Gå til innhold
Arkivverket

[#34081] S&Fj: Frå Oppstryn til Selje. Kven var Thomas Colbens. Gre(i)dung og kona hans?


Gjest Herdis Holvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Herdis Holvik

Ved folketeljinga i 1801 var Thomas Colbensen 12 år gamal 'Tieneste Folk' på garden Greidung, der Lasse Lassesen 37 år gamal var husbond. På garden budde også Brithe Colbensd. 60 år, Huusbondens Moder, Inderste. Kan Thomas vere hennar son frå eit ekteskap nr. 2?Thomas gifte seg i Selje den 28.09.1823 med Martha Arned. Heller ikkje hennar opphav kan eg finne noko om. Ved giftarmålet er fødselsåret hennar oppgitt til 1795, seinare (FT 1865 og gravlegging 1882)går det fram at ho skal vere fødd i 1797. Den einaste som høver i fylket er ei Martha Arned. fødd i Hafslo 07.03.1797, dotter av Arne Hermunds. Kjeringnes og kona Astri. Det verkar meir sannsynleg at 'mi' Martha hadde opphav i Vanylven enn i Hafslo, men kven veit?Thomas døydde på garden Store Kjøde i Selje 05.02.1836, yrke tjenestkarl. Martha døydde same stad 26.06.1882 som kårenke. Er det nokon som kan hjelpe med fleire opplysningar om desse personane?Eg kan diverre ikkje legge lenker!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Kilde FS IGITHOMAS COLBENSENChristening: 31 MAY 1789 Innvik, Sogn Og Fjordane, NorwayFather: COLBEN THOMAESEN FamilyMother: BIRTHE COLBENSDR-----

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Folketellinga 1865 seier at Marta var fødd i Selje, og etter bygdeboka var ho dotter til den forrige brukaren Arne Andersson f. Hellebust, og kona Sigrid Haraldsdtr Guddal frå Oppstryn.Litt pussig då at ho ikkje står her Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Herdis Holvik

Hei Aase. Javel, så det var altså far til Marta som kom frå Vanylven. Ho kan ikkje ha vore døypt i Selje heller, så dette var sanneleg ei historisk sett anonym dame. Eg skjønar at eg må bli flinkare til å bruke bygdebøkene. Takk skal du ha.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Herdis Holvik

Takk til alle som har hjelpt meg til å komme på sporet ikkje berre etter eigne anar, men også etter noko som kan sjå ut som ei lita 'innvandrargruppe' frå øvste gardane i Stryn til nordsida av Stadlandet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.