Gå til innhold
Arkivverket

[#34350] RSS-teneste hos Digitalarkivet


Gjest Jan Oldervoll
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Me har no etablert ei såkalla RSS-teneste, eller Newsfeed-teneste. Kva er det seier du. Det visste ikkje eg heller for tre-fire dagar sidan. Me om du installerer ein feedreader har den gåande på maskinen din kan du automatisk få melingar inn, men også alle innlegg i begge debattfora våre. Du vil få tittelen på temaet og kan klikka ein gong for å sjå innlegget og to gongar for å koma inn i debatten. Eg vil tru mange vil synast det er lettare å følgja med på den måten.For å abonnera på tenesta må du i rss-lesaren din trykkja noko slikt somm Add new feed og leggja til adressene våre.Meldingane ligg på digitalarkivet.no/meldingar.xmlBrukarforumet på digitalarkivet.no/brukar.xmlArkivforumet på digitalarkivet.no/arkiv.xmlLukke til med det nye leiktøyet.Lesar finn du t.d. hos www.feedreader.com, men det finst mange andre. Opera har innebygd feedreader.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sissil Bruun Sørensen

Stafittpinnen mottatt! Ordet 'feed' bygger jo opp om forstillingen om et passivt mottak - hva med nyhetstilførsel og tilførselsleser? Eller nyhetsmater?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Foringsteneste og foringslesar høyrest bra ut for meg. Men så kan ein sei at både dei engelske uttrykk og i tilfelle desse gjev seg ut for noko dei ikkje er. Når hesten til dotter mi skal forast får han maten brakt heilt fram til seg. Men når det gjeld RSS-tenesta må ein nok gå og henta maten sjølv. Men tensta skil seg frå webben på to måtar. For det første er det som skal hentast meir organisert. Det må for det første ha ein tittel. Så må det i tillegg ha ein ingress, for til slutt kunna ha ei lenkje til sjølve innhaldet. Det sist kan i og for seg mangla, om innhaldet er så kort at det like gjerne kan liggjast i ingressen. For kvar teneste blir dette lagra i ein database. Hos oss blir meldingar lagt i ein, brukarforum i ein annan og arkivforumet i ein tredje. Alt på vår servar, som i det heile ikkje driv og forar deg.Derimot har du ein foringslesar. Når du abonnerer på ei foringsteneste blir det oppretta ein tilsvarande database hos deg. Med jamne mellomrom (som du bestemmer sjølv) spør foringslesaren din webservaren min kva som finst i foringsdatabasen. Om det er kome noko nytt sidan sist programmet undersøkte vil dette bli inkorporert i din database og bli lagt ut med feit skrift i tittellista. Klikkar du på overskrifta bli ingresen henta frå din database. Dobbelklikkar du, derimot, bli lenka henta frå din database, medan innhaldet blir henta frå der innhaldet normalt ligg. T.d frå servaren vår om du hentar ein heil debatt.Hugs også at foringslesaren eigentleg er ein nettlesar, som i tillegg kan halda styr på foringsdatabasen og henta mat frå servaren min. Han forar seg sjølv, altså. Foringslesaren kan i og for brukast som ein vanleg nettlesar. Dette innlegget er skriven i ein slik ein.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sissil Bruun Sørensen

Det er forskjell på å fore et menneske og å fore en hest. Skal man fore et menneske må man først planlegge innkjøp, deretter finne fram en hensiktsmessig oppskrift, krydre kjøtt, kutte opp grønnsaker, måle opp ingrediensene til en saus osv. Det er ikke for moro skyld at det er etablert egen utdannelse med læretid for kokker. Så jeg synes foringstjeneste og foringsleser var utmerkede og dekkende begreper..:-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sissil Bruun Sørensen

Til Jan: Du var konsekvent. Det var jeg som var inkonsekvent ved først å hevde at det engelske ordet var passivt, og deretter framheve det aktive.Til Arnfrid: Ordene kanal og kilde i denne sammenheng oppfatter jeg som henvisninger til DA i dette tilfelle, men jeg synes ikke de var dekkende betegnelser for selve overføringen av informasjon?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg synest kanskje ikkje kanal er så dumt. Det fungerere som ei direktekopling mellom t.d. DA og meg, eller NRK og meg. Då er det kanskje ikkje viktig korleis det reint teknisk fungerer. Då eg kom på arbeid i dag låg det skjermen min meldingar frå DA, BT, Aftenposten, NRK, Times of India, New York Times, BBC, Guardian og Reuters. Om det var eit program hos meg som henta eller eit program hos dei som leverte er vel ikkje vesentleg. Det viktige for meg er at meldingsoverskriftene låg der og eg kunne berre sjå over om det skulle vera noko interssant hos nokon av dei, utan å mytta klikka innom dei einskilde avisene.Men det er vel kanskje for seint. RSS er etablert. Fordelen er då at det blir forståeleg over landegrenser samstundes som ein kan setja på eit lokal tillegg. Både i Tyskland og US (og også i Norge) snakkar ein RSS feeds, medan me kan bruka termen RSS-foring, eller like gjerne RSS-teneste.Men det viktige er at om du har visse debattar i DA du ønskjer i følgja med i, vil RSS-tenesta gjera det enklarra for deg. Når det kjem inn nye innlegg i debattane vil det koma ein liten gul lapp nede til høgre der du fort vil sjå om det gjeld ein av dine. Du slepp gå inn på DA-sida og klikka deg til debatt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Om du vil klikka lenka direkte i epostprogrammet ditt, ja. Men dei RSS-lesarar eg har prøvt godtek adressa utan http://. Grunnen til at det ikkje sett på http er at adressa dermed blir klikkbar i debatten. For folk som brukar IE er kanskje ikkje det så lurt. Det einaste du då får opp er xml-koden for tenesta. Som korkje er hemmeleg eller til å bli klok av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.