Gå til innhold
Arkivverket

[#34261] Dåp, Mettenes 1742


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

I samband med Mettenes-floken ber eg om hjelp til oppslag i Kyrkjebok for Davik 1742.I følgje versjonen som ligg under Kyrkjebøker for Sogn og Fjordane, hadde Jakob Jakobson Mettenes barnet Brite til dåpen i 1742. Namnet på mora er ikkje nemnt.Problemet er at Jakob på det tidspunktet hadde ei kone, Anne Pedersdtr, som var 89 år gammal (han var andre mannen hennar, og ca 35 år yngre).Vidare framgår det av skiftet etter Anne Pedersdtr si svigerdotter, Anne Olsdtr, at ho etterlet seg ei dotter, Brite Olsdtr, som etter alderen ved skiftet skal vere fødd ca 1741.Teorien no er at barnet Brite i 1742 eigentleg skal vere dotter til Ola Olsson Mettenes, og eit oppslag i originalkjelda kan kanskje styrkje eller avkrefte dette.På førehand takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Davik kyrkjebok A 1 fortel at Jacob Mættenes hadde dottera Brite til dåpen 8. januar 1741.Vi ser elles av kyrkjebok A 2 for Davik at Olle Ellings. Mættenæs hadde sonen Rasmus til dåp 19. desember 1742.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Takk for presiseringa - eg ser at det står berre Jacob Mettenes utan patronym. Det står då venteleg ikkje Brite Jakobsdtr om barnet heller?Er det nemnt fadderar? Kan De seie noko generelt om kvaliteten på kyrkjeboka på den tida - virkar det som handlingane er førte fortløpande, eller kan det vere ein 'skippertaksprest' som skriv i ettertid? I så fall kan ein tenkje seg at presten har hugsa å føre inn eit dåpsbarn frå Mettenes, men kanskje i farten utropt feil far, då det på den tida var to forholdsvis oppegåande menn på bruket - ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.