Jump to content
Arkivverket

[#35544] Ole Iverson Sandvig og Christi Larsdotter - til Bø, Vesterålen 1850 - lagnad?


Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Denne huslyden flytte kring 1850 frå Luster i Sogn til Bø i Vesterålen:~~~~~~~~~~Ole Iverson Sandvig, døypt 4.3.1798 HafsloBritha Larsdotter, kona hans, døypt 20.11.1803 HafsloBritha Olsdotter, dotter hans, fødd 16.8.1838 LusterBertha Olsdotter, dotter deira, fødd 30.11.1840 LusterIver Olson, son deira, fødd 18.3.1843 Luster~~~~~~~~~~Ei eldre dotter hans, Johanna Olsdotter, gifte seg i Luster i 1850 og flytte 1851 med mannen Anders Iverson til Maursund i Bø.Britha Olsdotter, fødd 1838, vart konfirmert i Bø i 1855 og gifte seg i Bø 27.12.1859 med Nils Christian Holgerson frå Nesna, busette seg på Svinøy i Bø (1865).Bertha Olsdotter, fødd 1840, vart konfirmert i Bø i 1858 og gifte seg i Bø 9.10.1864 med Leonard Christian Andersson frå Hadsel, busette seg på Eidet i Bø (1865).Iver Olson ser eg ikkje noko meir til!Ole Sandvig var i 1865 enkjemann og budde på Svinøy i Bø hjå dotteri Britha. I 1875 var Ole Sandvig framleis busett som enkjemann på Svinøy i Bø.~~~~~Eg har søkt gjennom kyrkjebøkene for Bø på Digitalarkivet 1848-1866, men finn ikkje dødsfalli korkje til Britha Larsdotter eller sonen Iver Olson. Men Ole Sandvig døydde som innerst på Svinøy i Bø 6.9.1881.Kan nokon fortelja meg kvar det vart av Britha Larsdotter og sonen Iver Olson? Kvifor er dei ikkje i Bø? Kvar i Bø budde denne huslyden, medan Britha levde?Er takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Link to comment
Share on other sites

Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg oppdaga no at eg kom i skade for å skriva feil namn på kona i overskrifti! Ho heitte sjølvsagt Britha Larsdotter!!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.