Gå til innhold
Arkivverket

[#34848] Jacob Paulson Rokset på Averøya, kven var han (1670 ff)


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Kring 1670 kom det ein mann som bar namnet Jacob Paulson til Averøya på Nordmøre. Tilsynelatande var han ein vanleg bonde blant mange andre, -- men var det slik?Han gifta seg med prestedotra på Kvernes, og han vart eigar av mesteparten av storgarden, Rokset. Jacob bar same namnet som svigerfaren. Han heitte også Jacob (Olson). Kring 1673 gifta han seg med prestedotra, Maren Jacobsdtr. Kvernes, dotter til Hr. Jacob Olson på Kvernes og kona Anne Andersdtr. Kvernes. (Den siste var dotter til Anders Erikson Kvernes g.m. Lisbeth Eriksdtr. Kvalvåg (Dotter til Erik Audunson Kvalvåg og kona Maren Kristensdtr.))Jacob Paulson og kona fekk i alt 6 døtre, nemleg; Ane, Maren, Kristina, Martha, Lisbeth og Ingeborg. Morslekta til dese borna kjenner vi ganske godt, men kva med farslekta, -- kven var Jacob Paulson Rokset?Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Det er vel i hvert fall antatt (i gårdshistorien for Averøy)at det var han som tidligere bodde på Bollia. En soldat Jacob Paulsen Bolli nevnes som soldat i rulle for Mek i 1670, og han var også der som tjenestegutt 16 år gml. i 1664.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takkar Bjørndal så mykje for responsen, og eg seier meg lei for at det tok så lang tid før eg svarte.Eg har også sett denne teorien om at Jacob Paulson skulle ha kome frå Bollia, men har vel alltid vore skeptisk til dette. Det er vel ikkje særleg truleg at ein tenestegut skulle verta gift med prestedotra og få 'halve kongeriket' attåt. Med det siste meiner eg at han ser ut til å ha fått heile Rokset-garden med kona si. Om vi ser på alderen som er oppgjeven på Jacob i 1701 (58 år), skulle det tilseia at han var født ca 1643. Jacob Paulson Bolli derimot, ser ut til å vera født ca 1648. Som kjend var jo ikkje aldersoppgåvene heilt å lita på på den tida, slik at heilt avgjerande kan ein ikkje seia at denne skilnaden er.Eg vil no setja fram ei hypotese om at Jacob Paulson Rokstad f. 1643 er identisk med Jacob Paulson Resen f. i Overhalla av foreldre Hr. Paul Jacobson Resen og kone Maren Christophersdtr. von Affelen. Den sisnemnde var dotter til Hr. Christopher Hansson von Affelen og kone Margrethe Hansdtr. Bernhoft. Hr. Christopher var sokneprest i Fosnes frå 1616.Mormor til Jacob Paulson Resen var altså Margrethe Hansdtr. Bernhoft. Denne Margrethe hadde ei søster, Anne. Ho var gift med presten i Kvernes på Nordmøre, Anders Erikson. Anders var frå Jãmtland og var prest i Kvernes frå først på 1600-talet og fram til ca 1660. Då Anne Bernhoft døydde vart Hr. Anders gift på nytt med dotter til Erik Audunson (Trygge) på Kvalvåg. I andre ekteskapet hadde Anders ei dotter NN som vart gift med ettermannen i embetet, nemleg Hr. Jacob Olson. Av andre born til Anders kan nemnast; Peder, Erik og Ole (Dahl s. 215 f).I og med at ein kjenner til berre ei dotter i andre ekteskapet til Hr. Anders og Lisbeth er det naturleg at ho heitte Anne etter første kona hans (Anne Hansdtr. Bernhoft). Sidan det var svogerskap mellom prestefamiliene på Fosnes/Overhalla og Kvernes, så var det rimeleg at familiane både kjende til kvarandre og kjende kvarandre på annan måte.I det første innlegget mitt skreiv eg at Jacob Paulson Rokset (Resen?) vart gift med Maren Jacobsdtr. Kvernes og at han hadde 6 døtre. Dei to