Gå til innhold
Arkivverket

[#35782] Johannes Olsen Valle, gift til Borgen på Os. Hvor kom han fra?


Gjest Olav Lønne
 Del

Recommended Posts

Gjest Olav Lønne

Ifølge Bygdebok for Os så var JOHANNES OLSON født i 1709 på Valle. I parantes står det også (Født på Kismul?) Han døde i 1752. Jeg finner ikke foreldrene i Fanaboken, hverken på Valle eller på Kismul. Han giftet seg med MARTA LARSDATTER BORGEN den 08 aug 1734 i Os Kirke.Lenke En opplysning kan kanskje hjelpe til å finne ut hvor han kom fra, og hvem foreldrene var. Osboken sier: 'Han sto i hærtjenesta fra 1732 til 1738 og vart stroken or rulla etter han var gift og hadde fenje tvo barn' Finnes det opplysninger i militærruller som kan kaste lys over dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Johannes Olson _kan_ vera son av ein Ola Johannesson, som var gardbrukar på Bø i Os frå 1706, og kona hans Eli Hansdtr.. I band III av bygdesoga for Os står dette: 'Ola Johannesson Hatvik, f.1685, bygsla bruket etter Ivar flutte (i 1706). G.1706 Eli Hansdtr. Heggland, f.1681. Born: Johannes, f.1711. Ei gjenta døydde ung. Ola sat godt i det likeeins som fyremannen. Han dølydde alt i 1711, og ekkja gifte seg året etter med Ola Valle, sjå Valle 1'.Her vil eg absolutt tilrå eit oppslag i kyrkjebøkene for høvesvis Os og Fana for å finna ut om Johannes Olson, som vart gift til Borgen i Os i 1734 var fødd anten A) i Fana i 1709, eller B) i Os i 1709 eller i 1711. Berre eit avklarande oppslag i bøkene kan gje svar på dette.Som du alt har sett fekk Johannes Olson og Marta Larsdtr. på Borgen i alt sju born, av desse levde fire opp. Ei av dei heiter Eli. Dét er sjølvsagt ikkje noko bevis, men eg synest det indikerar at Johannes er son av Ola Johannesson og Eli Hansdtr. på Bø, og at dottera Eli (f.1738) altså er oppkalla etter farmora si.Men korleis Kismul i Fana kjem inn i biletet, det anar eg ikkje. Kanskje Eli Hansdtr. eller Ola Johannesson hadde slektningar der?Ola Johannesson Hatvik (1685 - 1711) var son av Johannes Larsson Hatvik (1648 - 1732), og Eli Hansdtr. Heggland (1681 - 1754) var dotter av Hans Olson Heggland (1648 - 1690).Eli gifte seg, som nemnt, med Ola Nilsson Valle (1682 - 1759) i 1712. Han var fødd på Gåssand i Os. I 1712 bygsla han Valle (nabogard til Borgen) i tillegg til det bruket som Ola og Eli hadde hatt på Bø. Han sa frå seg bruket på Bø i 1722, men Valle dreiv han til 1754.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Retting til siste innlegg:Johannes Olson Hatvik levde _ikkje_ mellom 1648 og 1732. For dét var det kona hans, Kari Larsdtr. Hauge, som gjorde. Johannes var fødd ikring 1640 og døydde i 1695.Eg kan elles nemna at far til Eli Hansdtr, Hans Olson Heggland (ca. 1648 - 1690); hadde fire søsken som ein ikkje veit kor blei av. Dei er: Nils og Kristi f.om lag 1645, Peder, f.ca. 1653 og Lars, f.ca. 1655.Kanskje nokre av dei hamna i Fana?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Til innlegg (4):Eg veit diverre ikkje namna på alle borna til Johannes Olson Valle-Borgen (1709/1711 - 1752)og kona hans, Marta. I bygdesoga for Os (band 3 side 513) står dette avsnittet, mine merknader i klammer:'Johannes Olson Valle, f. på Kismul i Fana i 1709, vart i 1734 gift med Marta Larsdtr. Borgen, f.1716 (d.1792); og fekk bygsla bruket etter verfaren. Som nemnt dreiv dei elles bruket ihop heile tidi til Johannes døydde (svigerfaren Lars Monsson Borgen døydde i 1766). Johannes og Marta fekk 7 born, men berre tre av dei vaks upp:Eli, f.1738, g.1765, Ola Skogen, s. Skogen 1.Lars, f.1743, g.1778 Ingjerd Bø, s. Hetleflåten 1.Ola, f.1750, d.ug 1794 etter ei sjukelega på 22 år.Johannes var ein drivande kar og sat etter måten godt i det. han stod i hærtenesta frå 1732 til 1738, og vart stroken or rulla då han var gift og hadde fengje tvo born. Johannes døydde alt i 1752.'Enkja Marta Larsdtr. gifte seg året etter med Ola Jakobson Kuven (f.1732) og fekk fire born med han. Den eldste guten deira, Johannes f.1754; vart oppattkalla etter Johannes Olson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Lønne

