Gå til innhold
Arkivverket

[#34270] Teiste-slekt på Eidså med forgreining i Volda og Ulstein ?


Gjest Geirr Alén Rasmussen
 Del

Recommended Posts

Gjest Geirr Alén Rasmussen

I 'Voldasoga 3' s. 307 (Søre Bjørkedal, Moritsgarden) nemner Per Aarviknes Anne Olsdtr frå Eidså, gift til Bjørkedal før 1593. Aarviknes meiner far hennar er Olav Torsteinson, og koplar han til Teiste-namnet. Eg finn ikkje Anne nemnd i Moritsboka frå Bjørkedalen.I 'Ulstein og Hareid' bind 4 (s. 391) står det om Anders Torsteinson Dimnasund (siste halvdel av 1500-talet) at 'Knut Hasund trur at Anders var son til Torstein Olson Eidså.'Eg lurer på følgjande:1. Er det dokumentert ein slik familie Torstein Olson med søner i overgangen 1500-1600-talet ?2. I så fall, kva med koplinga til Teiste-namnet ?3. Er det hold i påstandane om familiegreiner i Bjørkedalen og Dimnasund ?I spørjemodus, Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Ola Torsteinson på Eidså i Syvde er ein historisk person. Han var lensmann og etter måten stor jordeigar kring 1600. Namnet på bustaden hans, 'Eidtze', er blitt feillest og tolka som 'Teiste'. Slikt skjer, men stundom blir ikkje feilen retta, og dermed har vi det gåande...Ein Arne Olafson Teiste var ellers prest i Herøy på Sunnmøre i første halvdelen av 1600-tallet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geirr Alén Rasmussen

Takk skal du ha! Då kan vi eliminera Teiste-spekulasjonane, og rekna Ola Torsteinson som historisk person.Etterlyser framleis koplinga til Anne Olsdtr i Bjørkedalen - kor har Aarviknes tilnamnet 'Eidså' frå når det gjeld henne ?Og kjenner vi andre namn i familiekrinsen på Eidså som rettferdiggjer spekulasjonane om at Anders Torsteinson Dimnasund skulle vera frå Eidså ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.