eldste av desse ser ut til å vera tvillingar og begge født ca 1674. Namna var altså Anne (Ane) og Maren. Etter skikk og bruk skulle dei verta oppkalla etter bestemødrene. Mor til Maren Jacobsdtr. heitte ganske sikkert Anne, medan mor til Jacob då må heitte Maren. Om vi går ut frå at Jacob Rokset er identisk med Jacob Resen, så stemmer dette. Mor til Jacob Resen heiter Maren Hansdtr, von Affelen. Korleis stemmer så dette med det ein elles veit om Jacob?Det vert sagt at han byrja på Herlufsholm skole på Sjelland i 1657 og vart dimitert derifrå i 1660. Om dette kan høva er eg uviss på. Her får andre uttala seg. Det er oppgjeve at han skulle ha vore prest både i Skien og i Åsum i Skåne. I tillegg er det opplyst at han har vore prest i eit skifte frå 1712 (Opplysningane i dette avsnittet er henta frå Seland 1991). Dette treng ikkje vera i motstrid til at han endar som gardbrukar på Rokset. Det finst fleire døme på at presteutdana vert gardbrukarar på den tida. På Rokset dukkar han ikkje opp før i 1686. Det betyr at han måtte ha gifta seg med Maren Jacobsdtr. minst 12-13 år før han kom dit.Eit anna indisium som kan vera med å støtta teorien er at Jacob Resen hadde ei søster som og hamna i Kvernes prestegjeld. Dette gjeld Margrethe Paulsdtr. Resen. Ho vart gift med gjestgjevar i Sveggen på yttersida av Averøya, Søfren Eilertson (Schøller?). Av born til det siste ekteparet kjenner vi; Paul, Eilert, Margrethe og Maren. (Kjelde; M.a. Seland, P. 1991. Resenslektene i Norge. NST XXXIII s. 168 ff)Skulle gjerne hatt synspunkt på denne hypotesen. Både innlegg som går i mot og innlegg som støttar hypotesen er velkomne. Det viktigaste er å koma så nær sanninga som muleg.Mvh. Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Det er en interessant teori, men trolig må man grave mer rundt denne presten eller presteutdannede Jacob Paulsen Resen før det er mulig å si noe særlig mer. For eksempel prøve å gå etter i sømmene om det kan passe at en med dette navn var prest i Skien og/eller Skåne, og kanskje spesielt når. Videre hvilket skifte fra 1712 det sies at han hadde vært prest.Var Resen-familien eier av jordegods? Det ser ikke ut til at Jacob Rokset eide annet enn hva han hadde fått med sin kone.Jeg er ikke så sikker på om Jacob kom til Rokset så sent som i 1686: Averøyboka bd. IV s. 571 oppgir et skjøte fra 1670: 'Jacob Olsen Kværnes, Ole Jacobsen og Maren Jacobsdatter afhænder og selger til deres svoger Jacob Paulsen 1/2 spand 2 marklag i Rogset'. - Men det må være noe rart her, for Maren Jacobsdatter avhendet neppe gods til sin mann. Er det oppgitt feil navn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Det er ikke nevnt noen ved navn Jacob Paulsen som prest i Skien i Norsk prestehistorie på NSFs sider.LenkeJeg vet ellers om et par tilfeller der prestdøtre giftet seg inn i bondestanden, men det er på tidlig 1600-tall, så det er jo mulig det kan ha blitt en endring på dette mot slutten av århundret.Man kunne kanskje trodd at noen av barna til Jacob Paulsen Rokset og Maren Jacobsdtr. Kvernes hadde funnet seg et mer 'storveis' gifte dersom de begge hadde prestebakgrunn? Bare en tanke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Det er et problem her: Iflg. Selands artikkel i NST XXXIII s. 169, var skiftet i 1712 etter Margaretha Christophersdatter von Aphelen. Der fremgår det at Paul Resen etterlot seg 7 sønner og 2 døtre: Hans, Jens, Nils og Christen som