjold som er scanna her på digitalarkivet startar truleg akkurat litt for seint til å få med dette. Har her funne søster til Britha Marie, Martha Serine Olsdatter Egga som gifte seg med enkemann Jacob Nilssen Ørevik i 1900. (Brtha Marie døydde på barselseng i 1896 etter å ha fødd farmor mi).mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.