Gå til innhold
Arkivverket

[#34220] Feil i hovedløkke?


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

I debatt 34128: Herman Andersen Helt f. ca. 1617 får eg problem når eg skal leggje inn innlegg. Når eg opnar 'boksen for innlegg' forsvinn dei siste innlegga.Når eg så opnar temaet finn eg ikkje innlegget eg hadde laga nederst som eg hadde venta, men 'midt i bunken'.Kva kan det komme av?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Ja, sei det. Eg har aldri sett noko tilsvarande. Det rare er at det likevel har fått klokkeslett som om det vart lagt inn etter nr. 11. Så eigentleg ville eg ha sagt at du hugsar feil. Men det gjer eg ikkje. Du har nok rett, men eg forstår ikkje korleis det har skjedd. Eg har ei kjensle av at det på ein ellera nnan måte har erstatta eit dilegare innlegg. Men det er noko snålt med denne debatt. Reint teknisk, ikkje inhaldsmessig. Også der det stogga under innlegging av nytt innlegg er det noko som ikkje er som det skal vera. Men her har eg tvinga systemet til å gå vidarfe, uansett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Den første meldinga eg fekk då eg skulle leggje inn innlegg 12 var:Feil i hovedløkke..................Då kom eg ikkje inn på debatten i det heile, berre nemnte melding.10 min. seinare prøvde eg på nytt og då kom eg inn, men fekk berre opp dei første innlegga (truleg dei 4 første, men er ikkje sikker på kor mange).Men eg ser at innlegga kjem på rett plass no, men får berre opp dei første 4 når eg skal leggje inn - så feilen ser ut til å vise seg først når eg trykker på blyanten.Men det går no på eit vis når eg har to vindauge opne samstundes. Det eine til å skrive innlegg, det andre til å sjå heile debatten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg har vanskeleg for å tru at du berre ser dei første fire. Eg ser i alle høve alle innlegga. Men er det slik har det med innstillingane dine i nettlesaren å gjera. Pass særleg på at nettlesaren alltid hentar ny side, I IE gå inn under vertøy, Generelt, Innstillinger og pass på at Se etter nyere versjoner av lagrede sider ikkje står på Aldri. Bør helst stå på Hver gang siden vises. Elles vil du lett sjå sida slik ho såg ut tidlegare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Når eg endra til 'Hver gang' retta det seg. No ser eg alle innlegga også når eg skal skrive inn sjølv.Men det var merkeleg at problema berre oppsto når eg skulle skrive innlegg sjølv - og ikkje når eg berre skulle lese debatten.Men no ser i allefall alt ut til å vere i orden.Takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.