Gå til innhold
Arkivverket

[#34257] Kyrkjebok for Ulstein før brannen i Dimnasund 1832


Gjest Geirr Alén Rasmussen
 Del

Recommended Posts

Gjest Geirr Alén Rasmussen

I tråd 34251 omtalar Ivar S. Ertresvåg den avskrifta som er lagt ut under 'Skanna kyrkjebøker' som 'ein protokoll med opplysningar innsamla i 1833 etter at prestegarden (med alle kyrkjebøkene) brann. Både årstal og datoar kan vere unøyaktig'.Det som ligg ute, ser ut til å vera ei yngre avskrift av denne rekonstruerte protokollen. Veit vi at rekonstruksjonen skjedde så tidlig som 1833? Det vil ha mykje å seia for kor pålitelig denne protokollen er.mvh Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det som ligg ute, nr. 509D01, er todelt. Den siste delen (8 sider) er laga i 1917/18 av Johs L. Sundgot - det skriv soknepresten på den siste sida. Den same Johs. L. Sundgot skriv om dette i eit lesarinnlegg i lokalavisa Aarvak i samband med at han hadde overlevert notatet. Han skriv at opplysningar var samla inn av rotemenn over heile prestegjeldet etter brannen - det vil vel i praksis seie lærarane. Han skriv også at ikkje alle opplysningane vart førte inn i protokollen i 1833, og at hans opplysningar (tillegget) også kjem frå innsamlinga. Den første delen er også ei avskrift. Det står på den første sida - og vi ser at protokollen er levert av eit firma ikkje tidlegare enn 1884.Ein del av oss som har mikrofilmkort av denne kjelda, har kopi av nr.509A01, som er originalen. Det er ei anna handskrift, og utan overskrifta på førstesida. Papirkopien som står framme på lesesalen på Statsarkivet Trondheim, er også av denne protokollen.Det er all grunn til å tru på Johs. L. Sundgot når han fortel protokollen vart laga rett etter brannen. Det var eit hjelpemiddel presten måtte ha i arbeidet sitt. Sannsynlegvis finst det fleire kjelder til dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.