i 1712 var i live, samt JACOB, Laurits og Christopher som ALLE VAR DØDE. - Hvis dette er riktig, kan ikke Jacob Paulsen Rokset være identisk med Jacob Paulsen Resen av den enkle grunn at Jacob Rokset levde i 1712, og ennå utover på 1720-tallet. Se også s. 171 der det refereres til Jacob Resen i 1712 som 'Sal. Hr. Jacob Resen'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til Svein BjørndalTakk for informative innspel.Eg var klar over at Seland oppgav at Jacob Resen var død i 1712, men hadde ikkje fått med meg at Jacob Rokset levde enda i 1723. Om begge desse to opplysningane er riktige, så seier det seg sjølv at hypotesen kan skrinleggjast for godt. Truleg må det vera matrikkelen i 1723 som er kjelda til at Jacob er i live enda. Eg går ut frå at Endre Holten kan stadfesta denne opplysninga?Mvh. Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Jeg har funnet dette en gang, trolig fra gårdshistorien for Gjemnes:Datteren Maren fikk skjøte på Løvollgården av faren i 1721 fordi hun satt alene med 8 barn: 'Jacob Povelsen vaanaktig på Rogset, kiendes og herved for alle vitterligtgiør at have skiødet og avhendet, som jeg og hermed skiøder og avhender min odelsgård Løewolden, skyldende en øres leie med bøxell, hvilken gaard nu besiddes af 2 de mænd Olle Pedersen og Olle Ingebretsen og er beliggende i Battenfiorden, udi Gimnes Tingstue på Nordmøre, til min kiere datter Maren Jacobsdatter boende på Søemellingen, hvis mand i sommer foruløkkede på søen da han skulle reise hiem. Og som hun nu er en fattig værneløs enke, med sine 8 umyndige børn, dessuden beboer en fremmed og dyrlagt stor gård hvoraf hun ikke lengere i sin enlig stand kan svare de årlige tiltagende store udgifter,forårsagis hun at see sig om en ringere odelsjord at leie til livets ophold for sig og sine mange forsvarsløse børn, hvorfor ermelte min odelsjord Løewolden skall følge min datter Maren Jacobsdatter salig Lars Søemellingens enke, frie og frelselig for Hiende og hiendes arvinger med alle Appertinentier som dend mig ere tillskiødet fra field til fjære, fiskecand, fægang, vått og tørt, unden og inden gierdis, intet med alt undertagendis, så hun besagte jord som engit odel må tilltræde efter Norgis høypriselige lov, når hun oppsidderne lovlig opsiger, og till dennem igien bøxler så meget som de nu besidder på anden stæd. Dette til desto mere bekreftelse haver jeg samme skiødebrev underskrevet og mit sædvanligt signet hostrøgt. Actum Rogset 18 november Aano 1721 Jacob Povelsen Rogset.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Utruleg kva ein kan få greie på i dette forumet. Takkar igjen.Fann ikkje det skjøtet du nemner i Gjemnesboka, men det var omtalt under Sjømæling, og med same årstal som det du oppgjev. Ut frå dette er det i alle fall sikkert at Jakob Rokset levde enda i 1721. Så spørs det om dei som skifta etter Margrethe Christophersdtr. von Affelen (enka etter Hr. Lars Holmedal i Fosnes) i 1712 visste så sikkert at Jacob Resen var død den gongen då. Det var også eit skifte i 1719 på garden Foss i Overhalla. Dette skiftet var etter enka til Peder Paulson Resen, bror til Jacob. Vi får tru at Jacob Paulson Resen framleis var død. Det er tydelegvis i dette skiftet at namnet på borna til Margrethe i Sveggen vert oppgjevne. (Skiftet i 1719 finn ein i Namdalprostis geistlege skifteprotokoll nr. 1 s. 40 B, SAT; i følgje Per Seland)Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Jakob