Gå til innhold
Arkivverket

[#34277] Frå Mårevik i Tinn til Finnøy i Ryfylke


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Familien Mår(e)vik med foreldre Ola Olsson og Kari Kristiansdotter frå Tinn drog frå heimbygda i 1837 for å emigrere til Amerika, men skifta meining og kom til Ryfylke med båt frå Gøteborg same år. Eg finn ikkje staden dei slår seg ned.Borna Susanne Olsd. f. 1818, Kristian Olsson f. 1820 og Kjersti f. 1822 kom til Talgje i Finnøy i 1837. Kristian er konfirmant i Finnøy i 1839 (Christian Olsen Skudegjerd), i 1841 får han attest for å dra til Stavanger. Susanne finn eg ikkje meir om, og om KJersti seier ei amerikansk kjelde at ho blei gift med 'Ole Rinstead' f. om lag 1824 i Noreg.Ei anna syster, Kari Olsdotter f. 1825, er konfirmant i Finnøy i 1841. Da er ho på Rossøysund. Ho får attest i 1842 for å dra til 'Ravnaas' i Strand. I Strand blir ho seinare gift med Kristoffer Torsson Tau, og dei dreg til USA i 1866.Dei yngste syskena var Anders Olsson f. 1827, Margit Olsdotter f. 1829, Knut Olsson f. 1833 og Hans Olsson f. 1836. Eg finn berre spor etter Margit. Ho er 'opsat' på prestegarden på Finnøy, kom dit i 1838 8 1/2 år gamal.Mykje tyder på at heile denne familien etterkvart emigrerte til Amerika etter nokre år i noverande Rogaland. Om Kristian, Anders og Knut seier rett nok ei amerikansk kjelde at dei 'died at sea while a sailor' så det kan ikkje utelukkast. Veit nokon noko om desse folka ville eg vere takksam for opplysningar som kan bringe meg vidare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.