Gå til innhold
Arkivverket

[#35946] Bruksrettleiing, forum med handlekorg


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Eg må faktisk tilstå at eg har ramla litt av lasset no, og ber om å få ei orientering om korleis eg best skal gå fram når eg går inn i forum.1. Eg kjem utanfrå, går inn på DA, framsida og klikkar på debatt. Der kan eg som før lese innlegg og veksle mellom brukar/arkivforum.2. Eg vil sjå handlekorga mi. Då må eg logge på via knappen til høgre, viss eg ikkje allereie har skrive innlegg i ein debatt.3. Etter at eg har logga meg på, kjem knappen 'List tema i korga di' fram, og eg trykkjer på den.4. Då kjem lista mi fram, for tida berre med eitt innlegg. Eg hadde 3 i går, men skal ikkje garantere at eg ikkje har fjerna dei to andre sjølv.5. Så ser eg meg rundt etter funksjonen som skulle vise meg nye tema sidan sist, men kan ikkje sjå noko. Er denne knappen fjerna, eller leitar eg på feil stad?6. Eg går tilbake til heile lista med 'Debatt'-knappen på den blå linja under.Som du ser, har eg manøvrert greit igjennom, men har eit problem under punkt 5.Takkar for tilbakemelding!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg lurer stadig på denne 'nye tema'-knappen. Han er ikkje å sjå i dag heller, endå eg kan sjå av lista at der er komne nye tema i løpet av morgontimane. Kvifor ikkje? Eg har prøvt å logge meg av og på igjen utan at det hjelpte - er det noko eg overser?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

No har eg hatt handlekorga mi liggande i eige vindauge ein liten halvtime. Då har desse tre knappane du nemner fått selskap av den fjerde, '1 nytt tema' - så langt er det forsåvidt greit. Men eg trudde denne knappen skulle vere der også når eg går inn i korga for fyrste gong om morgonen, for å vise nye tema sidan eg tok kvelden - eller er det eg som har misforstått totalt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Astrid Ryen

Jeg har ikke fulgt så godt med i alt dette før, så jeg er noe desorientert. Men jeg ser nå at dette tema er kommet i mi handlekorg, sannsynligvis fordi jeg har lagt inn et innlegg.Handlekorga er en god idé, og jeg hadde tenkt å samle tema der som interesser meg. Nå kommer vel også de tema hvor man har et innlegg, i tillegg. Men dem kan man jo 'sparke ut' etter hvert.Den fjerde knappen har jeg ikke sett. Jeg la selv inn et gammelt tema i korga igår og så kom ditt i tillegg i dag.Hvilken funksjon skulle den for meg ukjente knappen så ha?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Ei lita oppklaring når det gjeld nye tema:Denne funksjonen er der først og fremst for dei som brukar handlekorga slik eg sjølv gjer. Handlekorga er grei fordi ein då kan følgja med i dei debattane ein sjølv er interessert i og ikkje alle dei andre. Eg har lita interesse av nesten alt i brukarforumet og det meste i arkivforumet. Handlekorgja gjer det mogeleg for meg å følgja med i det eg er og må vera interessert. Så difor står den open heile døgeret hos meg.Men så oppdaga eg minuset; eg ville ikkje koma til å oppdaga om det kom nye, interessante tema. Dermed laga eg meg ein funksjon som gjorde at eg ville få melding når det kom nye og ein knapp som gjorde at eg kunne få dei lista for å kontrollera om det skulle vera kome inn noko nytt eg var interssert i. Måten det fungerer på er at denne lista bli ståande heilt til eg går inn i heile temalista. Då blir ho stroken, fordi eg då har skaffa meg ein annan måte å sjå nye tema på.Eller sagt på ein annan måte, 'Nye tema'-knappen ser du berre om du står i korga og det då kjem inn nye tema. Ver også merksm på at når korga viser treng du ikkje trykkje reload for å sjå om det skjer noko; denne sida oppdaterer seg sjølv kvart minutt.Eg skal nok laga ei brukarrettleiing, men eg vil gjerne først ha stabilsert det heile og vera sikker på at eg har på plass dei funksjonar eg vil ha og at dei fungerer slik dei skal. Eg har diverre ikkje så svært mange timane for veka eg kan setja av til DA.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Så 'nye tema' viser altså IKKJE kva som har skjedd sidan sist du var på besøk. Då er det eg som har misforstått, og saka er grei. Takkar for oppklaringa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.