Gå til innhold
Arkivverket

[#35953] Erlend Serkson m.fl. og Erling Vidkunson, eit makeskifte.


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Er det nokon som har kunnskap om personar m.m. nemnd i DN III s. 149 f, nr. 161. År 1331.Essensen i brevet er at Erlend Serkson, Fru Ragna, mor til Erlend og Ingeborg, kona hans hadde gjort makeskifte med Erling Vidkunson slik at Erling hadde fått gods på Nordmøre av Erlend m.fl. medan dei siste hadde fått gods i Valdres, Hardanger og Sogn i staden hos Erling. Det viste seg at gardane på Nordmøre var mindre verdt enn gardane i Valdres, Hardanger og Sogn. Difor hadde Erlend m.fl. gjeve Erling to gardar i Romsdalen i tillegg, nemleg 6 aurebol i Bjarnarvelli og ½ markebol i Dale.I og med at brevet er ganske kort, så limar eg inn heile teksta her:Sammendrag: Erlend Serkssön kundgjör, at han, hans Moder Fru Ragna og Hustru Inge-borg af Drotseten Hr. Erling Vidkunssön have modtaget to Gaarde iRaumsdalen, hvorved et ældre Mageskifte imellem dem af Gods paa Nordmöre, imod Gods i Valdres, Hardanger og Sogn er bragt til Ende.Kilde: Efter Orig. p. Perg. i Dipl. Arn. Magn. fasc. 9. No. 1. Seglet mangler. Nummer: 161. Dato: 3 Septbr. 1331. Sted: Bergen. Brevtekst (fra den trykte utgaven):Ollum monnum þæim sæm þetta bref sea eda h/oe/yra sendirEllender Serksson q. g. ok sina. Ek gerer yder kunnict at ek vidergenger med þesso minu brefue at þat sem mer, fru Roghnu m/oe/derminni ok Jnghibiorghu minni brast j. at ei varo jammyklar þæær jar-der. sem herra Erllinger Vidkunnar son drotzsæte konongs j Noræghifek oss a Nordm/oe/re, sem þæær er ver fengom honom a ValldreseHardangre ok i Sognne, þa hæfuir han fenghit oss þar j mot sinarjarder j Raumsdale. fyrst sex aura bool j Biarnnar velli jtem j Dalehalfrar merkr booll æptir þui sem þatt bref vattar er þar er vm gort ok ek hæfuir g/oe/ymt hiia mer. ok þi læter ek mer hn/oe/ghia fyrsaghtjarda skipti, ok gerer ek herra Erlingh Vidkunnar son her kuittan oklidughan af, ok till sandz vitnisburdar her vm setti ek mitt jnsigli firirþetta bref er gort var j B[iorgv]in tyrsdaghin nesta firir Mariumesso vm haustit a þrettanda aare rikis mins virdulegs herra Magnusarmeder gudes miskun Noregs, Syia ok Gota konongs.Tillegg: Bagpaa fra 15de Aarh.: Breff vm nogit gotz i Raumsdale.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Dette er svært spanande stoff Finn Oldervik. Men eg trur du miksa litt no, det var vel slik at det var Erling Vidkunnsson som fikk gardpartar i Valdres , Hardanger og Sogn [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/regest_vise_tekst.prl?b=4244&s=&str=>Lenke Vidare so var det Erlend som ikkje var nøgd med handelen og fikk seinare '6 øb i [biarnnar velli og 1/2 mb i Dale'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Og godset i Hardanger er sannsynligvis: 12 1/2 mmb i Ålvik, 2 i Geitskaseter og 1 1/2 i Foss-dette er gammelt Sandven i Vikør gods, som Halvard Amundson selger som ombudsmann for Erling Vidkunson til abbed Hogne i MUnkeliv for 110 gamle mark. DN nr. 88, datert Munkeliv 24 februar 1338

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Leiv Magne Apelseth.Takkar så mykje for interessante innspel. Kom ikkje på at eg skulle sjekka med Regesta Norvegica. Samandraget, og for så vidt sjølve brevet, er litt tvetydig. Brevet er imidlertid like interessant likevel. Erlend eig i utgangspunktet jord både i Valdres, Hardanger og Sogn, og er altså interessert i å bytta dette med jord som ligg i Romsdalen og på Nordmøre, noko som kan tyda på at han har jord i dette området frå før. Når mor til Erlend er nemnd i samband med makeskiftet, så kan det kanskje tyda på at noko av godset sørom Stadt kjem frå henne?I dei to diploma du nemner kallar Erling Ragna Jonsdtr. for frendkona si. Eg går ut frå at han med det meiner at ho er kona til frenden hans og at det ikkje er Ragna som er frenden? Om vi da tenkjer oss at det er den same Ragna det er snakk om i dei tre breva, så må vel kanskje frenden til Erling vera ein Serk då? Vi har jo nokre slike i framtredande posisjonar i Nidaros på den tida, m.a lagmannen Serk Arneson. Elles må eg få litt meir tid til å sjå på desse to breva du viser til før eg kjem med vidare kommentar.Om nokon kunne visa til ein stad der den næraste slekta til Erling er gjort greie for, så kunne ein kanskje funne eit spor for å koma vidare?Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til KarinTakk for innspelet. Då eg ikkje er særleg godt kjend med dei gamle ættene i Hardanger, så kunne du kanskje seia litt meir om kva 'gammelt Sandven i Vikør gods' er for noko?Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Men godset det er tale om treng då ikkje vera gammalt gods i eiga til slekta på Sandvin? Foss er garden Indre Fosse (hjå Rygh, Vikøy 74), Geitzkasætre (i jordeboka for Munkeliv 1591 kalla Gedske helle, vel etter _Giske_) ligg under ytre Ålvik (Vikøy 75), og godet i Ålvik (Vikøy 75 ellr 77). I tillegg er det i 1338 tale om jord i Melstveit (Vikøy 52). Alt dette er Munkelivgods resten av mellomalderen, og det som Håkon Erlingsson av ætta på Sandvin eig i 1436, treng ikkje ha noko direkte samband til dette. Det kan ha kome inn andre stader frå hjå begge to, til dømes gjennom makeskifter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Til 6.Sandven ligg i det gamle Vikør, nå Kvam i Ytre Hardanger, Hordaland. Her bodde det nok mykje godtfolk i gamle dager. Det er et vanskelig navn å søke på i DN, men lett å finne fram til i RN sitt navn og stedsregister. Slå opp på Kvam. Der finner du blant annet noen saker som gjelder noen nausttomter, og i den forbindelse vitnemål som gir et usedvanlig innblikk i slektskapsforhold på 1300 tallet. Påstand: Alle de store gamle ættene i Hardanger, inkl.Aga ætten er forbundet til Sandven.Til 9. Hvorfor skulle det ikke være dette godset?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Finn Oldervik. Det kan godt vere at Ragna Jonsdatter var gift med ein slektning av Erling Vidkunnsson, men like gjerne er det ho som var i direkte slekt med Erling. Han hadde både Jon Arnesson og Ragna Erlingsdatter attover i slekta si. Skal du finna ut meir kring Erling si næraste slekt er boka I Balansepunktet , Sunnmøres elste historie , (Sunnmørsposten Forlag 1994) ein veldig grei stad å starte. Ang. Serk, so har vi både han på Austrått og ein på Grotle i Nordfjord tidleg på 1300-talet. Dei to kan for so vidt ha vore same karen. Erlend Serksson hadde hand om jord i Sogn, i Bergen by`s historie bnd 1 av Helle er det nemt ei sogneslekt der Serk Brynjulsson er sentral.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Til 10: Du stiller feil spørsmål. I staden må ein spørja: Kvifor _skulle_ dette godset vera gammalt 'Sandvin-gods'? Det er den som set fram påstanden som også har bevisbyrda.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Finn Oldervik. Litt meir om namnet Serk og Romsdal kan ein finna her : Lenke. Utan at eg veit om dette kan ha nokon samanheng med spørsmålet ditt i innlegg 1.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Til 12Svar på feil spørsmål. Er i prinsippet enig med deg i at den som setter fram påstanden har bevisbyrden. Men hvis dette skal være et forum for reell meningsutveksling, må en også kunne stille spørsmål. Det er på grunn av det korte tidsintervallet, at jeg holder det for sannsynlig at det er dette som er Hardangergodset. Nå vet ikke jeg om du er interessert i en reell debatt, og/ eller om du har alt klart for deg hva gjelder Sandven, Vikøy og de impliserte ættene?.For å sette dette inn i en sammenheng for andre, regner jeg Håkon Erlingson, som sønn av den Elling Håkonson som er nevnt i DN nr 189, datert (Sandven) 8 des.1392-24. september 1393. Elling Håkonson, bror til Bjarne og Håkon. Det inngås her et forlik