Gå til innhold
Arkivverket

[#34139] MARGRETE BJØRVIKEN LOM-VÅGÅ


Gjest Atle Brandsar
 Del

Recommended Posts

Gjest Atle Brandsar

Ei Margrete Bjørviken innkasserte føderåd på garden Sygard Synstnes i Lom i mange år i fyrste halvpart av 1900-talet. Ho var fyrst gift med ein Peder Hansson Krøkje, Lom - men vart sidan gift til Vågå, med Iva Bjørviken. Ho vart med tida enkje, og nytte føderåda si ved aldersheimen i Vågå den siste tida.Ho hadde visstnok store teselskap og var ei fin frue, hadde visstnok vore 'over there' ei stund.Er det nokon som veit kvar denne kjem ifrå, eller noko anna om ho?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Atle Brandsar

Bestemor mi gjet på at ho var frå Skjåk (Bakken), men dette har eg ikkje funne noko på. Det var forresten far til bestemor som betalte føderåda til denne Margrete Bjørviken i mange år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Atle Brandsar

No må eg rette meg sjølv: Mannen hennar heitte ikkje Peder Hansson, men Lars Hansson Krøkje, og han var fødd 1844 på Nedre Krøkje i Lom, døydde 1915. Dei to var på Sygard Synstnes i 1862 og ein del år framover til 1915. Ho gifta seg så ein gong etter 1915 med Iva Bjørviken og døydde i 1953.Nøl ikkje om Dykk har NOKO SOM HELST!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aud Sandbu

Viet 20. desember 1917: Iver Johnsen Bjørviken f. 1852 i Vågå, og Margrethe Kristine Botolfsdtr. Krøke f. 1867 i Tingvold. Hennes far; Bottolf Olsen Harstad (?)Margrethe ble konfirmert i Kristiansund i 1883.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Atle Brandsar

Ho brukte etternamnet Harstad når ho reiste til Minnesota den 4. juni 1885, så det er greitt. Fyrste mannen hennar; Lars Hansson Krøkje reiste til La Crosse i 1869. Korleis kan ein finne når dei gifta seg? (OM dei gifta seg i USA) -Finst det elles data på kva tid dei kom heim?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.