Paulson - kvar kom han frå? Kva veit vi om han? Han kjem inn på arenaen i 1670: 'Jacob Olsen Quernes, Ole Jacobsen og Maren Jakobsdatter afhænder og selger til deres svoger Jakob Paulsen 1 spann 12 mkl. i Rogset' seier skjøtet frå 1670. Dei seks døtrene hans er fødd i eit tidsrom på 20 år - 1674-1693. I 1693 hadde han vorte eineeigar til Rokset, og er sist nemnt som eigar/brukar i 1701.Det er truleg at han var brukar nokre år til, men i lista over skoskatten i 1711 er versonen, Knut Tørrisson frå Marka i Krekvika nemnt som brukar. Broren, Ole Tørrisson vart gift med søster til kona hans ca. 1716, men båe kom truleg bort på sjøen seinhaustes 1716, og det er skifte etter båe den 12. januar 1717. Siste gongen vi har vitnemål om at Jakob Olson lever er det nemnde skjøtet frå 1721. Legg vi alderen frå 1701 til grunn, er han da 78 år gammel, og det var ein høg alder i dei dagar. Elles lyt ein ta dei årstala som er oppgjevne i manntala med stor skepsis. Om ein samanliknar tala frå 1664/65 med alderen på dei som lever enno i 1701, så er det ofte svært store sprik. Når det gjeld Jakob Pålson er det likevel grunn til å tru at alderen som er nemnt i manntalet ikkje er så bort i natta. Ektemaken var 2 år yngre yngre, skal vi tru det som er oppgjeve, og at han ga frå seg garden før 1711, er òg rimeleg, han var da bortimot 70 år. Maren Jakobsdotter døde i 1729, ho var da 84 år gammel, men dødsår for Jakob manglar. Kristian Strand nemner i Averøy Bygdebok, bind 1, s. 403 at han kanskje var frå Bollia, og peikar, heilt rett på at det ein Jakob Paulson som er nemnt der i 1664. 16 år gamal. Truleg var han fødd på markagarden Godalen som ligg melleom Bollia og Gautvika/Gaustad, og var son av Pål Godalen. Frå manntalet 1701 kan ein òg merke seg at gardsdrengene hans Jakob Paulsen var Aage Gunderson Silness frå Eide og Nils Olson 'Gudal' Dette spørsmålet har eg diskutert med Jonny Lyngstad, og han har tvillaust rett i at det er lite sannsynleg at prestedotra Maren gifta seg slik under sin stand og rang. Og når så denne karen har late etter seg så lite spor - det finst ikkje ein liten krangel eller ei rettssak etter han eingong, så er det vanskeleg å finne haldepunkt for opphavet hans. Men om vi trekkjer tråden litt lenger til neste led, så er det der ikkje så mykje som minner om bondeadel og embetsmannslekt - dei er sokke ned i bondestandet og giftast bort til vanlege bondegutar. Så alle innspel om kvar denne litt mystiske Jakob-en kom frå må takast mot som manna frå himmelen. Mvh. Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Kristiansen

Jakob står nevnt i parykkskatten i 1711 på Rokset. På 'Rogset' står først nevnt Jacob med tøs Anne, og deretter står Knudt med tøs Kari. Dessverre er det ikke patronym på Anne og Kari. Flesteparten av tjenestefolkene i Kvernes prestegjeld står med patronym. Anne og Kari skulle skatte av lønna si, 1 riksdaler og fulle klær. For både klær og lønn i rede penger betalte Jakob og Knut 35 skilling hver for dem, dvs. 16 skilling for lønna og 19 skilling for at de fikk klær mens de tjenestegjorde hos dem.Parykkskatten gjaldt ikke bare parykker men også skatt av tjenestefolkenes lønn. 1/6 av lønna skulle betales, og skatten skulle trekkes av lønna til tjenestefolkene. Det ser ut som om det var 'arbeidsgiverne' som måtte betale skatten i første omgang, og deretter trekke fra utlegget hos sine tjenestefolk. Mvh Tore