mellom Elling Håkonson og Karlshovud Bårdson, der sistnevnte på vegne av sin far Bård Karlshovudson, hans mor Magnhild Arnvidsdatter og broren Svein om arven etter Herborg Petersdatter. Elling skulle eie Herborgs part i Sandven, mens Bård og hans sønner Ellings part i Kaldestad og Indre Ålvik.Jeg må selvfølgelig ( dog som et barn noe motstridende)stille meg åpen for at det kan være kommet inn gjennom noen av de mange makeskifter som finner sted.Da velger jeg å begynne med Margreta Torbergsatter og Ivar Erlingson i håp om få noen forbindelser til Overhalla og Namdalsfylke.Orig (perg): UB Bergen. Trykt: DN VIII nr 47.Nr: 508 Dato: 1341 okt 2 Sted: Berge i Strandebarm Regest: Vitnebrev fra Sigurd galte og Greip Toreson: De var samme dag på Berge i Strandebarm [vndir berghi a Strond], da Margreta Torbergsdatters gods ble talt opp på Ivar Erlingssons gård, på deres bryllupsdag. Det var 120 mark forngilde i klær, korn og husgeråd, 10 øre i gullsaker og 5 1/2 mark i forgylte sølvsaker, og 1 sølvskål til 12 øre. Av jordegods var det 15 mmb i Flatebø i Hardanger, 13 1/2 mmb i Aksnes, 12 1/2 mmb i Sætveit, 3 mmb og 1 pundsbol i indre Ålvik, dessuten i Namdalsfylke 19 spann i Gansmo og Kattmarka. -- Ivar gav Margreta 8 mark gull i tilgave, og dertil 8 mmb og 1 pundsbol i Sandven i Vikøy sogn. Av dette godset skal Margreta ta 120 mark og gi til hvem hun vil.Beseglet av utstederen, Arnbjørn Torleiksson og Ivar Erlingsson.Dette er håndfast heimafylgje som ikke kan lagres rundt omkring på bygda. Margreta Torbergsdatter eier 3 mmb og et pundsbol i Indre Ålvik, og hun får en part i Sandven av mannen Ivar Erlingson som tilgave. Men hun eier også gods i Namdalsfylke, Gansmo og Kattamork. Den eneste interessante forbindelsen jeg har funnet er Audun Torbergson, nevnt i RN nr 593 (1309, april 12-juni 13). Eier Erling Vidkunson noe i Namdalsfylke?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Finn Oldervik. Du kan også sjå nærmare på testamentet til Bjarne Erlingsson fra 1309 Lenke Der er det nemnt ein bror/brorson Jon, som eg ikkje trur er nærmare identifisert i faglittraturen. Han KAN f.eks høve som far til Erling Vidkunnsson si frendekone (2 brev 1347) Ragna Jonsdatter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Det fanst to riddarar Serk først på 1300-tallet, Serk Samsonson i 1303 (DN XII-39)og Serk Peterson i 1309 (DN IX-82). Steinnes har rekna med at Serk Peterson er den samme som riddaren Serk på Austråt, nemnd både i 1309 og 1311, og jamvel riddaren Serk på Grotle, nemnd i 1315 (og i Bjørvins kalvskinn). Steinnes har, utan tvil, ikkje vore klar over at det fanst ein riddar Serk Samsonson på denne tida.Erlend Serkson i 1331 var tvillaust son av ein riddar, sidan mora var riddarenke (fru Ragna), og når han skaffa seg gods på Nordmøre, som då også omfatta Fosen (med herregardane Rein og Austråt), er det likt til at han var son av riddaren Serk på Austråt.Når Erling Vidkunson kunne bytte vekk det som godt kan ha vore eldgammalt giskegods på Nordmøre til (riddarsonen) Erlend Serkson, kan grunnen ha vore at Erlend var den 'næraste' til å ta over slikt gods, dvs at han hadde odelsrett til det.Skal vi følge Steinnes var riddaren Serk, først på Austråt og sidan på Grotle, gift med ei Ægeleif fra Austråt. Det einaste som er visst er at herr Serk på Grotle (eller kor han budde) var gift med ei Ægeleif, og at Ægeleif kan ha vore søster til Baugeid Steinarsdatter.Men riddaren Serk, som var far til Erlend Serkson i 1331, var i vissa gift med fru Ragna, som også var mor til riddarsonen Erlend Serkson, og denne Erlend kan neppe ha hatt tilhald anna enn på den tids Nordmøre, rimeligvis på Austråt, for korfor skulle han ellers bytte til seg gods i dette området?Då Steinnes i 1971 'slo fast' at riddarane Serk på Austråt, Serk på Grotle og Serk Peterson var éin og samme mann, visste han tvillaust ikkje at det i 1303 fanst ein norsk