Gå til innhold
Arkivverket

[#34532] Hafslo—>Lærdal—>Solund: Ove og Randi Bøyes. – Oppl. om fam. frå Lærdal ?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

1) Ove Andreas Bøyesson, f. 1788 Hauge, Lærdal flytta i ung alder til Solund og er ved FT1801 busett i Kalgraf (Evindvig), 13 år gml. Saman med han er det også ei Randi Bøyesdotter, 16 år gml; [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11411&gardpostnr=182&personpostnr=2546&merk=2546#ovre>Lenke (Ove g. 1815 med eit barnebarn av husbonden i Kalgraf, Elen Susanne Dorthea Aritzsdotter Strømmen).2) Far til Ove og Randi, Bøye Ove Andreasson, f. ca. 1753, og andre kona, Mette Ingebrigtsdotter, f. ca. 1759, er i 1801 busette på Hauge i Lærdal (Lenke). Fire born (truleg) frå første ekteskapet til Bøye er også der og ei femte dotter er truleg å finne under Præstegaard; Lenke== Den nemnde Bøye Ove Andreasson, f. ca. 1753 må vel då vere denne f. 1756 i Hafslo (Bøye Ovesson); Lenke ?3) Første kona til Bøye var ei Kirsten Trondsdotter og dei vart gifte i 1778 (Lenke). [bøye gifte seg oppatt i 1798 med Mette Ingebrigtsdotter (Lenke), og i 1808 med Ingeborg Lassesdotter Nedre-Ehren (Lenke). I 1778 var det også skriftemål i Lærdal med Bøye som syndar: ” for begangne Lejermaal med Piigen Johanne Jensdr”]4) Far hans igjen er reg. med tre andre born: Lenke, Lenke og Lenke i Hafslo. Ved siste dåpen er han kalla Ove Andreas Lærdal, Af Lyster. Eg meiner også eg har funne 2 born døypte i Lærdal, men det finnes kanskje fleire der? *******Eg har ”booka” følgande 7 born for BØYE og KIRSTEN (manglar enno mange datoar, ektefeller, born):a) Lisbeth, f. 14.2.1779, d. ### ??? (Evt mann og born?)b) Nils, f. 1783 (?), d. ### ??? (Han var gift i 1815 m. Anna Olsdotter ???). 3 born funne for dei.c) Randi, f. 14.1.1786, d. 12.1.1823 Indrevær, Solund (ho g. 1816 m. Ole Larsson Indrevær). 3 born funne for dei.d) Ove Andreas, f. 1788 (?), d. 1855 Hjønnevåg-N., Solund, g. 1815 m. Elen Susanne Dorthea Aritzsdotter Strømmen, 6 born funne.e) Jonas, f. 18.3.1791, d. ### ??? (Evt kone og born?)f) Kirsti, f. 1794 (?), d. ### ??? (I 1865 bst. Hjønnevåg-N., Solund, då enke, gift i ### med ???)g) Gjørand, f. 1796, d. 19.1.1862 Hougshagen, Lærdal. Ho var gift i ### med ???. ### born.For BØYE og METTE:h) Kirsti, f. 16.2.1799, d. ### ??? (Evt mann og born?)For BØYE og INGEBORG:i) Kari, f. 9.2.1813, d. ### ??? (er ho kanskje identisk med…)j) Maren, f. 1815 (?), d. ### ??? (g.m. ein Anders Olsson, f. 1809 (?), bst. Mjælde i 1865, minst 3 born)k) Dorte, f. 4.3.1820, d. 7.7.1874 Hauge, Lærdal (g.m. ein Ole Thorsson, f. 1821 (?), bst. Stedbøle i 1865, born?)********== Kva gard kom konene til Bøye frå, når vart dei fødde/døypte og døde/gravlagde ?== Hadde Bøye fleire born ?== Ove Andreas Lærdal, Af Lyster; Når/kvar vart han fødd, gift og gravlagd ?== Er dette yngste sonen til Ove Andreas Lærdal som dø ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Dette er ogso ein huslyd som eg har vore borti, og eg attgjev frå Gards- og Ættesoga for Luster, bd. III (Gnr. 69, Kroken):c. Bøye Oveandreasson, døypt i Hafslo 19.4.1756, d. som husmann i Hagen under Hauge i Lærdal 6.2.1835. Bøye gifte seg første gongen i Lærdal 26.12.1778 med Kirsti Trondsdotter frå Mjelde i Lærdal. Ho var f. i Lærdal 21.1.1757, men d. i Lærdal 1.5.1797. Så vart Bøye 22.7.1798 attgift i Lærdal med Metta Ingebrigts¬dotter frå Gjerdet under Øye i Lærdal. Ho var f. i Lærdal 25.12.1762, men d. som husmannskone under Hauge i Lærdal 5.9.1804. Bøye gifte seg så tredje gongen i Lærdal 15.4.1808 med Ingeborg Lassesdotter frå Skålevollen under Nedre Æri i Lærdal. Ho var f. i Lærdal 23.1.1779 og d. som husmannskone på Hauge i Lærdal 28.2.1824. Bøye Oveandreasson vart husmann i Hagen under Hauge i Lærdal og fekk i alt tretten born; åtte av dei var frå første ekteskapet og to frå det andre, medan Ingeborg Lassesdotter var mor til dei tre yngste.Dette skulle vel gje deg svar på i alle fall nokre av spørsmåli...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Tusen takk til deg Lars, då har eg iallefall fått svar på kven konene til Bøye var. Og eg ser eg manglar eit born i både første og andre ekteskapet...Men ifølge Døypte i Hafslo 1717-1894 skulle Bøye vere dp. 9. mai 1756, medan du skriv 19. april 1756 ?!Får håpe andre kan hjelpe meg med å få på plass andre manglande detaljar!M.v.h. Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det er eit problem med kyrkjebøkene for Hafslo gjennom delar av 1700-talet at det er oppgjeve berre kva sundag etter påske eller liknande barnet er døypt. Opplysningane til band III (som kom ut i 1987) vart tekne frå originale kyrkjebøker og ''omrekna'' fortløpande etter behov, medan databasen vart skriven fleire år etter av andre! Eg har vore borti minst ein stad til der det er avvik i datoane, men store avvik er det ikkje uansett... Eg har diverre ikkje originalen for handi der eg sit no.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.