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Endre og Tore for nyttige innspel. Alt av opplysningar som kan vera med å kasta ljos over denne gåtefulle mannen er velkomne. Har ikkje kasta teorien min heilt på båten enda. Skulle gjerne ha sett dei to skifta som Seland omtalar i artikkelen sin om Resen-slekta.Elles synes også eg at det ser litt rart ut med dette skjøtet frå 1670. Maren må sikkert vera feilskrive. Dette skjøtet kan da tyda på at Jacob og Maren budde ein annan stad enn i Kvernes i åra mellom 1670 og ca 1685. Dette skulle vel kanskje styrka teorien min?Mvh. Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Ad skjøtet 1670. Skulle ervepartane til borna hans Jakob Olson overdragast til Jakob Paulson, måtte vel underskrifta til Maren vera med på skjøtet? Mvh. Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Det synes jeg høres veldig merkelig ut. Det kunne derfor absolutt være interessant om man kan vise til noe tilsvarende fra en annen forbindelse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Arverett for ektefelle var vel ikkje innført enda, så om Maren fall i frå uten at det var born i ekteskapet, ville vel Jacob 'stått på bar bakke'. Gjensidig testamente vart etter kvart ein måte å løysa dette problemet på, men dette var kanskje ikkje vanleg enda? Om Jacob var den fattigguten han ser ut til å vera, så trengte han vel ei slik forsikring. Kanskje hadde han ikkje særleg hug på prestedotra?Mvh. Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Det har nok gått litt i surr med dette skjøtet, så det har vorte ei feilskriving ein eller annan stad. Her er det rette notatet, som eg fann langt nede i bunken til slutt: 'fremkom for retten Monsr. Ole Jacobsen Quærnes med sin søster Maren Jacobsdatter, som soldte och afhændet fra sig og sine Arvinger til sin kiære suoger Jacob Paulsen og hands hustrue, benevnte Maren Jacobsdatter, 1 spd og 2 marchlaug odelsgods i Rogsæt m/bøxel' (ikke datert, men tinget var visst i 1687) Der fall brikkene på plass! Mvh. Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Det er såpass tvetydig formulert i teksten at det lett kan tolkes feil. - Men hvor kommer da årstallet 1670 fra? Kom de likevel ikke til Rokset før i 1686/87?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Endre for den avklaringa.Ut frå dette må vi då fastslå at vi ikkje veit kvar Jacob Paulson og Maren Jacobsdtr. Kvernes (Skanche) budde dei første 10-12 åra av ekteskapet sitt. Og som eg har nemnd tidlegare, så hadde det vore fint om nokon som har tilgang til den tidlegare nemnde geistlege skifteprotokollen ( Namdals prostis geistlege skifteprotokoll nr. 1) kunne sjekka om opplysningane til Per Seland er rette.Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Jordeboka for Nordmør 1661: 'Rougset, H. Anders Quernes eier 2 spand 14 mrkl.' Skjøtet frå 1687 ? er den andre parten av garden som enka Berit brukte, 1 spann 2 mrkl. Den første parten fekk Jakob Paulsen og Maren i 1670 - 1 spann 12 mrkl. Først i 1693 er Jakob oppført som eigar av heile garden, for der kom forandringane ofte lenge etter eigarskifta. Formuleringane i det første skjøtet er truleg avskrive feil, men eg finn ikkje notatet nett no. Mvh. Endre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Takk for avklaringen. Da er det vel grunn til å anta at formuleringene i det første skjøtet fra 1670 er omtrent som i 1686/87.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.