Jeg har brukt litt tid på SA for å lese i Kirkebok for Os i det angjeldende tidsrom, og det var ingen enkel lesning (Mikrofilm).Men noe fant jeg, og dåpen skal jeg lete etter senere. Johannnis Olsen Walle og Marithe Larsdatter Borgen ble gift 7 søndag etter tref.(digitalarkivet sier 8 august), og forlovet noen uker før.Med forbehold om at jeg har lest feil er: 'Forlofningsmænd' er Lars Tøsdal og Anders Lyssne. Jeg finner ingen Lysne i Os, så det er vel Lyssand?.Lars er vel far til Marithe? Ved giftermålet er der 4 caut.: Peder Jørgensen Færstad, Anne Jonsdatter Borgen, Johannis Larsen Yttre Moberg og Guro Jonsdatter Søre Strønen. De to siste er gift i 1734. Peder Jørgensen er født på Indre Moberg, sønn av Jørgen Erikson Øvreide og Kari Nilsdatter Moberg.Om de to Jonsdøttre er søstre vites ikke. mvh Olav

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Lønne

Jeg har gått igjennom kirkeboken for Os mellom 1709 og 1712, og den eneste døpte Johannis er Johannis Olsen Bøe, døpt 9. september 1711. Her er ingen foreldre oppgitt, bare faddre, som er: Christoffer Bøe, Ambrosius ibid, Ole Heggland (?), Birgitte Bøe og Mons ibid. Dette er lest fra de ikke så bra lesbare mikrofilmkort, jeg skal prøve å få de verifisert i orginalen. Da faren døde i 1711, og moren ble gift(II) med Ola Valle i 1712, flyttet de til Valle, så det at han tar navnet Johannis Olsen Valle er vel naturlig. Det som fremdeles er uklart er henvisningen i Os-boken III, side 513, at han var født på Kismul i Fana i 1709, men der er han altså ikke å finne.mvh Olav

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Ja, det er vel ikkje tvil om at du fann rett person, og det er vel greit å fastslått at denne Johannes Olsen er fødd i Os i 1711 og _ikkje_ på Kismul i 1709? Fadrane hans er naboar på Bø, det var seks gardsbruk på Bø då, jfr. Os soga.Men den Lars Tøsdal som er nemnd som forlovar i 1734 er _ikkje_ identisk med far til brura, Marta/Marithe. For han heitte Lars Monsson og kom eigentleg frå garden Lønningdal i Os. (Sjå innlegg (5) her og gjer elles relevante oppslag i Os soga band III for meir informasjon).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Du bør vel ordens skuld konsultera Kyrkjeboka for Fana for å sjå om det verkeleg finnest ein Johannes Olsen fødd på Kismul i året 1709, og - dersom ja - kvar det blir av vedkomande seinare.Dersom ein eventuell Johannes/is Olsen frå Kismul dør som barn, så er saka grei; og då kan du vera nokså sikker på at den nemnde Johannis Olsen Bøe, fødd 1711, er 'din mann'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.