Gå til innhold
Arkivverket

[#35770] S&F: Familie frå Fjaler til Askvoll - seinare Solund - Opphav og lagnad?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Mari Iversen, f. ca. 1735, d. 6.5.1804, vart g. 6.1.1769 og bst. Enehoug i Fjaler ved FT1801; [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11429&gardpostnr=50&personpostnr=893&merk=893#ovre>Lenke.Ho er truleg søster til ein Lars Iversen (Sivertsen), f. #### bst. Gjervik, Askvoll og seinare Færøyvik, Solund, der han d. ###1794.Lars Iversen, f. ### var første gong g. 17.7.1772 (Fjaler) m. ei Cicilia (Sisselle) Hansdotter, f. ###, men ho dø ###ca. 1793, då Lars (skreven Sivertsen) g. 15.7.1793 (Askvoll) m. Lovise Johannesdotter Østenstad(?), f. ###ca. 1761. Lovise g. II 30.8.1795 (Askvoll) m. Nils Nilsson Enevold (Einevollen, Hyllestad), dp. 4.10.1761 (Askvoll). Lovise og Nils var ved FT1801 bst. Færøen; LenkeLars og Cicilia hadde følgande born som levde i 1794 (men med ukjent lagnad etter det - vart dei kanskje 'utplasserte'?):1) Elisabeth Margaretha (f. 1779): Kan det vere ho vi finn at i Vaulen (Solund) i 1801? Lenke (Vaulen, Fløipollen, Evindvig) og som vart g. 15.9.1808 m. Søren Sjursson Gylta; Lenke. Ho d. i så fall i 1811 (Lenke), skreven 41 år (f. ca. 1770).2) Barbra (f. 1783); Kan ho vere ei av desse? Lenke (Sunde, Dale, Fjaler) eller Lenke (Hagenes, Bygstad, Gaular)3) Karie (f. 1785); Kan det vere denne?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Hjarteleg takk for at du fann lagnaden til han Lars. Eg har leita etter han i fleire år.Lars er forfaren min gjennom Barbro som vart gift med Bendik Olson og busette seg på Alvora.Lars er ein yngre bror av Mari på Enerhaug, han budde etter det eg minnest hjå henne etter at foreldra døydde.Eg fekk hol på det meste av problemet då eg fann skifte etter ein ugift bror av Cecilie. Seinare fann eg Cecilie og vesle-Mari død samstundes i kyrkjebok for Askvoll, men Lars vart borte vekk. I skiftet etter Cecilies bror står det kor dei tre borna var sett vekk. Men alt dette ligg i maskina mi heime. Så eg kjem attende til saka når eg kjem meg i heimen om litt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ikkje værst det Bjørn!Eg leita egentlig etter noko anna i går kveld, så dukka det opp noko som eg ikkje klarte å legge frå meg - denne familien. Fann litt under garden Færøyvik (sista sida i Bygdebok for Solund, Bind II) og etter litt søk på FS IGI kom eg over Gjervik-namet, og under Gjervik, Askvoll Bygdebok var dei nemnde med 4 born og 'Bbr. 1778. Fam. må vere flytt'.Håper du kan bidra med meir nøyaktige datoar/årstal på dødstidspunkt m.m. for dei enkelte (sjølv om dette ikkje er noko folk i mitt slektstre)!Du kan evt sende info pr. e-post: ghersvik@frisurf.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Igelkjøn

Eg finn ei Lovise, som i følgje Fjalersoga var f. i 1754 på Østenstad (nabogard til Einehaug), dotter til Johannes Sjurson og Synneve Jakobsdtr. Rennestraum.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk Torbjørn,Reknar med at det ikkje står noko meir om denne Lovise?Lovise J. vart altså g. i 1793 og 1795 - men var ho kanskje gift før den tid også?Om Nils Nilsen Einevollen står følgande i Hyllestad Bygdebok, Einevollen:Nils, f. 1761, gift 1795 med enkja Lovise Johannesdotter på Færøy på Hovland i Askvoll [Færøy låg i Vilnes sokn, men kanskje det finnes ein plass som heiter Færøy u. Hovland i Askvoll også?]- No har eg også fått opplysningane frå skiftet etter Anders Hansson Nautsund, ref. lenke i innlegg (4) over.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Igelkjøn

Det står ikkje noko om kvar denne Lovise vart av, dersom det er det du meiner:... I tida 1743 til 1758 var Johannes Sjurson brukar. Han var g. m. Synneve Jakobsdtr. Rennestraum. Born: Guri f. 1737. Anna f. 1742. Jacob f. 1747. Orlaug f. 1751. Lovise f. 1754. Ole f. 1757. Johannes Sjurson d. 1757,48 år. Enkja, Synneve Jakobsdtr. g. seg att 1758 m. Ole Torson Sletteland f. 1730 i Arøyane, Sande i Gaular. Ole Torson sat med bruket 1758-1762. Han flytte til husmannsplassen Hjellen, Rennestraum. ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Igelkjøn

Eg tek med litt frå Fjalersoga frå Einehaug, i tilfelle det er av interesse:No fylgde Johannes Hansson, g. m. Mari Ivarsdtr. (uvisst kvar dei var frå). Dei hadde sonen, Hans, f. 1767, gardbrukar Kleppenes 1798-1826. Johannes Hansson d. 1768, 40 år.Enkja, Mari Ivarsdtr., g. seg att 1769 m. Mads Jensson BjØrvik. Born i dette ekteskap var: Johanne f. 1770. J ens f. 1773, fekk garden.Mari Ivarsdtr. d.1804 (f.1735). Mads Jensson d. 1807 (f. 1737). Mads Jensson var brukar 1769-1806.Sonen, Jens Madsson, kjØpte garden i 1806. Han vart g. m. Ide Andersdtr. Refsnes f. 1799. Born: Kristi f. 1801 (sjå Svehaug, Jarstad). Mads f. 1804, g. 1828 m. Nilske Madsdtr. Dale. J ens f. 1806, g. 1847 m. Synneve Karstensdtr. Myklebust, dei fekk ein son, Jens, f. 1838, gardbrukar Stav.Jens Madsson d. 1806, 34 år. Enkja, Ide Andersdtr., vart g. att 1807 m. Christian Nilsson Solheim f. 1778. Dei fekk borna: Nilske f. 1809. Anders f. 1813. Carsten f. 1816, fekk garden. Marta f. 1819, g. 1) 1846 m. Fredrik Fredrikson Bonge, f. 1820, d. 1847, son til gjestgjevaren på Tross, Fredrik Henrik Bonge, g. 2) 1848 m. gardbrukar Ole Bruseson Strand (Fjorden).Christian Nilsen d. 1828. Ide Andersdtr. d. 1861.Osv.Mvh. Torbjørn Igelkjøn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk!Til (7): Ja, det var det eg meinte. Eg kjenner ikkje Fjaler-bøkene og korleis dei er oppsette. Skal vi tolke t.d.'....Dei fekk borna: Nilske f. 1809. Anders f. 1813. Carsten f. 1816, fekk garden. Marta f. 1819, g. 1) 1846 m. Fredrik....'som at borna Nilske, f. 1809 og Anders, f. 1813 også levde opp, sidan dødsår ikkje er påført, men at det er ukjent kvar dei tok vegen?Til (8): Eg tek i mot med stor takk, sjølv om det er litt 'på sida'.M.v.h. Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.