Gå til innhold
Arkivverket

[#35488] Johannes Skaanvik og Jensine Jensen i Molforvik (Evenes) 1865 - Deira opphav ?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

No er eg byrja å røre meg i eit geografisk område som eg ikkje er kjend i, men håper på gode innspel. Eg veit ikkje mykje om desse folka, men det lille eg har nemnd under er det eg har fått tilsendt!Ved FT1900 i Molforvik, Evenes, NO - [url="http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1853&kenr=012&bnr=0047&lnr=00>Lenke - finn vi ein Johannes Skaanevik, f. 1857.Mora til kona er nemnd nederst på lista. Sonen Anders, f. 1897, er bestefar til kona til ein av mine søskenbarn.== Fødestaden til Johannes er 'Skaavik Nor' - kvar er det ?== Kven er foreldra til Johannes ? Kan han t.d. ha kome 'heilt' i frå Skånevik i Hordaland ? Om far hans er ein Johannes kan denne vere eit alternativ: Lenke== Johannes og Jensine vart vel gifte i enten Lødingen eller Evenes (omkring 1884), men kvar / når ? Er det nokon som har tilgang på kirkebøker for dette området som evt. kan sjekke det ?Når vigsla er funnen (og namnet på foreldra er funne der) kan vi lettare finne desse folka f.eks. ved FT1865, men eg lurer på om ikkje dette kan vere Jensine og foreldra ved FT1865:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Gundersen

Hei !Det er ikke så mye jeg kan hjelpe med, men etter det jeg finner på kartet finnes det et sted i Ballangen kommune som heter Moltforvik. Det ser ikke ut til å være et gårdsbruk der i dag da det ikke går vei dit. Ballangen kommune var før en del av Evenes kommune og Evenes het tidligere Ofoten. Ladesletten eller Lasletten ligger i Evenes kommune på nordsiden av Ofotfjorden. Det var flere familier fra Hordaland som slo seg ned som nyrydningsfolk i området, jeg har registrert at det kom flere fra bl.a.Osterøy i 1850-1860 åra. Bjørn Gundersen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk Bjørn,Dessverre er det enno ikkje lagt ut skanna kirkebøker frå dette området.Jensine sitt opphav burde vere 'kurant' å finne - eg trur eg har funne den rette allereie, men ein veit aldri!Johannes føler eg på meg kan vere værre å finne (basert på det eg har høyrt - han verkar vere eit lite 'mysterium'), men det kan sjølvsagt vise seg å vere feil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Moen

Hei!Johannes og Jensine ble gift i 1882 i Evenes.Ungk.Johannes Johannessen Vik, Sømand(?) f: Skånevig prgj. med pige Jensine Dortea Jensdatter.Johannes født 19.5.1857 Jensine født 30(31?).1.1861, født Hol sogn, Ladesletten, bosatt Tjældebotnen.Far til Johannes: Johannes Johannessen, husmann Far til Jensine: Jens Pedersen, husmann.De ble gift 10.11.1882. Kilde: Kirkebok for Ofoten 1872-85, s.301, nr.25.Dermed skulle det være bekreftet at Johannes kom fra Skånevik i Hordaland. En kunne jo også sjekke utflyttingslistene i kirkeboka for Skånevik og se om han også sto oppført som utflyttet der.Mvh. Geir Moen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Eg kan sjå i Skånevikssoga (på biblioteket), bindet som omtalar Holmedal Sokn, om eg finn denne Johannes Skånevik. Eg finn han ikkje under Vik i folketellinga for 1865. Bakken ser ut til å vera eit plass under Storhaug, som er omtala i same boka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Jøss, der var det ”løyst” allereie. Tusen takk Geir og Marie for innspel så langt, dette verkar lovande.*************************JENSINE:Her er vel giftarmålet til foreldra til Jensine, i 1860 i Tjeldsund: [url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/igi/individual_record.asp?recid=100068151333&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=Norw9Nlan&juris2=Nlan&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=Nordland&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>LenkeKan dette vere farens fødsel/dåp i 1827 i Sørfold ? Lenke********************JOHANNES:Den Johannes, f. 1857, nemnd u. Bakken i 1865: Lenke, er den same som vi finn på FS IGI:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Marie Skålnes

No har eg endeleg vore innom bilblioteket.Under garden Vik i Holmedal, Skånevik fann eg:Johannes Johannesen Fjellandsbøle 1818-1863, g.m. Sissela Opstveit f.1818, bygsla Bakken under Nedre Vik. Blant borna er Johannes fødd 1857. Det står berre om Johannes at han budde i Eid Sokn i 1875. Det må då vera denne: LenkeEg kan såleis ikkje bekrefta/avkrefta om det ar denne Johannes som drog nordover. Men avdi han er kalla Vik då han gifte seg, kan det truleg vera han. Kyrkjebøker for Fjelberg og Skånevik er enno ikkje skanna inn.Johannes frå Haugen/Fjeldhaugen er det ikkje; han gifta seg med Margrete og flytta til Kvinnherad. Johannes frå Tangen fann eg ikkje, for han er ikkje kalla Tangen i namneregisteret. Men eg meiner eg nettopp har funne ut at han må ha budd nær grensa mot Aakre sokn (Tungesvik - Ytre Nes), så eg kan kikka etter ved eit seinare høve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Mange takk Marie.Du skriv at Johannes Johannesen Fjallandsbøle levde 1818-1863, men han er nemnd i FT1865: Lenke.Eit skifte/dødsmelding kan kanskje gi det endelege svaret på om det er rett Johannes f. 1857 og nemnd u. Bakken (Nedre Vik) i 1865.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Eg ser eg har notert 1863 også med hand på biblioteket, men det må vera feil. Skal sjekka om det er eg eller boka som har feil. Det står ein del rettingar bak i band 4, skal sjekka der og.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.