Gå til innhold
Arkivverket

[#34210] Arnt Henrikson, gift i Nesna, Nordland 1765 med Aletta Holgersd. - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har vore inne på dette spørsmålet under tema #33335, men titelen er mistydande, so eg tek opp att spørsmålet her:Arnt Henrikson gifte seg, ifølgje FamilySearch, i Nesna i Nordland 30.6.1765 med Aletta Holgersdotter.Eg ser ikkje noko meir til denne Arnt Henrikson, men ei Aletta Holgersdotter (kan henda den same jenta?) gifte seg to gongar (til) i Nesna:* 4.1.1767 med Peder Jensson* 2.10.1785 med Hans EriksonI 1801 er enkjemannen Hans Erikson, 63 år, busett som ''charite'' hjå gardbrukar Hans Pederson, 30 år, på Store Fagervik i Nesna. Truleg er det denne Hans som var gift med Aletta, medan Hans Pederson KAN vera son hennar frå ekteskapet med Peder Jensson!?Eg er på leiting etter ein Arent Storch som i 1760-åri var gjestgjevar og landhandlar i Marifjøra i Hafslo og gift der (jmf. tema #33335). Denne Arent Storch er av ukjent opphav, men ein Arnt Storch Henrikson var fødd på Strand i Nesna kring 1715 som son av Henrik Abrahamson og Ma(gda)lena Arentsdotter (Storch).Var det Arent Storch Henrikson frå Strand som gifte seg i Nesna i 1765 med Aletta Holgersdotter, eller flytte han kanskje til Marifjøra i Sogn??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.