Gå til innhold
Arkivverket

[#35016] Marite/Martha Larsdtr frå Li, Aurland til Nautøy, Solund – Hennar foreldre ?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Marthe Larsdotter (ca. 1760-1842) vart g. I 1800 ([url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigule79&gardpostnr=728&merk=728#ovre>Lenke) med Arne Andersson frå Nautøy (1776-1802). Dei fekk ein son i 1801: LenkeHo vert g. II i 1802: Lenke med Rasmus Larsson Nautøy (1779-1840). Ingen born.Ved vigsla i 1800 står det under ”Bruds Gard”:”Lundøen, fød i Urhlands Præstegield i Sogn paa gaarden Lie, men har tient i Evindvigs Præstegield i 15 aar og har communiceret”På Li Indre i Aurland vert det f. 1758 (Lenke) og 1761 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav J Ellingsen

I Aurland II under Indreli finn ein: Lars Johannesen Fretheim (1710-1780) g 1738 Siri Olsdtr Flåm (1715-1776). Born: a) Randi (1738-1812) til Melhus i Flåmsdalen, b) Johans (1741-1750), c) Ragnhild (1743-1813) Flåm, d) Hans (1746-1819) til Låvi i Aurland, e) Gjertrud (1748-1748), f) Ingeborg (1750-1826) til Låvi, g) Johans (1753-1846) Flåm, h) Ole f 1755 til Eivindvik, i) Marta f 1758 til Eivindvik, j) Marta (1761-1843) til Aurlandsvangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Tusen takk Olav for gode opplysningar!Så då var det ho f. 1758 allikevel.Ser at broren Ole, f. 1755, også tok vegen ut fjorden til Eivindvik. Eg får leite litt etter han også!M.v.h. Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav J  Ellingsen

Eg har sjekka dette litt nærare. Det kan godt vera mogeleg at dei to Martaene er ombytte i Aurland II, og at den yngste kom til Eivindvik. Broren Ola (1755-1844) vart gift med Anna Lassedtr. Lihaug (1740-1837).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Dette var interessant, for denne Marte Larsdtr. skal i følge bygdebøkene i Gulen og Solund være min tipp*2 oldemor. Hun fikk datteren Bente Andersdtr utenfor ekteskap i 1779 i Aurland, og denne datteren hadde hun med seg til Gulen der hun fikk en stor etterslekt. Som du sikkert skjønner har eg alltid trodd det var den eldste av søstrene, men hva er det som gjør at du tror det er den yngste?Det er kanskje litt frekt å stille nye spørsmål i en annen sitt tema, men du skulle vel ikke ha opplysninger om bakgrunnen til han som var far til denne Bente?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Oppl. frå ttp://www.fylkesarkiv.no om Benthe Andersdtr, f. 1780:Benthe Andersd. Li indre, Aurland prestegjeldFødselsdato 3.9.1780 Ekte (e) - uekte (u) uFar Anders Olss. Far's bustad Li indreMor Martha Larsd.Merknad Far frå Li indre.== Ønsker meir info om denne Anders Olsson og hans lagnad.Benthe var gift to gonger og fekk 3 + 1 born som vaks opp!**********Litt meir om Ola Larsson, f. 1755, frå Bygdebok for Gulen:Tok over bruket (Svardal, no br. nr. 3) i 1798. Ola var lagr.mann i 1799 og dreiv bruket til 1827. I 1826 var bruket verdsett til 140 spd. for 1 pd. 6 mk. smør. Ola åtte alt sjølv, etter skøyte frå 2/12 1795. Skylda vart omrekna i 1838 til 1-1-20 skdl. Skiftet 4/11 1846 nemner berre nokre sysken og borna deira. Ola og Anna hadde ikkje born.*********

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Litt på sida av denne debatten, men på Svardal - etter Ola Larsson Li - var det fleire med opphav i Aurland:Lars Hansson Loven vart døypt 30. mars 1794 i Aurland. Han dø 11. april 1871 Svardal, Gulen. Lars gifte seg 20. juni 1822 i Gulen med Sigrid Johannesdotter Holum. Sigrid f. 1799 Aurland. Ho dø 27. februar 1852 Svardal, Gulen. Dei fekk 6 born som vaks opp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav J.  Ellingsen

Det er ein samanheg her for Lars Hansen Loven f 1794 var son til Marta sin bror. Marta si søster Randi som budde på Melhus hadde ein son Lars f. 1777 som flytta til Randal i Gulen. Randi hadde også 3 borneborn som flytta til Eivindvik: Sjur f 1791, Mons f 1805 og Hans f 1807, alle med etternamn Botolvsen Melhus.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Takk til både Gisle og Olav for mye ny og interessant informasjon. Fødselen til Bente i Fylkesarkivene sine baser hadde eg ikke fått med meg, og det er nå spennende om Olav har mer informasjon om faren.Artig med koblingen til Lars Loven. Et barnebarn av han ble gift med søsteren til min oldefar, og de fikk utskilt en husmannsplass på hennes farsgård. Husene de satte opp benyttes ennå til sommerhus. Lars Melhus døde etter bare et par år, men etterkommere av han bodde på gården på Randal til 1960-tallet.Når det gjelder barnebarna til Randi Melhus tror eg det bare var Sjur som bodde i Gulen i mer enn noen få år. I følge bygdebok for Gulen - som ikke er særlig pålitelig i slike saker - flyttet de til Askøy i 1831. Kanskje de gjorde det, men i Ft 1865 finner vi både Sjur og to av barna på Manger (Radøy). [url="http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1261&kenr=009&bnr=0015&lnr=000>Lenke og

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav J.  Ellingsen

Faren til Bente, Anders Olsen Indrelid, er 'ettrsøkt' også her i Aurland. Han var truleg dreng i Indrelid, og me har von om å finna han no i samband med revisjon av ættesoga for Flåm sokn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Gisle Hersvik

Takk til Terje og Olav,Her har eg litt meir å sjå på utover nyåret!Så får vi håpe at den rette Anders Olsen dukker opp etter kvart!M.v.h. Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.