riddar Serk Samsonson. Hadde han visst dette, ville han kanskje ha vore meir varsam med påstandane sine. Når vi no har fått 'delt' herr Serk i to samtidige riddarar, er det kanskje mulig å komme vidare?Takk til Leiv Magne for 'funnet' eller påvisinga av makeskiftedokumentet fra 1331, for eg har lenge undra meg over kor Giskegodset sitt nordmørsgods blei av. At Erlend Serkson si riddarenkemor, fru Ragna, kan ha vore den samme som Erling Vidkunson si (trulig) sunnmørske 'frendkone' i 1347, Ragna Jonsdatter, er vel også mulig, men nett no klarer eg ikkje å sjå samanhengen for meg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Det kan virke som om Sigurd Fyrd er sentral for forståinga av dei andre personane og det generelle innholdet i disse breva. Eg kjem attende med meir, kanskje alt i kveld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Sigurd Fyrd, ein eller to personar, Hermundsson eller Eindridesson?Sigurd (Hermundsson) Fyrd vart i 1347 stevna til Veøy av Erling Vidkunnsson [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=1411&s=232&str=>Lenke og Lenke .Nokre år før denne konflikta med Erling Vidkunnsson, finn vi ein Sigurd (Eindridesson) Fyrd som ombudsmann for Erling sin son Bjarne Erlingsson d.y. Bjarne er på denne tida i riksrådet og er sysselmann i Jemtland Lenke . Den samme Sigurd (Eindridesson) Fyrd er og i hardt ver noko seinare med Kong Magnus Eriksson og hans ombudsmann i Jemtland, Nikolas Petersson djakn Lenke og Lenke .Det er vel mogleg at disse to Sigurd Fyrd personane er ein og same mannen, og at unge Bjarne Erlingsson her hadde ein særdeles ivrig kar i si tjeneste. Ein kan vel heller ikkje utelukke heilt at konflikta med både Erling Vidkunnsson/Ragna Jonsdatter og Kong Magnus Eriksson skuldast at han var ivrig i tenesta til 'herren' sin, og ikkje at han direkte gjorde noko forsøk på å berike seg på Erling/Ragna eller kongemakta si bekostning. Det bør også nemnast at den einaste Sigurd Eindridesson eg elles har funne, er ein som holdt til på Silset på Nordmøre i 1343

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Hermundsson Vigerust

Fru Ragna Jonsdotter var 2. gang gift med en mann, og denne mannen (Pål Pålsson) var Bjørkøy-ættens nære frende. Pål selv var vel av Giske-ætten.Ragnas jordegods kom senere i slekten Tre Rosers eie, antageligvis arvet fra Erling Vidkunsson via datter Ingebjørgs datter Agnes' datter Katarinas datter Agnes, som var herr Alv Knutssons (Tre Roser) mor, som igjen var fru Gjørvel Fadersdotters (Sparre) morfarfar. Fru Gjørvel donerte dette godset - Kårbø på Lesja - , 1586 til kong Frederik II, og godset var da kommet under Taulstad hovedgård i Vågå. Det finner fortsatt kunnskap om enkelte av Ragnas jordebrev som kom til København med fru Gjørvels gave, som ennå ikke er med i Dipl Norv.Jeg vet imidlertid ikke om slekten Tre Roser kan ha arvet godset direkte fra fru Ragna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Den Sigurd Fyrd som er nemnt i 1347 må tydeligvis ha vore Erling Vidkunson sin ombodsmann, helst kanskje 'futen' hans i Romsdal, sidan Erling Vidkunson stemner han til Veøy for ikkje å ha levert leidangen på to år (og heller ikkje betalt 'leidangsfall', som kan vere ei bot for ikkje å ha levert leidangen). Det var neppe tale om Sigurd Fyrd sin eigen leidang (for han var helst leidangsfri), men om leidangen av eit større område.I så fall ville Sigurd Fyrd stå i samme tilhøve til Erling Vidkunson, som 'han' gjorde til sonen Bjarne Erlingson i Jemtland nokre år før. At denne mannen heitte Sigurd Eindrideson Fyrd er vel heva over tvil.Men i det eine brevet fra 1347 er 'han' altså utstyrt med patronymet 'Hermundarson'. Kan dette vere ei feillesing fra diplomatarieutgivarane si side? Tor Weidling på Riksarkivet kan kanskje svare på dette.Ellers er det verdt å merke seg at Erling Vidkunson i 1347, i to brev, omtalar frendkona Ragna Jonsdatter