Gå til innhold
Arkivverket

[#34711] Lars Olsen Sande, frå Gloppen til Bergen


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Lars Olsen Sande døydde i Bergen i 1836 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=1301begr&gardpostnr=20582&merk=20582#ovre>LenkeUndersøkelseskommisjonen har registrert han saman med sonen Ole LenkeEin høveleg kandidat til Ole finn eg her LenkeLars står då som afreist, men paret gifter seg året etter. Lenke Dei har også ein son Gunder i 1803 (død 1810).Før Ole har han nok begått denne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Her er vi borti Napoleonskrigen. Dersom Lars O.S. vart send til sjøs 1807-14 og ikkje kom heimatt før etter 1817, kan kona - truleg - ha fått løyve til å kalla seg enkje og gifta seg på nytt. Han ville i såfall ha koma heim etter år i prisonen eller engelsk teneste for å oppdage at kona hadde funne seg ein annan - om han i det heile fann henne. Det same gjorde jo nokre etter siste krig.Dette er interessann gransking. Var borti noko slikt i arbeidet med Gjest-boka. Men ein ting er sikkert; andre mannen, han Knut, var nok ikkje fødd på den adressa (11-178 eller kva det var), som stod då dei gifte seg. Det trur eg var adressa til militærkasserna på Dragefjellet. Han var nok frå Skåla i Rosendal, Kvinnherad, vil eg tru. Lukke til med leitinga etter sanninga. Skal ha eit 'øge' til dei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Mange takk til begge, særleg til Bjørn for ein svært interessant teori som eg sjølv ikkje har tenkt på. Finst det nokon stad eg kan få sjekka om han verkeleg var ute i krigen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ja, dette kan bli interessant å få nøsta opp! Har leika meg litt:Knud Salsomonsen i 1801: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11301&gardpostnr=1447&personpostnr=10420&merk=10420#ovre>Lenke (truleg saman med andre Kvinnheringer; Helvich, om han sjølv var frå Skåle i Rosendal, Kvinnherad).Finn ikkje Knud S. i Undersøkelseskommisjonen 1804-05! Eller har eg berre oversett han?Er dette Knud S. sitt første ekteskap? LenkeFørste kona til Knud S. dø når? Før 1813!?For dette er vel Knud S. som får eit born? LenkeKnud i 1815? Lenke Og så var Knud S. litt tidlig ute her:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Knut har eg ikkje brydd meg så mykje om sidan han ikkje er gloppar ;-) men artig like vel at du finn dette.Når det gjeld det fyrste barnet til Lars (dvs det eg trur er det fyrste, eg ser at 'Lars Olsen', er eit veldig vanleg farsnamn på uekte born i Bergen, kanskje eit greit namn å ta til viss ein ikkje heilt visste kva for ein gauk som hadde lagt egg i reiret) - må du gjerne hjelpe meg å leite etter henne óg! Eg har ein kandidat her Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Jarl Runde

Til Bjørn / Innlegg 4: Kva regel siktar du til at ei 'mogeleg enkje' kunne gifte seg oppatt under krigen 1807 -14? Vart det sendt ut kongebrev om det eller var det etter konkret søknad? Har jobba nokså mykje med denne tida, men har ikkje slumpa bort i slike tilfelle. Ville tru at innrulleringssjefane / militære myndigheiter hadde god oversikt over kven som 'sat i prisonen'. Dessutan hadde ein den dansk /norske presten i London. Folka skulle jo eingong ha utbetalt si opptente hyre/løn når dei ein gong kom til Norge att.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Når det gjeld sonen Ole frå Undersøkelseskommisjonen, ser eg brått at han skal vere fødd i Korskirkesoknet, og då dett nok heile Marte Edvardsdtr-historien i grus. Ein annan kandidat er her, eg får studere litt nærare på han Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Grøss, har eg sove i timen eller? Lenke Forklaringa på at eg ikkje har funne Lars her før, er nok at der er ei kolonne for farsnamn og ei for etternamn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Ei lita oppsummering: Marte Edvardsdtr med menn og søner har ingen ting med 'min' Lars Olsen å gjere.Lars (Olsen) Sande bur saman med kona Gurine 'Jochumsd' og hennar dotter frå 1. ekteskap i 1815. Sonen Ole burde bu heime om han levde, ca 14 år gammal, og eg vil derfor tru at han er død, sjølv om eg ikkje har funne det.Den uekte dottera Margrete frå 1800 har eg ikkje sikre opplysningar om etter 1801.Moralen er: Les kjeldene nøye. Merknaden om at Ole var fødd i KK ville spart meg for mykje arbeid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.