Gå til innhold
Arkivverket

[#35761] Ole Ankersen og Kari Hansdotter - 1752 frå Luster til Bergen - borni deira?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Ankersen, truleg ein bergensar(?) og fødd kring 1705, gifte seg i Hafslo i Sogn 31.5.1733 med Kari Hansdotter Alme, fødd i Hafslo kring 1708. Ole og Kari var gardbrukarar på Sandvik i Luster i mange år, men lautr gå frå garden i 1744 og budde sidan som innerstfolk på Alme i Hafslo til dei kring 1752 flytte til Bergen. Me finn dei att som Ole og Karen busette på Nordnes i Bergen, truleg i Claus Ockenssmuget, men Ole arbeidde som vektar på torget i Bergen. Karen d. i Bergen 5.9.1783, medan Ole d. same staden 12.10.1794. Sju born er sakna:* Hans Olsen, døypt i Luster 6.12.1735* Anders Olsen, døypt i Hafslo 21.9.1738* Anna Olsdotter, døypt i Luster 11.11.1741* Lars Olsen, døypt i Hafslo 9.5.1745* Peder Olsen, døypt i Hafslo 18.2.1748* Henrik Olsen, døypt i Hafslo 15.3.1750* Ole Olsen, døypt i Bergen 4.8.1754Eg har trass i diverse leiting ikkje funne att nokon av desse borni i Bergen, og so er spørsmålet om andre har betre auge enn eg?Eg vonar at einkvan kan finna lagnaden til eitt eller fleire av desse borni og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for innlegg.Jau, eg veit om denne første Anna, men ho døydde kort etter fødsli, so eg tok ho ikkje med i spørsmålet mitt om lagnaden til borni...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Karen, gravlagd 10.9.1783: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=bedo1668&gardpostnr=51482&merk=51482#ovre>LenkeOle, gravlagd 17.10.1794: Lenke********Har ikkje sjekka det under mot FT1801 eller andre DA-kjelder, men kanskje gode kandidater?- kan dette vere sonen Anders? Lenke- kan dette vere Ole? Lenke- Hans?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.