utan tittel, og dette kan vel i seg sjølv tyde på at ho ikkje var lik den fru Ragna, mora til Erlend Serkson, som er nemnt i 1331. Av testamentet til Bjarne Erlingson fra 1309 ser det faktisk ut til at han hadde ein brorson Jon (takk for påvisinga Leiv Magne!), men at denne Jon hadde samme høge stand som farbroren Bjarne Erlingson og (halv)broren/søskenbarnet Erling Vidkunson er ikkje gitt. Dermed er denne Jon ein god kandidat som far til Ragna Jonsdatter, men derimot ikkje som far til fru Ragna, mora til Erlend Serkson.I testamentet til Bjarne Erlingson er det ellers nemnt ei Øygerd, som var søsterdatter til kona hans, fru Margrete Nikolasdatter, den mest høgætta dama i Norge. Øygerd var derimot ikkje like høgætta, ser det ut til. Kva hendte med Øygerd, som enno var ugift i 1309?Her er mange lause trådar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Sidan det var eg som starta denne tråden, så må eg seia meg lei for at arbeidssituasjonen akkurat no er slik at eg har dårleg om tid til å følgja opp.Eg vil likevel nytta høvet til å takka dei som tek del i debatten. I det siste har det kome fleire interessante innspel og eg synes sjå ymse samanhengar etter kvart. Eg vonar å koma attende med eit lite innspel i løpet av det første døgeret.Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Tore, dei jordebreva til Ragna Jonsdatter som kom til København med fru Gjørvels gave og endå ikkje utgitt? skulle eg gjerne hatt ein kopi av. Der finnast kanskje eit persongalleri og, og som kan gi oss noko nytt? Pål Pålsson er vel same som Nidaros-kanniken med same namn, og som er nemnd i 1330 åra.Ja Bjørn, Øygerd ja, der har du ei. Eg har leita ein del for å sjå om eg kunne finna noko spor etter henne, men utan hell hittil. Brorsonen Jon arva jordegods i Sogn, nemmeleg: Thalgeszether i Sogn medt saaden forord, att hand huerchen schall bytte eller selge bortt eller i andre maa- der affhende, och om hand iche bekommer echt liffs arffuinger, da schall samme goedtz falde wnder mig och mine arffuinger igenn, der till gaff [iche91 hannem [ænda Foro medhtin92 szamme schilorde. Jon skal vist også, jmf.RN, vere omtala som bror til Bjarne Erlingsson i Bjarkøy i eit historisk skriv (hs), men utan at eg veit kva for eit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Ja, Tore, du omtaler Ragna Jonsdatter som ein gammal kjenning... Kva veit du meir om ho enn det som går fram av dei to breva fra 1347? Der går det fram at ho (ikkje fru) var Erling Vidkunson si frendkone, og at ho hadde eigd noke jord som seinare var komme i eiga til ein Pål Pålson, men det står ikkje at ho var gift med denne Pål: LenkeVi er vel mange som ventar i spenning på opplysningar om den 'andre' mannen hennar og, ikkje minst, om jordegodset hennar, fru eller ikkje fru.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Hermundsson Vigerust

Jeg har sikkert blandet sammen personer med samme navn her. Men en Ragna Jonsdotter eide 1334 Kårbø på Lesja, og hun var gift med Pål Pålsson, men hun kalles ikke frue i dette brevet. Hun førte et våpen med tre stjerne på skrå nedad fra venstre til høyre side. (Gerhard Schøning: Reise som giennem en deel af Norge i de aar 1773, 1774 1775 paa hans majestets kongens bekostning er giort og beskreven af .. , III, Gudbrandsdalen (Tapir forlag 1980), s. 12. Teksten bygger på Hirtzholms norske våpenbøker, forfattet på slutten av 1600-tallet. Her finner en også våpnet gjengitt, med den samme teksten. Diplomet 1334 er nå tapt. Men jeg regner med at diplomet tilhørte fru Gjørvels samling, som kom til Kbh omkring 1599 i forbindelse med hennes donasjoner. Mange av brevutdragene til Hirtzholm stammer fra denne samlingen. Kårbø inngikk i Tre Rosers godssamling, som beskrevet i forrige innlegg. Jeg antar det er samme kvinne Ragna Jonadotter. Pål finnes vel også i andre kilder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.